[Storthinget.]

Storthinget. Laurdag den 1ste Marts vart vald til Formann Joh. Sverdrup (88), Varaform. B. Essendrov (79). Skrivarar Havig og Bjørnsgaard. I Odelsthinget: Sørenssen Formann (52) og Steen Varaform. (63). Skrivarar Øverland og Skattebøl. I Lagthinget: Daae uppattvald Formann (24) og Smitt Varaform. I Val-Nemndi vart alle 11, som gjekk ut, uppattvalde. Steen med dei fleste (96) Røyster og Motzfeldt med det lægste Røystetal (58). Til Reisehjelp aat Haandverkarar vart gjevet 8000 Kr., endaa Budget-Nemndi hadde innstillt paa berre 4000 Kr. Dei andre Saker gjekk etter Innstillingerne, deribland Bøn til Riksstyret um aa leggja fram Forslag um Auking av Hypothekbankens Grunnfond. Maandag d. 3 Marts Odelsthing. Logforslaget um Sereigedoms- Rett fyr Egtefolk vart med 40 mot 36 Røyster utsett til eit annat Thing etter Forslag av Øverland, som meinte, at Folk ikkje enno hadde fengjet Høve til aa setja seg inn i Saki; ho var fyrebudd av ei Nemnd paa 3 Mann, og han var stød paa, at ikkje 20 Medlemer av Thinget hadde tenkt aalvorlegt yver Logi. Eit Forslag av Sivert Nielsen um, at Saki skulde sendast Fylkesthingi og Heradsstyri, fekk berre 20 Røyster fyr seg. Logforslaget um Umskrivning til metrisk Maal og Vegt av ymse Forskrifter i Skydslogi vart vedteket samrøystes. Innstilling um Negting av Stiftsyverrett i Hamar gjekk likeins igjenom samrøystes.