[Hermed fylgjer]

Hermed fylgjer eit Prøve-No. paa Fraa By og Bygd. Detta det eldste Maalbladet vaart maa haldast uppe. Bergen, som fraa fyrsto hev voret som ein Hovudstad fyr det norske Strævet, maa framleides vera med i Arbeidet. No, daa baade Nordland og Austland legg si Haand til, maa Vestlandet ikkje saknast. Vestmennerne hev i Maalvegen - den beste Traaden aa slaa inn i vaar store Tvinding. Og det minnste me kann gjera dei til Takk fyr deira lange, trufaste Arbeid gjenom ljose og laake Tider, det er aa samla oss um dei, so dei kann faa halda fram med eit kjært og godt Yrkje.
 
Tidsskrifti er so billeg, at me maa vera mange um henne, skal ho greida seg. Og di fleire me er, dess betre og rikare Innhald vil ho kunna gjeva oss. Ho maa med Tidi kunna veksa upp til eit Slags norsk Revy elder Rundsjaa, um ho fær god Studning og god Hjelp; men alt no gjev ho fullt Vederlag fyr sine Pengar.