Fraa Bygderne.

Frosta (Or eit Brev fraa Matias Skard). Paa Folkehøgskulen her er det 18 Gutar no; men i alt hev det voret nokre og tjuge. Flestalle legg seg med stor Kjærleik (og Framgang) etter aa skriva Morsmaalet sitt. Fleire av deim var reine Motmenner mot Maalsakji, daa dei kom; men fyrst dei fekk høyra Sanningji um det, var dei vundne; og Kjærleiken veks under Arbeidet med aa læra aa skriva det rett. Naar dei kjem, hev dei no alle i fleire Aar havt offentleg Undervisning i aa øydeleggja Maalet sitt i Munn og serleg i Pen, so dei liksom kjenner det paa seg, at det aa skriva er en særdeles ophøiet Kunst, som ingen Ting hev aa gjera med Morsmaalet. Naar dei so fyrste Gongen skal skriva norsk jau, daa møter ein Knotet og Unaturen. Slikt synar inkje so godt i Framandmaalet; men naar dei so skal skriva dei Ordlag og Setningar, som dei segjer dei kann det inkje; dei vaagar seg inkje rett til helder; for den norske Skulen hev daa lært deim ein Ting i norsk, og det er aa vera bljuge fyr det Maal, ho Mor talar. Største Strævet i norsk er det aa faa utor deim att denne Blygsla. Fær dei fyrst heilt Mod paa aa vera seg sjølve, so lærer dei smaatt um Senn aa kjenna, kvat det er, som inkje høver inn. Etter som det djupare Livet i Gutom bryt fram og gjeng i det norske Straumfaret, lausnar den dansknorske Isen, um han saag ut aldri so tjukk og so gjeng det med honom som med all annan Is i Vaartidi. Her ligg som sagt meste Arbeidet. Det er mindre vandt med det aa læra deim i det store aa skriva kvart Ord etter ei Maallæra. Eg kjenner, at det vil verta stor Framgang, naar Barneskulen au vil læra Borni praktisk, heilt ut aa høgvyrda i Staden fyr vanvyrda sitt Morsmaal. Dei skriv kvar sitt Bygdemaal, so det er daa inkje lavet; og dei skriv allesaman Ordi etter ein Grammatik og ved det syner det seg greidt fyr kvar, som vil sjaa, at dei skriv eit Maal, same norske Maalet, anten dei er fraa Haalogaland elder Raumsdal. Eg skal lova fyr, at um dei les Stilarne aat kvarandre, skal dei alle vedkjenna seg det som Maalet sitt. Eg hev meir og meir røynt, at det er laus Tale, denne, Motmennerne fører om Dialektforskjelligheder, som skal gjera Landsmaalet umogelegt. Likeins denne Talen um det lavede Sprog dei kann driva paa elder slutta med honom, som dei synest sjølve. Den, som kjenner til Livet paa Landsbygdom, der det er vakjet han ser inkje so stor Mun i det Slag Motstand lenger. Ja, naar Ungdomsflokken her syng Det Maal, du gav meg, gamle Mor elder Maalet hennar Mor me vil aldri, aldri gløyma so synest dei meg aa leggja inn ein Kjærleik, som eig meir Livskraft og Sigerslovnad enn alle Motlegg like fraa Morgenbladsfilosofens og ned til Hartvig Lassens.
 
            Ja høyr, det syng i kvar ei Trengja;
            Snart skal i Foss det fram seg sprengja.
            Og daa du skal, vaar gamle Mor,
            din Lovsong faa med eigne Ord.
 
Fraa 14de Mai skal eg hava Gjenteskule minst tvo Maanadar. Hjaa Hagerup paa Storlein, gjildaste Bonden i Bygdi, skal Skulen vera, og der fær Gjentorna bu au.
 
Kuløy kjem venteleg same Tidi til aa hava Guteskule paa Vigtni.