Ei Utgreidning um Skapningssoga.

[Del 5 av 7. Fyrste delen.]
 
(Etter Godet.)
 
III. Samanlikning.
 
(Framhald.)
 
9. Etter Moseboki hev Mannsskapningi voret Sluten paa Verket, og denne Gjerningen er gjord paa same Dagen som Landdyri vart skapa. No melder Vitenskapen, at dei fyrste Spor etter Menneskja syner seg i dei aller yngste Jordlag, altso i Sluten av den tertiære Alderen. Det som Skrifti segjer, at den sette Dagen rann upp baade yver dei siste Dyri og Mannen, det vert soleids sannat av Vitenskapen: at det ikkje hev voret nokor Æva millom Dyri og Mannen, men at dei baade høyrer til den same Alderen, som no gjeng ut med Mannen.
 
10. Me skal endaa um Menneskjet nemna eit
Stykke. Fyrste Mosebok talar um eit Hjon, som alle Folk skulde vera ætta fraa. Det er ikkje lenge sidan, at Vitenskapen med all si Magt lagde imot denne Einskyldskapen til Mannsætti. Men no gjeng han med paa nokot endaa meir vaagsamt. Bibelen lærer, at alle Menneskje er ætta fra eit einaste Parfolk; - det er fraa ein einaste organisk Celle, segjer Vitenskapen. Og ikkje berre Menneskjet, nei Dyri med. ja alle Livskapningar og Vokstrar skal no hava vakset fram av ein einaste organisk Celle. Kor som er, so maa Ein tru, naar Ein kann halda seg til Darwin og sovorne: at Ein slepp aa fæla fyre, at Læra um Mannsætti sin Einskyldskap skal faa so hard Motburd av Vitenskapen lenger.
 
11. Fyrste Mosebok talar um ein guddomeleg Kviledag, som Gud sjølv hadde sett som Slutningi paa sitt Skaparverk, for at den nykomne og kjæraste av hans Skapningar skulde hava si Gleda og sitt Liv i honom. Vitenskapen viser likeins, at all Nyskaping hev sluttat med Mannen og at det, no Naturen hev roat seg, straks hev byrjat eit reint sedelegt Arbeid av Menneskjet, som søkjer sin Skapar og i Tilbeding fører den skapande Verdi attende til Gud. Heile vaar Tid er denne Sabbath, der Skaparen, etter at han hev fullført sitt Arbeid, sit til Mots med sitt Meistarverk, og Fagnad og Kjærleik held Lag med kvarandre.
           
Kvat skal Ein meina um alle desse merkjelege Samhøve? Er dei berre framkomne ved Tilfelle? So kunde Ein lika radt segja, at det er ved Tilfelle, at tvo Tannhjul i eit Gongverk maatar saman. Hell skulde Ein tru, at dei er Utslaget av Naturskodingar elder av vælgjorde filosofiske Grundingar? Men tru kvat fyr filosofiske Utrøkjingar, som kunde finna ut um eit veksande og tverande Ljos, som var ubundet av Soli. Og sjølv um Ein paa Tankevegjom hadde kunnat faa ut, at Plantelivet hadde grott upp fyre nokot annat Liv, korleids hadde dei daa kunnat vissa seg um, at Havdyri og Fuglarne kom fram samstundes og fyre Landdyri, og at Mannen so kom strakst etter desse att?
           
Det er Nokre, som meiner, at Skapningsoga er samansett berre etter eit fyregjort vitbundet Samhøve, som alle Stykkje er maatat inn etter. Den fyrste Dag, segjer dei, er Ljoset nemnt, og den fjorde det ljosførande To; den andre Dag Vatnet og Lufti og den femte Vassdyr og Fuglar; 3dje Jordi og Plantarne, den 6te Dag Landdyri og Menneskjet. Men kvat Ein no vil tenkja um denne Greidingsgjerdi (ho er no ogso i ymse Stykkje nokot ustød og gleppug), var ho samhøveleg, so maatte berre Fuglarne vortet til paa den femte Dag (svarande til Lufti paa den andre) og Havdyri fyrst paa den sette Dag (svarande til Skiljingi millom Hav og Berra den tridje Dag). Ein maa do medgjeva at desse mange Samkjøme millom Bibelen og Mannasokningi gjev betre Grunn fyr den Tydnaden, me hev framsett, at Skapningsoga er ei Openberring, ikkje Ord fyr Ord som ein Diktat fyrsagd Moses av Gud, men tilsvipad etter Manns Vis og Manns Høve. Soleids set er det uvandt aa greida ut desse tvo Flokarne, skulde vera, me her ovanmed sette fram.
           
Moses talar um Dagar, og likevæl er det Ævur paa Millionar med Aar, kann me segja. Me vil ikkje her halda oss til den nokot uvisse Tydingi, som Ordet Dag hev i Skrifti (sjaa Salme 90, 4, 2 Pet. 3, 8,) men me segja som so: Naar Gud vilde syna Moses Storstigi i Skapningi i eit snøggt Umsyn, var det daa nokon betre Maate til enn fyr kvar Æva aa syna fram liksom eit Maalarstykkje, som i eit Samsyn kunde visa, kor langt Verkjet til dei ymse Tider var framstiget. Kvar av desse Maalingar var daa fyr Mose Augo som ein Dag; men i denne eine Dagen var alle Dagarne i den same Æva samla. Millom desse Dagarne var daa Natt, men i kvar Natt var alle Næterne i same Æva skildra. Desse Maalingar skreid fyrst fram fyr Augo hans, og so sidan hev han etter Minnet skrevet det upp. Med dette er det slett ikkje sagt, at Moses sjølv plent i alle Smaagreiner hev fullskynat desse Bilæte, liksom det helder ikkje fyr Profetarne stod i Berrsyni alt det, Aanden skaut dei i Hugen 1) . Berre denne Stortanken hev voret fullklaar fyr Moses, at Gud er det einaste sanne Væsen, han er Upphavet til det heile Verk og alle dess Delar.
           
Paa denne Maaten kann me skyna, at det berre kunde vera dei mest audsynte Dragi i kvar Æva, som kunde skilast av Augat og ovra seg i Maalingi. Soleids det fyrste Dyr- og Plantelivet paa Havbotnen, det løynde seg undan Syni; fyrst daa det gjordest storvoret, soleids som i Koltidi, kunde det verta sjaalegt i Bilætet. Likeins hev det seg med Havdyri og Fuglarne i dei næste Ævurne og Landdyri og Menneskjet i den siste Æva; me maa hugsa, me stend fram fyr Verkjet til ein Maalar og ikkje til ein Naturgrundar. Naar me held paa dette, mun dei straks falla burt, dei Vandarne, som kunde meinka oss Trui paa, at denne grunnfeste Soga er ei guddomeleg Openberring.                                       
 
( Meir.)
             
I fyrre Bladet, Side 106, fyrste Rad Stykkje 6, Lina 6 stend det Georgia, det skal vera: Geologia.
 
1) 1 Pet. 1,10-12.