Ein Fritenkjar.

Ei Forteljing or Samtidi.
 
XX.
                                   
(Framhald.)
           
Dersom det endaa berre var Daapen! tenkte han; Daapen er ein tom Skikk og ingen Trolldom . . . Men vert Guten døypt, so skal han hava kristeleg Fostring; Kyrkja riv honom fraa meg; fyr meg vert han framand; meg vil han læra aa sjaa paa som ein Antikrist og eit Djevelsting; han vil ræddast fyr meg som fyr Kain, - han, min eigen fagre Son! Og Lygni og Hyklarskapen vil eta seg inn i hans Sjæl og Tanke, til han er øydelagd; dei vil leggja seg serlegum aa synkverva og tankebinda honom, fyrdi han er Son aat Fritenkjaren; han vil vera seld til Dauden og Reaktionen mest utan Von um aa slappa laus! Men Ragna? Ragna leid vondt; fyr henne var Guten eit Djevelsbarn, vigt til Domen, so lengje han ikkje var døypt! Hauk herde ikkje aa sjaa paa henne; han heldt seg fraa Huset so mykje han kunde, og hadde Samvitsverk som ein Syndar. Ragna saag, kor som til stod, og meir enn ein Gong sat ho bøygd yver Vogga og greet.
 
Ein Dag var Guten ikkje frisk; det hadde Ingenting paa seg, men likevæl sveiv det henne som eit vondt Hugbod -: enn um han døydde i Nott? Denne Tanken skræmde henne so upp, at ho sette seg fyre aa tala til Hauk strakst, anten so det skulde bera elder bresta. Her galdt det meir enn baade Liv og Lukka; her maatte alle andre Ting gløymast og sleppast.
 
Og same Dagen ved Middagsbordet, kom ho med det. Hauk vreid seg, men var likevæl glad yver, at Stundi endeleg var komi. No galdt det aa vera sterk; no galdt aa faa heil Uppgjerd.
 
Han sat og tenkte ei Stund; so sagde han: Fyrr eg kann svara deg paa det du her spyrr um, maa eg vita ein Ting. Trur du eg hev Samvit, Ragna?
 
Spursmaalet kom so braadt og so aalvorlegt, at ho stokk av det. Ja det maa eg væl tru -? sagde ho.
 
Trur du daa, at det finst Ting, som eg fyr mitt Samvit ikkje kann gjera? Elder trur du, at fyrdi eg ikkje trur paa det du trur, so er eg ein morallaus Mann, so det kann vera meg slik Slag, anten eg fer so elder so?
 
No raudnad ho. I Grunnen var det ikkje fritt fyr, at ho hadde tenkt nokot slikt. Den, som var utan Gud, var utan Andsvar, hadde ho lært, og det hadde ho i Grunnen trutt og. Men no vart ho liksom skamfull yver denne Tanken.
           
Trur du, tok Hauk atti, at eg er ein ærleg Mann, som trur paa mitt liksom du paa ditt, og at eg er moralsk bunden til mi Tru liksom du til di? Elder trur du at eg er ein Gap, som hev slengt mi gamle Tru fraa meg berre av di eg var leid av aa liva under moralsk Tukt, og som no ikkje kjenner meg bunden til nokot, men liver andsvarslaust og tankelaust etter som Hugen snur, liksom Villmannen i Skogen?
 
Spyrr ikkje so, bad Ragna.
           
Eg maa spyrja, svarad Hauk. Me maa gjera upp i Dag; det gjeng ikkje lenger aa vilja tigja burt det som skil oss. Eg veit du kjenner deg bundi til di Tru, og at du tykkjest hava Synd paa deg, dersom du gjeng imot denne Trui. No kjem det daa an paa, um du trur, at eg er ein andsvarslaus og dermed rettlaus Mann, so at du, ut fraa di Tru, hev Rett til aa driva din Vilje fram i mot min, - elder um du held meg fyr ein Mann med Samvit og moralsk Andsvar, og altso trur, at eg hev min Rett, ut fraa mi Tru, og at denne Retten i moralsk Meining kann vera jamgod med din, so at me altso kjem til aa samtinga um denne Saki. Eg maa vita detta, fyrr eg kann svara paa Spursmaalet ditt.
 
Ragna hadde bleiknat sterkt. I Grunnen hadde ho aldri tenkt seg desse Ting paa denne Maaten; at han, den Villfarande, Gudlause, i slike Spursmaal skulde hava nokon moralsk Rett mot henne, det var nokot, ho ikkje hadde komet paa. No fekk det heile ein ny Lit. Her drog seg fram ein Floke, endaa verre og endaa meir aalvorstung, enn ho hadde tenkt seg. Var han ein ærleg Mann, som trudde paa sitt liksom ho paa sitt, og som kjende seg samvitsbunden av si Tru liksom ho av si . . . so fekk han same Retten i denne Saki som ho, og sagde han daa nei, som han kanskje maatte gjera, kven skulde daa løysa Knuten, og kor gjekk det so med den vesle Stakkaren som i Vogga laag?
           
Hauk saag, at ho var i djupe Tankar, og at Tankarne tok henne sterkt. Ho var so rørande væn, som ho sat der, denne unge Moeri, som i hjarteleg Sut stridde fyr sitt Barns Sjæl, - ho var so væn, at ein Stein kunde graata! men Hauk heldt seg, og leet henne tenkja ut i Ro. Han kjende paa nytt denne øre, hugrame Lengten etter aa ofra henne alt, alt, like til si eigi Yvervitning, sitt eiget Vit og Syn paa det Sanne; men han heldt seg, beit Hugverken i seg og leet henne tenkja ut i Ro.
           
Endeleg sagde han:
           
Min Tanke um denne Saki hev voret den, at me burde venta med Daap og dei Ting, til Guten er so vaksen at han kann velja sjølv. Kvat Rett hev me til aa taka denne sovande Sjæli og binna henne fast til ei viss Tru, um so denne Trui var den sannaste av alle? Eg trur knapt eg vilde vaaga det, um eg var kristen . . . Guten sjølv er den einaste, som hev Rett til aa avgjera kvat han skal tru og tenkja; lat honom venta til han kjem so langt at han kann velja her; det hastar ikkje fyrr, og so tek han sjølv Aabyrgsla fyr Avgjerdi.
           
Ragna sat med Andlitet i Henderne og tagde. Hauk heldt fram, bedande og mild.
           
Barnedaapen er ikkje eingong fyresagd i Bibelen, sagde han, og han strider etter mi Meining likso væl mot Kristi Tanke som mot Mannstanken hellest. Kristus vilde ikkje Ufridom; han tok ikkje imot Trælar. Barnedaapen er ei Sjæle-Ofring, uppkomi i den Tid, daa Kyrkja var alt, Mannens Fridom Ingenting, daa det galdt meir um at Kyrkja kunde hava Hals og Haand yver kvar livande Kryp, enn det galdt um ærleg Tru og sann Kristendom . . . Lat Guten veksa upp fri! Lat oss ikkje binda honom korkje til det eine elder andre! Lat honom læra aa kjenna baade di Tru og mine Tankar, og naar han daa er til Vits komen, so lat honom velja sjølv etter si Hjartans Trong! So vert der Sanning i Avgjerdi, Fridom og Manns-Vilje i Valet. Tenk paa detta, kjære. Du maa tru, det er ikkje med god Hug eg segjer deg imot her; men eg kann ikkje vera med paa det, eg sjølv held fyr Urett. -