Ein Fritenkjar.

Ein Fritenkjar.
Ei Forteljing or Samtidi.
V.
 
(Framhald fraa f. Aarg.)
 
”Ja ja!” ropad Flint, ”men det er sannt! Skulde ein Fut taka Kristendomen paa same Maaten som ein Prest, kor gjekk det so med Skatten? - Nei, ser De, kvar Skomakar skal vera ved sin Leist, og kvar Fant i sin Fjordung. Men De, Hr. Hauk, som er Theolog, og Son aat Prosten ...ja, som Hr. Kapellanen sagde, eg vil ikkje spyrja beintfram, um De er Kristen; for det er ei Samvitssak, som Kapellanen sagde; men eg vil segja som Kapellanen: at etter ymist av det, som De ikkje hev sagt, so ser det ikkje ut til, at De tek Kristendomen som ein Teolog bør taka ’n, og serleg ikkje som vaar gode Vert, vaar høgvyrde Hr. Sokneprest, tek ’n. Og naar De ikkje gjer det, so bles eg i heile Kristendomen Dykkar – um eg so maa segja. Lat oss no høyra, Hr Hauk! De hev voret i Paris, De; De er liksom ein Autoritet her paa Berget no. Reint ut, Gut!”
 
”Ja – reint ut!” bad Presten, som ikkje hadde voret med i denne Samtalen, men smaadrøst med Klokkaren og ein av sine Medhjelparar og alt i eit glytt burtpaa Hauk liksom i Uro. ”Du veit, Hauk, at eg set Pris paa di Meining.”
 
Dei var no ferduge med Maten. Hauk drog Stolen sin attende og saag med ein Kaldflir utyver Laget. ”No hev me havt so god Moro,” sagde han, ”at det var Synd aa skipla Godlaget ved aa koma inn paa aalvorlege Ting”. Balle gav Presten eit talande Augnekast, Bordbøni vart fraa-seg-gjord i ein Hast, og dei stad tagalle fraa Bordet.
 
VI.
 
Hauk fekk Hans med seg og smatt ut. Presten saag etter Hauk med eit underlegt dragande Augnekast. Han kjende Trong til aa tala ut med denne Mannen. Han maatte forklara seg fyr honom, forklara kvat det var han hadde meint. Han hadde ikkje tenkt det paa den Maaten som desse Styvingarne her tok det. Han var komen i laakt Lag her; det var ikkje slike Folk han hadde tenkt aa ofra seg fyre. Ikkje eingong Kapellanen . . . den gamle Presten saag kaldt burt- paa ’n, som han stod der og talad med Kaksen Aasrud -: ’kor dum han ser ut -!’ Mot sin Vilje kjende han Age fyr denne unge Mannen Hauk, med hans klaare Vit og hans djerve Tankar; han maatte tala med honom, han maatte faa honom til aa forstaa seg, han maatte prøva aa faa Greida paa kor han vilde . . . Men paa same Tid kjende han mest som eit Hat til honom. Denne Kaldfliren, denne Mine av aa vere klokare enn hitt Folket, detta storlaatne, kaute, som sagde: ”eg gjev Dykk ein god Dag alle ihop, for eg eig Framtidi!” – aah, det var utekkjelegt, det var ugodslegt, det var stygt . . . . Presten greip seg i eit Ynskje um, at Hauk eingong maatte koma i slik Sjæle-Naud, at han fekk kjenna seg armare og usælare enn alle andre -!
 
Men dei tvo Studentarne sat saman paa Gjestekammerset. ”Ha – ha”, lo Hans, ”du var hard med Kapellanen i Dag!” ”Pøh, den Idioten!” svarad Hauk. ”Han skulde havt mykje meir.” ”Ja,” sagde Hans, ”han treng visst alt han kann faa . . . endaa Stakkaren mener det nok ærlegt.” Hauk vreid paa seg. ”Eg vyrde ’n meir, dersom han var Hyklar,” sagde han. Hans sette Augo. ”Jau!” sagde Hauk. ”Innunder Hyklarkaapa er der daa Traass; men her....Naa - ja! nok um det. Det er sant, du -: eg reiser i Morgo.” ”Er du rusk?” ”Eg maa heim til dei Gamle. Grunnen til, at eg tok inn-um her . . . ja den veit du væl ikkje -?” Hans mylte og saag fult paa Hauk. ”Ein hev altid sine Tankar,” sagde han. Hauk kjende han vart raud, stod upp og tok ei Vending att og fram paa Golvet. ”Ja-ja,” sagde han, ”du ligg no ’kje so langt or Leid.” Hans vart med ein Gong aalvorleg og treiv Hauk i Haandi. ”Kjære Ven!” sagde han, ”du veit ikkje kor glad eg vilde vera, um det vart av.” Hauk gav ’n Haandtrykket att, men tenkte med seg: ”Naar det vert av, hev eg knapt Bruk fyr deg lenger.” – ”Veit du, kvat ho tenkjer -?” spurde han stillt. ”Eg hev lagt Merkje til henne i Dag.” ”No -?” ”Fyrr hev eg trutt, at ho var glad i deg; no veit eg det.” ”Hm.” - Hauk vilde gjerna visa seg roleg, men han skifte Liter som ei Ungmøy.
 
”Gjer det av strakst, - det er mi Raad!” sagde Hans med kviskrande Mæle. ”Og kann eg vera deg til Hjelp, so veit du eg vil!” Han smilte av Gleda, svingade seg rundt og gneid Henderne. ”Eg er so glad som det var meg, det galdt!” sagde han.
 
”Ja, eg maa tala med henne,” sagde Hauk. ”Det er lett gjort!” meinte Hans; ”me fær henne med oss ut paa ein Tur . . . eg gjeng med eit Stykkje, so lengje til eg tenkejr du er ferdug med Friartalen – ha-ha-ha! det skal strakst vera gjort!” Han flaug ut.
 
Det kom so braadt detta, at Hauk vart reint som tryllt. ”Er han galen?” tenkte han. ”Kann eg tala med henne no?” – Han rette seg upp og saup etter Anden. ”No -? no -? i denne Stund?” Han skalv; det gjekk kalde Straumar ned gjenom Bringa hans, og Panna vart sveitt. ”Aldri i mine Livedagar hev eg voret so modlaus!”
 
- Men nede i Stova sat Kapellanen og talad med Presten. ”Me skal Ingen døma,” sagde han, ”for Gud aaleine kjenner Hjarto. Men det maa eg segja, at eg hev mine store Tvil um den Manns Kristentru. Eg hev lagt væl Merkje til honom, og serleg no ved Bordet idag, og den Maaten, han vrid seg fraa alting paa, er meg – mildast sagt - mistenkjeleg. Dessutan, alt det Lag han legg paa ”Kulturen”, og ”Humaniteten”, og den vyrd- lause Maaten han stundom umtalar Kristendomen paa, det viser til Fullnad, at han ikkje lenger er av vaare. Det er ein saar Tanke, men eg kann ikkje verja meg mot ’n, at han der ned i detta nye Babylon, detta Paris, hev komet burt fraa sin Barndoms Gud og lært aa bøygja Kne fyr denne store Skjøka, som dei no kallar den ”frie Tanke.”
 
”De er for streng, Hr. Kapellan,” sagde Presten og drog ein tung Sukk. ”At ein Ungdom som han kann koma til aa tvila paa eit og annat, og fyr eit Bil kanskje rivast med av ein og annan Tidstraumen, som ber burt ifraa Barnetrui – no ja, slikt hender dei fleste i den Alderen. Eg kann hugsa eg sjølv var ille ute eit Bil i dei Aari. Den Gongen var Rationalismen uppe – drogst meg Dauden, men var uppe -; og eg maa med Skam segja, at eg . . . leet meg riva langt med. Det var ikkje langt ifraa, at eg leid Skipbrot paa Trui”. – Den gamle Presten talad laagt og sorgsprengt og ruggad stilt paa sitt kvite Hovud. – ”Eg tvilad endaa paa dei største Ting,” sagde han; ”eg tvilad paa Skapelsen i 6 Dagar, paa Syndflodi, paa . . . paa Kristi Underverk, paa . . . ja det var ei Tid, at eg mest . . . tvilad paa sjølve Uppstandelsen. Aa Herre Gud -! – Men daa eg vart eldre, og fekk lært meir, og saag, kor detta bar av, so kom eg snart etter, at her hadde eg voret ute paa ville Vegjer, og so fekk eg Gud skje Lov Naade til aa snu heilt um og attende til mi gamle trygge Barnetru. – Og so gjeng det med alle, d. e. med alle a alvorlege Naturar. Ungdomen maa rasa, som Luther segjer; den eine fær det paa ein Maate, den andre paa ein annan; Hauk, som er ein tenksam, aalvorleg ung Mann, hev no fenget det med tvil. Men Vaarherre vil nok hjelpa honom fram. Han hev ei god, kristeleg Moer, som bed fyr honom; Gud held nok si Haand yver ein slik. Lat ’n tumla seg ei Stund paa dei ville Vegjer og sjaa, kor langt han kjem; tilslut vil han nok, som den fortapte Sonen, koma i Hungersnaud; men daa kjem dei varme, ljose Barneminni upp i honom og dreg honom heim att.” -                                           
(Meir.)
 


Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum