Tvo Sætersdalske Kjempur. I. Vond-Aasmund Rygnestad

Rygnestad heiter ein Gard elder ei Grend, som ligg ei Mil Veg nord ifraa Valle Kyrkja.
 
Denne Grendi er ingjerd av skogklædde Aasar paa alle Kantar; berre Stol, ein Bergtopp ei halv Mil i nordaust, som liknar ein Kubbestol, er skogsnaud. Beint i aust under Stol er Helgeberg; det er ein Fjordung fraa Rygnestad og dit. Grendi er hardla bratt og røysutt; ho hev fleire einskilde Gardar, og ein av dei kallast Nordigard. Der budde det ei ti, tolv Mansaldrar sidan ein Mann som het Aasmund, og daa han var helder vondlyndt, kallad dei honom Vond-Aasmund. Paa Garden stend enno tvo gilde Loft elder Stabbur, som han hev bygt. Det eine er tri- og det andre, Nyeloft, tvihøgt. Timbret er no gildt i baade Lofti, men i Nyeloft er det Bas; kvar Høgd gjerest av berre tvo og ein halv Stokk, endaa Gjeita er avøksad, so det er att berre skire Malmen, og til Dørgap er avhogget den eine Stokken og litegrand av den undre og øvre Stokken. Timbret er mest kolsvart av Solhite og Elde og hardt mest som Stein. Endaa, fortel dei, køyrde Vond-Aasmund dette Timbret uppfyr Bakke med ein liten Fole, og sjølv sat han jamvel uppaa og køyrde seg; han kunde meir en mata seg, den Karen. Kring desse Lofti bygde han mange Svaler og Gangar; han skulde jamvel hava Gangar under Jordi millom Husi sine; ja sume segjer endaa at han hadde ein underjordisk Gang radt til Helgeberg, som ligg ein god Fjording i aust fraa Rygnestad; for der hadde han eit Kvende; sume segjer det var Kona hans, som han hadde røvat seg, andre segjer det var ei Frilla; denne Kvinna het Helga og fraa henne hev Fjellet sitt Namn. Veggjer og Tak i Yverhøgdi paa Nyeloft klædde han med Maalarstykke, som han hadde havt med seg fraa Holland; der hadde han truleg voret med Kristian den andre, daa han flydde dit fraa Danmark; for daa Aasmund var framifraa stor og sterk, vardt han teken inn i Kongs-Livvakti. Det er mange høglærde Menn, som hev voret uppi Loftet og bisnat paa desse Tavlurne, og sume hev bodet mange hundrad Dalar fyr dei, er det sagt, um dei vilde selja dei; men det hev dei aldri viljat; denne Ætti held so paa det gamle. Mor hev fortalt meg, at ho kann minnast eit Gudebilæte, som stod inni Stova der, og dei fekk inkje Lov til aa kasta det ut, so lenge Farmor mi livde; - for eg ættast paa Farsida fraa Vond-Aasmund.
 
Eingong i Ungdomen var Vond-Aasmund med i eit Slagsmaal i Sagneskard ved Kyrkja; der fekk han eit Saar paa Haandi, og det blødde sterkt; daa kom der fram ei Gjenta, som reivad Haandi hans. Daa sagde Aasmund: No hjelper Du meg; eg skal nog eingong hjelpa deg att. Ei Tid etter vart Aasmund utskreven til Soldat, og han laut daa fara til Danmark. Medan han var der, fekk denne Gjenta fraa Sagneskard ein Friar, og Foreldri hennar trugad henne til aa svara honom ja. Korleids det var elder inkje var, so fekk Vond-Aasmund spyrja dette i Utlandet, og daa rømde han radt or Kongstenesta. Uppigjenom Dalen fraa Kristianssand, elder der denne Byen no ligg, reid han so fort, at han sprengde sjau Hestar, som han tok der han fyrst raakad dei; det er 14 Miler fraa Kristianssand til Valle. Hit kom han nett den Dagen, Brudlaupet hennar skulde vera. Brudgomen hadde heime paa Nomeland paa Vestledi aat Elvi, og der stod Brudlaupet; for der er det Foreldri til Brudgomen, som gjer Brudlaupet. Brudi hadde denne Dagen slik ein Tungje og eit Fyrebod um eitkvart sers Hende, og det gjekk so fælt trautt med aa faa klæda og fli henne til Kjyrkjeferdi. Daa dei stod ute i Tunet og reidde seg til aa rida til Kyrkja, saag dei paa Brudlaupsgarden ein raudklædd Mann koma ridande i fljugande Tan nordyver Harstadbergi paa øystre Sida aat Elvi ein Fjordungveg utanfyre. Dei vart helder ottefulle av denne Syni og undradst paa, kven det kunde vera.
 
Men lenge turvte dei inkje vera i Uvissa; for nett daa dei var aat aa rida utor Tunet, var denne Ridaren midt inne i Flokken, og dei vart standande som fjetrad allesaman. Vond-Aasmund for han var det, han reid i Herklædi sine hadde seg burt aat Brudi, tok henne av Brudehesten og sette henne frammanfyr seg paa sin Hest og sagde, at den, som vaagad seg, kunde berre freista aa taka henne atter. Men ingen knatt i seg, og ingen tykte verdt aa røyna seg her, og so for han avstad med Brudi. Sume segjer han reid med henne heim til Nordigard paa Rygnestad, andre segjer, at han førde henne uppaa Helgeberg og gjøymde henne der.
 
No skulde dei taka Aasmund og føra honom i Straff, fyrdi han hadde rømt or Krigstenesta, og Futen og Lensmannen for daa upp til Rygnestad fyr at fullføra dette. Men daa dei kom, sette han upp ei Mælestong eit Stykkje fraa Nyeloft, stellde seg so ved eit Glugg i Loftet og radde derifraa heile Mælestongi med Piler so tykt som dei kunde standa, og sagde at so skulde han gjera med Futen og Lensmannen og, ifall dei inkje fekk seg av Garde og let honom i Fred. Daa vart dei rædde og snøggad seg burt det meste dei vann. Sidan sendde dei Bod, at han skulde koma paa Tinget. Ja han tok Øksi si og hadde seg avstad. Han gjekk in i Tingstova og sette seg paa ein Stol fram med Døri med Øksi under seg. Daa han vel hadde sett seg, gav Skrivaren eit fyresagt Teikn, og Tingfolket styrmde kring honom fyr aa taka honom, og det var paa eit hangande Haar, at han hadde vortet yvermannad; men so var han so heppen aa faa Tak i Øksi si, og dermed jagad han dei paa Døri kvar einaste ein; men futen, Skrivaren og Lensmannen smaug inn under Bordet. Daa han hadde skræmt ut Aalmugen, gjekk han inn aat Bordet og stod yver dei med Øksi og hotad og skjemde. Dei bad so vent som dei kunde, at han vilde spara dei, dei skulde aldri meir gjera honom nokot Mein. Endeleg let han dei sleppa og reikad heimatt likso fri og byrg som han var komen. Men no vardt han lyst utlæg elder fredlaus, og han hadde mange Uvener, so det var nog av dei, som freistad at gjera det av med honom. Men han hadde so mange Hus, Svaler og løynde Gangar, at dei aldri kunde faa Tak i honom, og so var han so framifraa hæv til aa skjota baademed Boge og Byrsa, at dei var inkje vidare hugad paa aa koma honom for nære helder. Byrsa var litet kjend og nyttad endaa, so dei trudde mest ho var allmegtug; di fekk dei seg Byrsa og til aa skjota paa Husveggjerne hans, idi dei meinte, at Kulurne nog skulde finna honom. Men det lukkadst do inkje fyr dei; han døydde Sottdaude tilslutt.