Bør me kaupa Aurshirekjyr?

Hr. Jakob Nøstviks Svar paa dette Spursmaalet gjer, at eg maa taka Pennen til eit litet Motlegg.
           
Det er væl so, at einstaka norske Kjyr kann mjølka likso godt som Ayrshirekjyr; men Ein kan ikkje gjera seg nokon heil Meining av slike einstaka Tilfelle. Etter Landbruksdirektørens Aarsberetning om de offentlige Foranstaltninger til Landbrugets Fremme Sida 327 og 330 fyr 1877 hev Stamhjorder af Kystkvæg i Medeltal mjølkat 1323 og 1506 Potter fyr kvar Ku, medan Ayrshirekjyrne ved Aas høgre Landbruksskule i Medeltal hev mjølkad 1790 Pottur. Ayrshirekjyrne er kanskje meir jamgode, og so hev dei ein Fyremun som er væl merkjande, og det er ei betre Kroppform, so dei gjev eit hævare Slagt. Naar dei norske Krøter, ved strengare Val av Aledyr og betre Fodring vinn ei jamnare, betre Kroppform, vil dei visst ikkje vera stort til atters fyr Ayrshirekjyrne; men ved aa kryssast med desse, vil dei truleg vinna fram snarare. Vinningi med aa kaupa Ayrshirekjyr er soleids ikkje berre endefram, og det krev eit klaart Skyn til at bruka dei til Gagns; men detta læt seg daa visst gjera, helst i Bygder der Jordbruket er meir utviklat, og Kjyrne fodrast riklegare. Um der slike Stader, hjaa den aalmenne Landmann er Trong til betre Dyr til Kryssning, kunne det ikkje vera av Vegen aa kaupa Ayrshirekrøter, helst Uksar.                                                     
- h