Til X i No. 25.

Daa eg las det illske Stykket ditt, kunde eg inkje annat enn draga paa Smilen, for eg mintest no min eigen Ungdom. Det var ei Tid, daa eg og var so eitrande sinnad paa Grundtvigianarom, at eg drogst med deim baade seint og tidleg, for det, eg foor med, var daa so soleklaart, og det, dei foor med, var so reint burt i Notti urimelegt. So tykte no eg daa. Me fekk skipat eit litet Samlag, Grundtvigianararne og nokre av mine Vener, og der skulde me daa freista at semjast, men det rauk upp i same Striden. Eg skreiv lange Avhandlingar so soleklaare, at eg tykte, det maatte umvenda den hardaste; men Arvesen han berre smaalog, og Herman Anker gjekk att og fram paa Golvet med glødande Augo og lagde ut, so Maalet mest brast av Rørsla, og me Motstandarar vart heilt varme um Hjartat. Detta han sagde, var daa so soleklaart, at han berre inkje kunde skyna ein Ting, og det var, at inkje alle maatte verta Grundtvigianarar. Ja soleids gjeng det, kvar held paa sitt. Eg vardt no inkje klokare paa Grundtvigianismen av detta, men ein Ting saag eg, um eg inkje kunde skyna Læra, og det var, at den Maaten at sjaa Kristendomen paa, som dei hadde, var ei Livsmagti deim, bar deim nær inn til Gud og Frelsaren i barnleg Tru.
           
Seinare fekk eg litet betre Skyn. Eg var nede i Danmark, vardt kjend med grundtvigske Skular, Prestar og Menigheiter, eg tok til at lesa nokot av Grundtvig, for, Skam at segja det, det hadde eg inkje gjort, den Gongen eg dreiv paa som hardaste at skriva mot honom. (Kanskje X helder inkje heve gjort det?) Og kvat lærte eg av detta?
           
Eg lærte det, at den Mannen Grundtvig heve voret ein av dei største og beste Menner, me hava havt her Nord, at den kristne Kyrkja maa vera honom evig takksam, fyredi han i ei tung Tid stod Vakt med den gamle Barnetru, og bergad Herrens Sakrament, Daapen og Nattverden, ut ifraa deim, som vilde strjuka Strek yver alt ihop.
           
Eg lærte det, at han gjenom sitt Syn paa Kristendomen og Folket, heve skapt eit friskt og fromt kristelegt Liv i Danmark, som me endaa inkje hava Maken til.
           
Dei Grundtvigske Prestar, eg kjenner, er dei beste Prestar, eg heve møtt, dei som baade i Liv og Preikemaate er komne det kristelige Mynster nærmast av deim eg kjenner. Eg er endaa inkje sams med deim i Tvistemaali, men det stend fyre meg no som Smaating, og eg gled meg i at hava deim til Vener. Det er hjaa deim, og hjaa Methodistarne kannhenda, ein no um Dagen maa søkja det aalvorsamaste kristelige Livet.
           
Hr. X meiner, at Grundtvigs Vener vanvyrda so Bibelen. Eg hev inkje raakat paa Prestar, som kunna elder bruka Bibelen meir og betre enn dei. Men det maa dei daa hava Lov at segja, som er evig sant, at Bibelen er ei Bok. Det kann vera den beste, den dyraste av alle Bøker, men ei Bok er det lel. Ho er framkomi paa naturleg Maate denne Boki, og underlagd Kritik som andre Bøker. Mangt av det, som vaare Forfeder trudde var ægte, er no provat at vera uægte, soleids sidste Helvti av sidste Stykket hjaa Markus, som endaatil er Preiketekst hjaa oss. Og ei Bok kann inkje gjenføda ein Mann. Det er Gud, som gjenføder oss, inkje Bibelen. Ei Bok kann liksovel som ein Tale vekkja oss til Lengsel etter Gud, men det er Gud som gjenføder. Og ei Bok er og maa vera berre Skuggen av livande Tale, det skrivtlege Ordet berre Skuggen av det munnlege. Ei Bok heve inkje Augo, Tunga, Hender, Kropp og Sjæl som ein levande Mann. Me kann undra oss paa den djupe Visdomen og fine Tanken i Bergpreika, soleids som me lesa henne hjaa Mathæus, men det heve daa voret nokot reint annat at høyra Jesus sjølv tala, standande der paa Berge, sjaa inn i hans djupe Augo, høyra Klangen av hans Maal. Og X trur daa vel inkje, at me i Nye Test. hava Talarne til Jesus ordrett uppskrivne. Nei det er berre Skuggen, Beinbyggnaden, Tankegongen, liksom med Avisreferat etter eit Møte den Dag i Dag. At setja det skrivtlege Ordet reint jambreidd med det munnlege, er Tull. No kann det vel henda, at Grundtvigianararne, harme yver den Avguding, som vert drivi med Bibelen som med Skrift elles, hava teket Munnen for full og brukt paa si Sida for sterke Ord um det munnlege Ordet, men det fær ein inkje bita seg fast i. Slikt hender i kvar Strid.
           
