Den totenske Prestehistoria.

Den totenske Prestehistoria. Um Visitatsmøtet i Øystre Thoten skriv ein Innsendar i ”Bergensposten”: ”Repræsentantarne av Kyrkjesamnaden vart spurde av Provsten, um dei hadde nokot aa klaga yver. Provsten sa fyrst: ”De veit alle, mine Herrar, kvat som er hendt Prest Steen”. Prest Steen tok atti: ”Eg stend til, at eg hev tekjet i Mist; eg hev fraa alle Autoritetar, Provst, Bisp og Kyrkje-Departement, fengjet uttalat det største Mishag med mi Ferd, eg hev tekjet mot Tilrettevisingi, eg angrar det, eg hev gjort, og hev bedet Gud um Tilgjeving, meir kann eg ikkje gjera.” Paa nytt Spursmaal av Provsten, um dei ellest hadde nokot aa klaga yver, svarade dei alle: ”Nei, me er vel nøgde med Prest Steen.” Detta vart daa protokollerat. Provst Dietrichson hev, som kjennt er, gjevet ei onnor Framstelling. Kven hev so Rett? – Um Saki ellest upplyser Innsendaren, at Prest Steen ikkje hev 15 Hestar paa Garden – Garden hev han burtpaktat – men Rett til aa raada berre yver 2 Hestar, og at det var so uheppelegt, at den Dagen, Bonden Holmstad kom og kravde Soknebod, var den eine av Prestens Hestar sjuk og den andre burte, so Presten ikkje kunde faa Hest, minders han sendte Bod til Skjutsstationen, som lig helder langt burte. Forpaktaren hadde i den krappaste Vaaronn Bruk fyr alle Hestarne sine. Innsendaren, som prøver aa forsvara Presten, - endaa talar um, at ”Logi baud” Bonden aa skaffa Hest, og tymtar paa, at Presten ikkje visste, at den Sjuke laag fyr Dauden, ser seg likvel ikkje i Stand til aa reinvaksa Hr. Steen fyr, at han ikkje bodsende Kaldskapellanen. – Det gled oss, at det daa er nokot, som talar til Bate fyr Presten. Me hev helder aldri tvilat um det. Men Innsendaren i ”Bergensposten” hev ikkje eit einaste Ord til Forsvar fyr Hr. Holmstad, som ogso hev vortet tilrettevist; han skriv soleids ikkje fraa eit upartisk Synspunkt.
 

Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum