Utlandet.

Krigen millom England og Afghanistan er, som fyrr fortalt, reknande fyr slutt. Shir Ali hev flutt yver paa rysk Grunn, og Sonen Jakub Khan, som i lang Tid hev voret Uvener med Far sin og halden i Fengsel av honom, kjem truleg til aa verta Emir av Afghanistan etter honom. Fyr Tidi skal Jakub Khan vera i Jellalabad *1) og tinga med den engelske Yvergeneral. Til dessa er det ikkje komet nokor viss Tidend derifraa, men det er haldet fyr mest evlaust, at det vert greidt soleids, at Jakub kjem til aa taka Sæte paa Afghanistans Herskarstol, og at Freden vert gjord. Dei engelske Blad dryfter med stor Ihuge dei Fredsvilkor, som bør setjast upp, og dei er nokolite samde um, at dei vel bør vera hovsame, men likevel slike, at dei til Fullnad tryggjer dei indiske Grensor fyr Framtidi. I eit Brev til Journal des Dèbats fraa London av 27de December heiter det: ”Ifall Shir Alis Son strakst gjev seg under, vil Afghanistan faa halda og hava si Sjølvstøda, soleids som Vicekongen lovad i sitt Upprop ved Byrjandet av Krigen. Han maa setja Aabyrgslor fyr si Framferd heretterdags, samtykkja i aa taka imot engelske Officerar paa Nordgrensorne sine, i Herat og paa andre Stader, men meir vil ikkje verta kravt, for England vil ikkje vika fraa den Politiken, som i 1875 vart avtalad med Ryssland: ”Eit sjølvstendigt Afghanistan under engelsk
 
Innverknad, eit sjølvstendigt Bokhara under rysk Innverkn.” Til aa gjera Krigspartiet til Lags kann det likevel henda, at Dalsmunnarne i Grensefjelli vert sette med Smaafestningar. Fraa sume Leider er det paastadet, at det er den Faaren ved dette, at det ikkje er Raad aa stana. Postarne vil vera stadde midt ibland halvville Folk, som liver av Herjing og Røving, og som verta i Age haldne med Vaapenmagt; Grannarne deira vil gjera seg fortent til Refsing; lite um Senn vil Engelsmennene verta nøydde til aa stiga ned paa Sletta; snart vil dei standa ved Oxus, og Afghannistan er daa ikkje til lenger.
 
Bismarcks Julegaava aat det tydske Folk. Stortidendi i Tydskland no um Dagen er eit Brev fraa Bismarck til Sambandsraadet til Forsvar fyr Tollvernskipnaden. I den vaksande finansielle og industrielle Urid, som hev komet yver det nye Kjeisarrike, hev Bismarck funnet det raadlegt aa freista aa skapa eit nytt national-økonomiskt Grunnlag fyr Riket og Folket ved aa auka Tollen paa alle Varor, som vert innførde fraa Utlandet. I tri Aar elder meir hev det i Tydskland kvilt Tyngd, kannhenda større enn nokon annan Stad paa fleire av dei største Arbeidsgreiner, og serleg hev den tydske Jarntilverknad lidet under fullstendig Vant paa Etterspurnad, so Tilstandet er so grøtelegt som moglegt baade fyr Arbeidarar og Arbeidsgjevarar. Frihandelsvenerne hev i dei siste Maanader, daa det var merkjande, at eit Umslag laag i Lufti, gjort store Itak baade i Bladi og Møte, men faafengt hev det voret, er det sjaaande til. Brevet er sendt til ei Tollnemnd, som nedsett av Sambandsraadet, men fleire av dei tydske Regjeringar, jamvel dei, som er hugade på Vernskipnaden (Protektionssystemet) vil likevel setja seg tvert imot aalmenn Innførsletoll paa utlandske Varor, og dei skal alt i sidste Møtet aat Sambandsraadet ha haldet fram sine Meiningar i so Maate.
 
*1) I Utanlandsstykket i fyrre Numret stod det, at Shaturgardan vart hersett den 20de December; det var misskrivet fyr Jellalabad.


Frå Fedraheimen 04.01.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum