Bondereisningi i Wolovce.

[Del 2 av 8. Fyrste delen.]
 
Umskrivet fraa Tydsk ved Kristofer Janson.
                       
(Framhald.)
 
Det hadde seg so, at det var ein Skulemeister der ein Stad, som hadde ei væn Kona, og det var eit Dominikanar-Kloster der, som hadde ein velærverdig Prior 1 ) . Skulemeisterkona fødde Mannensin ei Dotter; men daa den vesle Aniela voks til, synte det seg, at ho var so merkeleg lik Prioren. Difyre elskad og den høgærverdige Herre henne og gav henne stor Heimanfylgja. Men det kom ingen Friar lel, endaa alle desse Pengarne, og endaa det, at det stakkars Barnet saag so bljugt og skyggt ut i Verdi med dei myrke, brune Augo sine, som vilde ho beda alle Menneskjor um Tilgiving fyre det Skammerket, som sat innbrent paa hennar fine Kinnar. Ho var for lik Prioren det kom ingen Friar. Men ei Mynstermenneskja heng seg inkje i Fordomar. Hr. Wincenty gifte seg med Aniela, han, og so lenge Pengarne varad, og Prioren livde, hadde den unge Borgarfrua inkje Loner.
 
 
Men aldri so snart døydde den høge ærverdige Prioren, fyrr Fru Aniela fall paa dei underlegaste Ting: ho vilde berre sova i eit iskaldt Rum, ho vilde berre eta myglat Braud, og so slog ho seg dagstødt med Svipor, so den stakkars fine Kroppen var blodig, Stripa paa Stripa burtetter. Ja, ho gjorde alt dette sjølv kann du vita; i det minste sagde Hr. Wincenty so til Kamratarne sine, naar jamvel desse raae Kararne tok til at verda kløkte og sagde: Broder, tenk paa Gud, tak ein Økshamar og gjer det av ein Gong fyr alle, men pin inkje denne Taarepersa di til Daude so stykkomtil. Taarepersa ja for Kona gret stødt. Og den gode Hr. Wincenty kunde, som fyrr sagt, inkje trotta at sjaa ei Kvinna graata. Difyre kastad han henne ein Gong ei iskald Vinternott utanfyre Porten. Morgonen etter fann dei henne ihelfrosi paa Durstokken.
           
Slik ei Mynstermenneskja var denne Hr. Wincenty. Hr. Wincenty var inkje fager, nei alt annat. Paa den trutne, pløsne Kroppen, som nokre skjelvande Bein mødefullt drog fram, sat det eit Hovud, reint skollut (inkje ein Gong Augnabruner fanst det) og fælt likt eit rundt, grøngult Graskar. Berre seint ut paa Notti, naar Brennevinsslaget var til Endes, og Wincenty datt under Bordet, vardt Graskaret violet striputt. Fager var han soleides inkje; men Hjartat hans slog varmt fyre alt, som fagert var. Difyre fekk ingi Kona elder Gjenta i Wolovce ganga i Fred fyre honom. Fylgde dei inkje viljugt, so brukad han Vald kvat skulde ein Adelsmann med Tenarar og Reip i Huset, var det inkje til det? I Fyrstningi sprang dei stakkars Bønderne til Barnow, og klagad der si Naud fyre Raadsmagti. Stundom tok Skrivaren Klaga til Protokols og stundom inkje. Men det kunde og koma paa eit ut; for m e i r vardt aldri gjort. Det var no ogso rart at tru, at den eine polske Adelsmannen skulde faa den andre polske Adelsmannen paa Tukthuset berre fyre ei stakkars Bondetaus! Ja, Bønderne skynad ogso det smaatt um Senn, og dei gjekk inkje meir til Raadsmagti. So visste dei no og, at dei fekk Konorna og Døtterna sine atter ein Gong um tri, fjore, kannhenda aatta Dagar den gode Mannen kunde som sagt inkje trotta at sjaa ei Kvinna graata . . Men det samlad seg smaatt um Senn i desse ellest so sløe, toluge Folk ein brennande Harme, eit usløkkjande Hat.
           
