Eit sjuande Bispedøme.

Fyr nokot sidan stod der i eitkvart Bladet, at dei vilde hava eit nytt Bispedøme nord i Raumsdalen; dermed skulde Bergens Bispedøme skuvast lenger mot Sud, so det kom til aa innringa um Lag Helvti av Rogaland. Men her vilde me ikkje lika ei slik Skifting. Væl er det so, at Ryfylkingar og Jadar- og Dalbuar munnhøggst rett som det er; men skiljast vil me ikkje.
 
Me ser gjerna, at der kjem istand eit nytt Bispedøme: men detta som no alt hev voret mykje paa Tale, endaa millom Autoritetarne, er det sagt detta nye Bispedøme vil me hava paa Telemarkskanten, og so vil me hava vaar Bispestol flutt attende til Stavanger.
 
Det vil vera greid Sak aa skifta Kristianssands Bispedøme i tvo. Stavanger Bispedøme bør hava Rogaland og Vest-Agder, og det andre (Skiens?) Bispedøme fær daa Telemark og Aust-Agder, og vonleg dertil Vestfold, som no ligg under Kristiania Bispestol.
 
Rogaland hev gode Grunnar til aa krevja sin Bispestol flutt til Stavanger. For det fyrste hev denne Byen voret Bispesæte alt fraa den Tid daa her vart upprettat faste Bispestolar paa denne Kanten av Landet, altso fraa Fyrstningi av det 12te Aarhundradet, og radt til 1684. I det Aaret flutte den Bispen, som daa var, Jakob Jensen Jersin, til den nybygde Byen Kristianssand (grunnlagd paa eit Kongebod 1624), etter at det hadde brunnet tvo Gonger, helder hardt, i Stavanger, medan den danske Einvaldskongen (Christian IV) lagde seg etter med alskyns kunstige Raader aa hjelpa upp den nye Byen, i stor Mun paa Stavangers Kostnad. Fyr det andre betalar Rogaland til Bispestolen kanskje og til Upplysningsverkets Fond og til Kristianssands lærde Skule fleire Gonger so mykje som dei andre Amti i Bispedømet tilhopes.
 
Nokot Upptal yver Innkomurne til Kristianssands Bisp hev me ikkje fyr Haando. Fyr ikr. 30 Aar sidan vart det sagt um me minnest rett -, at Bispen berre av Rogaland hadde uppimot 3000 Spd. aarleg. Derav er væl no i seinare Tid nokot lagt til Bispestolen paa Hamar. Men med Avsyn paa Løni til den nye Bispen skal me nemna tvo Ting. Dersom Vestfold vert lagt til eit Skiens Bispedøme, so maa væl nokot av Innkomurne til Kristiania-Stolen fylgja med. Og i Stavanger er Preste-Embætti so rundeleg lønde, at nokot av det maa kunna leggjast til Bispen. Prestarne i Stavanger reknast no aa hava ei aarleg Inntekt av ialt umpass 30,000 Kr., og denne Summen meiner me um ikkje so rett lengje vil auka med fleire Tusund Krunur, serleg ved framhaldande Seljing av Tufter av den fyrre Hetlands Prestegard, som no ligg innanfyr Bygrensa. No kann det væl vera, at dei fær ei ny den tredie Kyrkjesokn i Stavanger, som det hev voret tenkt paa, og at daa kvar Sokn fær sin Prest med Løn 6000 Kr. og sin faste Kapellan med Løn 3000 Kr. Men desse Lønerne gjeng endaa ikkje høgare upp enn til 27000 Kr. um Aaret, so der truleg vil verta ikkje so litet tilovers.
           
Ein tredie Grunn fyr Kravet vaart um aa faa Stavanger til Bispesæte att, er den, at denne Byen, som Ein veit, alt fraa Fyrsten av Aarhundradet hev voret Heim fyr ei Mengd av religiøse Rørslur av ymse Slag og i ymse Stemnur.
           
I Samband med det, me her hev havt uppe, skal me nemna den Tingen, at Rogalands-Fylket no i meir enn eit halvt Aarhundrad visst hev maatt betala meir enn rett er baade til dei kyrkjelege Embættsmenn og til dei andre, som reknar seg sine Innkomur etter Kapitelstakst. Kristianssands Stiftsdirektion reknar i Rogaland 24 Spand fyr 1 Skippund. Men 1 Spand = 18 Pund, 24 Spand altso 432 Pund. Det hev fleire Gonger i Brev til Stiftsstyret voret ankat yver denne Rekningsmaaten. Baade Kyrkjedepartementet og Stiftsstyret hev svarat,at det maa vera rett; men etter det me veit hev dei ingen annan Grunn gjevet fyr detta, enn at det hev voret gjort so fyrr. Um me ikkje misminnest, vart det eingong svarat, at denne Rekningsmaaten hadde voret brukt so langt tilbake som til 1788. Men like væl held me fyre, at det ikkje er rett, og me hev endaa ein Prest her i Fylket, som i denne Saki hev same Meining som me.
 
Me forklarar Samanhenget so: Istadenfyr Skippund Bygg som Merke-Maal fyr Landskuld og Skatteskuld i dei fleste andre Landsbolkar hadde Rogaland fyr det meste Pund og Spand Havre. Spandet er 18 Pund, og 24 Spand er 1 Pund, som i Motsetning til Skippund kallas Punderspund. Eit slikt Punderspund Havre hev voret haldet paa Lag jamgodt med 1 Skippund Bygg. No tenkjer me oss, at Ein, truleg ikr. 1818, hev yverført Havre-Punderspund-Vigti paa Bygg-Skippundet. Detta kann mogleg ha havt ein Grunn i det, at Folk der burt i Kristianssand ikkje hev havt retteleg Greida paa dei gamle Landskuld- og Skatteskuld-Maal her i Rogaland; det vert sagt, at Stiftsstyret elder Kyrkjedept. endaa fyr berre faae Aar sidan skreiv som om dei ikkje visste kvat Spand var fyr ei Vigt. I Logverket um benificeret Gods synest me og aa merkja, at Ein ikkje hev voret fullklaar um dei gamle Kornvigter her i Rogaland.
 
Vilde Stiftsdirektionen, naar det sette fast Kapitelstaksten, endeleg hava Punderspundet, so fekk han og ha reknat av den Avlen, som her er den mest gjengde: Havren. Bygg-Pundet er Skippund og inkje nokot annat. Skilnaden vert drjug nok. Eit Skpd. = 18 Spand 4 Pd.; Stiftsstyret reknar det derimot til 24 Spand. Er no, som me meiner, denne Rekningi urett, so vert soleids nokot yver ein Fjordepart av det, som her i Rogaland hev voret betalt som Avgift av Bygg etter Kapitalstaksten, for mykje. Reknar Ein no heile den aarlege Bygg-Avgifti til ei 10,000 Spd., so hev her aarleg voret betalt lat oss berre taka Fjordeparten 2500 Spd. for mykje, og det gjer i dei 60 Aar fraa 1818 av: 150,000 Spd.
Det Mistak, som me her hev tenkt oss var Grunnen til denne galne Reknemaaten, kunde aldri vortet gjort, dersom Stiftsstyret hadde havt sitt Sæte i Stavanger.
           
Rogaland Decbr. 1878.              
 
O.