Utlandet.

Det tydske Rike hev nyleg bundet ei Handelssemja med Austrike. Bismarck finn det no fyr Tidi tenlegt fyr Tydskland aa standa paa so god Fot som moglegt med dette Grannriket, og han hev difyr her til eit visst Maal latet falla det Tollgjerde, som han strævar med aa faa reist ikring Tydskland. Han er ingen Principridar. Under dei Tingingar, som gjekk fyr seg i det tydske Riksthinget den 20de og 21de Februar, reiste det seg eit Ordskifte um Tydsklands nyaste Handelspolitik og Handelsgrunnsetningarne i det heile. Delbrück, Handelsminister hev voret, som gjenom mange Aar førde den tydske Handelspolitik i Frihandelsstemna, tok Ordet imot Bismarcks Planar. Bamberger forsvarad Frihandelen, Richter, Bismarck fyr Braadvendingi hans, og Rikskanslaren forsvarad seg i ein lang Tale, i ser mot Richters Kjæremaal. Han lagde fraa seg Aatalet fyr ein springande elder vinglutt Handelspolitik; det galdt um aa ganga attende til Gjerdi fraa 1823 til 1865. Eg fyreser sagde han til Slut at det vil verta ført ein illherveleg, djup inngripande Strid um alle desse Ting millom dei ymse økonomiske Interesse, Sjøstaderne og Inndustrien, kannhenda Jordbruket og. Det er ingen Veg umkring: all Strid meller seg med Artilleriskjoting fyr aa gjera Folki vise paa, at det er Aalvor. Eg vonar, at Striden vil verta til Nytte og Lukka fyr Fedralandet. Det maa ha voret ei høgtideleg Stund i det tydske Riksthinget - skriv Neue freie Presse daa den fyrrvorne Statsminister Delbrück, den noverande Førar fyr den tydske Frihandelsfylkingen og Hovudet fyr Motstandet mot dei statsøkonomiske Planar aat Regjeringi, tok Ordet. Sjølve Rikskanslaren maa det ha rørt i hans innste Hjarta, daa hans trufaste Medarbeidar paa Uppbyggjingi av det tydske Rike lyste upp Brotet med den Politiken, som no raader. Han maa fulla ha kjennt, at han alljamt vert meir einsleg paa si stolte Høgd, og at mest alle dei Vener og Felagar, som saman med honom hev fullført det Jutulverket aa gjera det tydske Folket til ein Eining, hev dreget seg undan arge og tykkne, og at knappt ein einaste hev havt Sjølvfornegting nog til aa fylgja Bismarck paa den Vegen, han no hev slegjet inn paa. Og Delbrück sjølv maa det ha leikat rett underleg i Hugen fyrskuld den Vingleluni aat Lagnaden, som nøydde honom, Blomen av Geheimeraadarne, til aa forsvara sine Grunnsetningar fraa Thingbenken, fyrdi dei er bannlyste fraa Ministerbenken. Det hev lotet henda mangt i det tydske Riket, fyrr ein Embættsmann med so hovsame og konservative Meiningar som Delbrück ser seg Orsak til aa stiga fram som Motstandar imot Planarne aat Rikskanslaren og tena som Førar fyr den Fylkingi, som vil halda uppe det økonomiske Framstiget. Og det tydske Folk vil med Fikna lyda paa, kvat ein Thingmann hev aa segja, som hev aa visa attende paa eit heilt Liv uppfyllt av Arbeid fyr aa setja i Verk dessa Grunnsetningar, han no stig fram til Vernd fyr.
 
Frankrike. Telegramm fraa Paris den 2dre Mars: Sume Blad trur det, at Riksraadet er stadt i Faare ved Avrøystingi igaar, daa Høge røystad saman med Vinstre fyr aa setja upp Lisbonnes Interpellation til Maandags. National fyreser, at dei Radikale vil avløysa Republikanararne. France hev eit Stykke av Girardin, som krev eit Riksraad under Gambetta.
           
Pesten. St. Petersborg 3dje Mars: Professor Botkin (den Lækjar, som meinte aa ha raakat paa eit Pesttilfelle der i Byen nokre Dagar sidan) held fast paa den Meining, han ved sin Etterrøknad kom til, at Mannen hadde Pest og ikkje Syfilis.
           
Shir Ali er daaen. Vicekongen i India hev fenget Melling um det fraa Jakub Khan i Brev av 26de Februar. Eit Telegramm fraa Kalkutta fortel, at Jakub Khan same Dagen hev skrivet, at han ynskjer Venskap med England att.
 
Hermed Tillegg: Prøve-No. av Fraa By og Bygd.