X syner i Stykket sitt, at han inkje heve det minste Skyn paa, kvat Grundtvigs Vener meina. Det er inkje dei uppskrivne tri Trudoms-Artiklarne, dei vil setja yver Bibelen. Det er det munnlege Ordet, som heve gjort kvar kristen Daap til Daap fraa fyrste Stundi til no, som soleides heve voret til lenge fyrr Bibelen, det Ordet som heve knytt Pakt millom kvar Kvinna og Mann og deira Gud, - det er det ordet dei segja er livgivande, fyredi det gjerer Daapen til rett Daap, og Daapen er Gjenfødingsmidlet i den kristne Kyrkja. No vert Spursmaalet, um det er naudsynlegt, at dette Daapsordet heve havt same Ordlag fraa fyrste Stundi til no. At Meiningi maa hava voret den same, med andre Ord, at det maa hava voret til same Tru alle er døypte, det er alle samde um. Her segja Grundtvigianararne: ja det er naudsynlegt, at Ordlaget heve voret det same, soframt det skal vera Vilkor fyr Sæla, og det er difyre rimelegt, at det er Kristus sjølv, som heve sett upp fyre Apostlarne sine Daapsvilkori. Grundtvig set inkje dette fram som ei Læresetning, berre som Gisning. Dei andre meina, at detta er uhistorisk, at ein kann prova, at det heve vantat eit og annat Led, som fyrst seinare er tilkomet, at soleides Daapsartiklarne, som me bruka deim no, hava gjort seg smaatt um Senn, men svært tidlegt. Detta trur no eg. Eg trur, at Peter paa Pintsedagen liksom Apostlarne i det fyrste inkje hadde nokon viss Døypeformel, men at dei preikad Jesus Kristus krossfest og uppreist og so døypte paa det. Eg trur Innehaldet av den eldste Døypeformen er nokot nær dei Ord av Paulus, som han skriv til Timotheus: det det er ein Gud og ein Mæklar millom Gud og Mann, Mannen Jesus Kristus. Men den fyrste Menigheit kjende strakst Trong til at hava eit Fanemerke, ein Sum av alle Kjendsgjerningarne i deira Tru, som dei daa slo upp yver Ingangsporten til Kyrkja, Daapen. Den katolske Kyrkja eig ei Segn um, at Apostlarne gav kvar sitt Led til denne Kransen. Visst er det, at ein kann etterrekkja Grunnlaget til Trudomsartiklarne, endaatil i Ordlaget, radt upp til den eldste Tid, at det soleides er det eldste kristelege Dokument ein heve. Detta negtar inkje sjølve Caspari.
           
Men kvat er detta so i Grunnen at stridast um? Praktisk vert det daa nettupp det same, naar baade Partar er einige i det, at i dei 3 Trudomsartiklarne, som me bruka deim ved Daapen, hava me Summen av den kristelege Tru. Anten Kristus heve uppsett deim, elder Apostlarne, elder seinare Folk, kann daa vera nett det same, naar me alle er samse um, at dette heve voret den kristne Trui til alle Tider. At draga fram Luther nyttar litet, for han motsegjer seg ofta sjølv, det vil segja, han heve og som andre Folk havt ei Utvikling, og Grundtvigianararne kann framdaga likso mange Ord av honom fyre, som dei andre mot.
           
Difyre vil eg ropa til X: Ptro unge Mann! pust i Bakken. Ungfolen kann so lett sprengja seg, naar han spring heile fyrste Mili. Tykjer du Grundtvigianararne er ureine i Læra, no, so preik du reinare; tykjer du dei er etterlatne i sitt kristelege Liv, no so ver du likare; tykjer du dei misbruka Bibelen, no so bruk du honom betre. Men set inkje di Æra i at vera Theolog paa den Maaten, at du stend som ein Bandhund i Porten og gjøyr og glefser etter kvar den, som heve ei onnor Meining enn du sjølv.