Det varad inkje alt so lenge, fyrr det barlaust. Det livde i Wolovce ein ung, staut Bonde, Fredko Hawliuk. Ein gild Kar denne Fedko, ein kjempesterk, væn, aalvorsam Kar. Den, som saag honom, laut tenkja paa dei gamle Kjempor fraa Vikingtidi. Sjølvstød og fri saag han fram i Verdi - han var no og Gardgut og skulde erva ein av dei gildaste Gardar i Bygdi og so hadde han voret kongeleg Korporal i Nassauer-Fotfolket. Han hadde lært at skriva og lesa, og der vest hadde han uppdagat det, at ein Bonde ogso var ei Menneskja. De kann daa skyna det, at slik ein Kar inkje kunde kjenna seg vel ved at hava ein Herre yver seg slik som denne Hr. Wincenty. Men no fekk han og serleg Orsak til Hat mot honom.
           
Det var daa eit Elskhugseventyr, kann du vita. Xenia heitte Gjenta, og var ein fin, ljos liten Ting, og svært fatig. Likavel tok Fedko henne til Brud og inkje, som han vel kunde, til Fridla. Han heldt so utrulegt av henne det kann stundom henda millom Bønder det og. Ja, so høgt elskad han henne, at han, (og det tykte all Bygdi var underlegt) inkje vilde flytja i Hop med henne, fyrr han var gift. Xenia mi skal treda med Jomfru-Kransen paa Haaret fyre Altaret, sagde han ofta stolt.
           
Men daa han so vel var heimsloppen fraa Soldattenesta, vardt det inkje korkje med Krans elder Brudlaup. Det hadde nog Hr. Wincenty voret Mann fyre med sine Tenarar og sine Reip. - -
           
Daa Fedko spurde det, vardt han bleik som eit Lakan, men han sagde inkjevetta. Han gjekk berre upp aat Borgi og spurde etter Herren. Men Wincenty var nettupp stroken til Bad i Iwonicz. Daa gjekk Bonden til si Brud. Ho saag syrgeleg ut, mest som tjuge Aar eldre. Men ho uvitad inkje, daa han kom; ho kunde lognt sjaa honom inn i Augo og fortalde, korleides alt var tilgjenget fraa fyrst til sidst. Det sidste ho sagde var: og so maa du drepa honom. Eg lyt det, svarad berre Fedko. Desverre er han inkje heime no, me lyt venta. Naar han kjem, skyt eg honom, og so læt eg meg strakst vigja med deg. Og so gjeng eg til Barnow, og giv meg sjølv til Domaren. - - -
           
Detta stod fast i honom, reint fast. Men det vardt daa inkje til det lell. Der var no umframt Xenia ogso Moder hennar, som bad og tagg honom inkje at øydeleggja seg. Der var Presten, som kom setjande med Helvite og den evige Elden. Der var hans gamle Kamrat Hrityko Barila, som sagde til honom: Hr. Korporal, kvat vil Regimentet segja, naar det høyrer, at du er dregen som Mordar til Galgen? -.- Dette beit Fedko, det sidste mest kannhenda. Fjortan Dagar gjekk han einsleg kring og grundad, so kom han heim. Eg vil freista at liva sagde han. Og til Xenia sagde han: vanvyrd meg, men eg kann inkje gjera det. So kann eg helder inkje verda Kona di, svarad ho. Og dermed gjekk ho burt, ut or Landsbyen og vardt burte.
           
Ho er aldri atterkomi. Det finst djupe, svarte Tjørn upp i Øydemarki.
           
So gjekk det tri, fjore Aar. Og i alle desse Aari gjekk det inkje ei Vika, minders Fedko hadde ein Bidlemann kakkande paa Døri. For alle Folk i Podolia gifta seg ved Millommenner, Jødarne i Byom, og Adelsmennerne paa Borgom og Bønderne i Bygdom. Ein ser etter, at Pengarne og Ætterna vega likt paa baade Sidor; Hjarto hava altid Tid til at finna kvarandre etter Brudlaupet.
                                                           
( Meir.)
 
1 ) Fyrestandaren fyre Klostret.