Hr. bladstyrar.

Det kan ikkje bate det slag, at eg skriv meire i Fedrah. mot Vetle Tunguvard & Komp. omkristeleg tru og kristeleg oplysning eller om sakrament ord og bibel ord, når eg har råka borti folk, som ikkje kan halda desse 2 ting ifrå einannan men rote dem ihop, og som ikkje vil andse det, eit barn må kunne sjaa, at apostlarne ikkje trudde, fordi at dei tala, men at dei tala, fordi at dei trudde, og at soleids sakrament orde (dvs. aposteltrua, fadervåre, fredlysningja og natverdorde) i samlag med vatten, brød og vin er den grunvolen, som apostlarne bygde det muntlege vitnesburde sit , og at deira boklege (skriftlege) vitnesburd (bibelen) er eit bildlete av deira muntlege lære og vart til med di, at dei ikkje kunde koma med sin tale allestader og til kvar tid. Det er då greidt, at det er nådig styring og leiding av Gudsånden, at dette alt ihop vart som det vart. Difor kan eg aldri mismæta bibelen, aldri kalla han menneskjeord; men eg kallar han Guds bok, og den helige skrift. Desse namn gjev eg ingor anna bok jorden. Men med rangvise folk hugnar det ikkje å ordas. Difor fær skrivaren no i ro(?) ha det sidste orde. Eg venter ikkje retferd av ein, som ser på meg med som yrke augo, at han dømer meg heilt utur den lutherske kjørkja! Men eingong vil den domen svide på samvite hans, å segje, dersom han er ein kar med kristbroderlegt ålvor og ikkje berre ein glafs.
           
Nidaros 4/ 479.
                                               
Døkkar
O. J. Høyem.