[Bjørnstjerne Bjørnson]

Bjørnstjerne Bjørnsonhev skrivet eit Brev til Arbeidarsamfundet i Kristiania; det vart uppleset der i eit Møte Sunndag Kvelden var. Skalden takkar Songsamlaget fyr dess Hyllest og Samfundet fyr dess Tilsluttning i Flagsaki. Under det reine norske Flag skal me ein Gong naa Sjølvstendets heile Ærekjennsla; fyrst naar me vert heilt norske, kann me verta heilt frie. Han upplyser, at det ikkje er sannt, som Formannen Boeck hadde sagt, at Boeck hadde søkt Bj. fyr aa tala um hans Fyredrag, men ikkje voret so heppen aa raaka honom heime; han hadde voret heime heile Tidi fraa han kom til Byen, til Flagmøtet vart haldet. Bj. hadde sjølv avsagt det Fyredraget, han hadde lovat aa halda, fyrr det kom Brev med Forbod fraa Boeck, men Bodet um dette maa ikkje vera framkomet. Bj. hadde ikkje visst, at Republikken høyrer til Dagens Stridigheder her i Landet no, elder ætlat aa tala um aa innføra Republikken hjaa oss; han hadde helder ikkje visst fyrr, at det i det norske Arbeidarsamfund var uloglegt aa tala um ei Statsform, som gjev Orden, Fridom, Upplysning, Velvære aat meir enn 70 Millionar Menneskjur. Hr. Bj. liker ikkje, at Hr. Boecks Negting strakst vart send Morgenbladets Redaktør, ynskjer Arbeidarsamfundet meir Sjølvstende og sann Ærekjennsla paa Formannsplassen og lovar aa halda eit Fyredrag seinare; han vil bjoda det, som er baade Samfundet og honom verdugt, dersom det liter paa honom.