Utlandet.

 
Det danske Folkething vart uppløyst Tysdagen den 10de. Den nye Raadleggjingi i Nemdi um Laanet aat St. Croix førde ikkje til nokot. I Folkethingsmøtet den 9de sagde difyr Finansministeren, at han ikkje vilde funnet det verdt aa tala meir i Saki, um han ikkje sameDags Morgonen hadde fenget eit Telegramm fraa Landshøvdingen paa St. Croix, som hadde gjort det til uumgjengeleg Skylda aa paanytt leggja Thinget paa Hjartat, at det laut skaffast snar Hjelp. I eit Kveldmøte vart Forslaget aat Regjeringi forkastat; men Winther aamaalad paa eit nytt privat Forslag um nokot Hjelp strakst og aa setja ned ei Nemnd til aa granska Tilstandet der i Vestindia. Forslaget vart framsett i Møtet den 10de December. Daa var det alt avgjort, at Thinget skulde verta uppløyst. Winther ordad um, at som Sakerne daa stod, vilde han nøgja seg med aa upplysa, at hans Forslag kom det Krav til Møtes, som fraa alle Sidor var framsett um aa faa nedsett ei Nemnd, og dernæst Kravet aat Regjeringi um augneblikleg Hjelp ved aa lata til eit Laan paa 300,000 Krunor aat Vestindia. Han totte, det Høvet som var valt til aa uppløysa Thinget var langsøkt; for han hadde sett fram Forslaget sitt etter Tilstøring fraa ymse Sidor i Thinget, so det var Von um, at det kunde koma til Semjing. Forslaget var aa taka som eit Stig fraa Thinget si Sida til aa sleppa aa leggja den ringaste Vanskjen i Vegen fyr Regjeringi. Det vart sett nytt Møte til Kl. 2 ½. Daa kom Fyrsteministeren med eit opet Brev fraa Kongen um at Folkethinget var uppløyst.
           
Etter dei sidste Tidender fraa Afghanistan ser det mest ut til, at Emiren ikkje er Kar fyr aa gjera nokot Motstand, og at Engelsmennerne er meinte paa aa slaa seg igjenom alle Vandemaal, som Lendet og Vedraatta legg i Vegen fyr deim. General Roberts hev dreget seg til Nyttes dei Fyremuner, han vann ved Inntakingi av Peiwartronget. Det skal vera Meiningi hans aa naa fram til Tronget ved Shaturgardan. Dette ligg paa Vegen til Kabul, og Vegen til Ghozni hev han teket av fyrr. Det er trulegt, at Roberts vil leggja Heren sin i Veterlæger i Bygderne anstanfyr Peiwar. Den næmaste Etterfylgdi aat Sigeren er, at dei Folki, som bur anstanfyr Shaturgardan, strakst vert sette under engelsk Styring, og det med den Meining, at dei ikkje skal koma undan att. At Emiren ikkje tykjest hava Mottak mot Engelsmennerne, er det ogso likt til av det, at han endelig etter Inntakingi av Ali Musjid hev sendt eit Slags Svar paa Lord Lyttons Ultimatum; um det ikkje er nokot Fredsforslag, so held likevel dei fleste det fyr aa vera eit Teikn paa, at Emiren held si eigi Sak fyr vonlaus.
           
Ordkastet um den engelske Politik i Afghanistansaki tok aat i det engelske Riksthing Maandagen den 9de December. Torsdagen i fyrre Vika leet Motstandsflokken gjenom Lord Hartington so, at det daa var mest Uraad av segja nokot visst um Politiken aat Regjeringi, fyrdi den Blaaboki, som var framlagd um den Saki var so forsett diger, men um Fredagen er det likt til at det liberale Parti hev skift Meining. I Underhuset aamaalad Whitbread paa eit Forslag til eit endeframt Mistillitsuttal mot Regjeringi, som Hartingtong vil ganga med paa.
 
Det er likesom Trui paa, at Freden vil standa ved Lag, hev fenget ei Styrkjing ved den engelske Trontalen og ein Tale, som den ryske Kjeisaren heldt i Moskau, daa han var derinnum. Greive Shuvalov skal ha fenget med seg dei forsonlegaste Fyresegner til den britiske Hovudstaden, og det er fortalt, at det fredsame Stykkjet i Trontalet vart innsett, fyrdi den ryske Utsendingen gav viss Lovnad um, at Ryssland ikkje vilde vise seg fiendlegt imot England korkje i Europa elder Asia.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum