Tvo Sætersdalske Kjempur. II. Vond-Aasmund Berge

var fraa Valle i Sætersdalen. Han budde paa ein Gard, som heiter Berge og ligg haagt upp fraa Dalen i ei Hallheid. Han var Lensmann i Bygdi. Nordanfraa yver Heiderne kom eingong ei Hær af Blaamenn 1) som dei kallad Hyringann, og vilde taka inn Valle. Den Tid var det so, at den, som var Lensmann ogso skulde vera Styresmann fyr Bygdefolket i Ufredstider. Hyringarne sende 3-4 Mann til Berge fyr aa faa drepet Vond-Aasmund i Løynd.
           
Desse kom til Berge og gav seg ut fyr Hestehandlarar. Dei raakad Vond-Aasmund. Vil du selja Hesten din? spurde dei. Ja, sagde Vond-Aasmund. Kore heve du honom? I Skogen, svarad han. Du lyt henta honom heim, so me faa skoda honom. Vond-Aasmund tok ei stor Boløks og ruggad upp yver Bakken. Ko kan du gjera med Øks, naar du vil etter Hesten? spurde
 
Draapsmennerne. Eg gjeng aldri aat Skogen forutan Øks svarad Vond-Aasmund, han ræddest dei vilde Vondt.
 
Eit Bil etter kom han ridande heim med Hesten, sprang av i Tunet, gav Hesten eit Drag og svingad honom rundt, so det fauk etter. Handlararne spurde um han var lyteslaus. Aa ja, det var han. Tak upp Hoven og lat os sjaa um han er god aa sko. Det kunna de gjera sjave sagde Vond-Aasmund. So bøygde Ein seg ned og tok i Hoven, men med det same legg Aasmund til honom i Nakken med Boløks, so han stupad, og so rende han med Øksi mot dei andre. Men dei sulad hovudstup utyver Bakken og rymde det fortaste dei kunde. Hæri fælskad seg og tok uppyver Dalen att. Vond-Aasmund samlad Folk ihop og reiste etter. Paa Breiveheidi i Bykle møttest dei. Valledølarne slog ihel alle Hyringarne og reiste upp nokre Steinar der Slaget stod.
 
Ein Sundag kom Vond-Aasmund i Kyrkja so seint, at Presten var komen paa Stolen. Han trampad i Kyrkjetilet som ein Hest, og so riktad det i Stivlarne hans so det vardt ein heil Rut i Kyrkja. Presten stansad og sagde: Hør Ond-Osmund, hvorledes han fj...... idag. Dette tolde inkje Aasmund. Daa Presten vilde ganga ut or Kyrkja stod hin med Døri og stakk til honom med Tolekniven, so han døydde paa Staden. Men Aalmugen tok daa og steinad Vond-Aasmund ihel utanfyr Borgi og lagde upp ei Røys, der han vart liggjande.
           
Etter den Tid var der lengje prestlaust i Valle.
 
L.
 
1) Folk austanfraa; dei var blaaklædde.