Utan Rang.

[Del 5 av 10. Fyrste delen.]
 
Skaansk Folkeliv paa 1830-Talet, teiknat av Ave.
                                               
II.
                                     
(Framhald.)
 
Det var einast Husbonden, som talad ved Bordet, og daa dei var ferduge med Maten, klædde Dorte paa seg den nye kolten ein Millomting millom Herskapskappa og Bondekaapa, eit Plagg, som bruktest av Klokkarkona, Jordmori og Hushaldaren paa Herregarden, og som Dorte kunde ganga med utan aa synast krevja Frue-Titelen. Onnorleids var det med Hatten og Boa; Mylnarkona riste fraa Hovud til Fot, daa ho lagde den seks til aatte Alner lange Ormen kring Halsen sin og saag honom hanga i ei Lykkja ende ned til Føterne. Mannen hjelpte henne vælviljug med detta tunge Paaklædningsarbeidet; han hadde med sine eigne Hender sleget ei dugeleg Rennesnara paa Boa, for den høyrde til, sagde han. At han bar seg so riddarleg aat mot Kona si denne Morgonen, kom nokot av hans Tilhug til altid, under Skin av Godlynde, aa driva sin Vilje fram, men og av det, at han sjølv kjende ein utemjeleg Mothug mot aa lata Husens Folk faa sjaa Kona hans, so i Nærhaandom, i den uvanlege Bunaden. Det gjevst Stunder, daa Ein helder utset seg fyr hundrad framande Augo, enn fyr dei bisnande Minur av sine eigne Kjendsfolk. Gjentur og Drengjer hadde av Husbonden sjølv vortet fyresagde aa gjeva seg paa Kyrkjevegen fyre Herskapet.
           
I sitt hugtyngde Tilstand kjende Dorte seg likevæl takksam mot Mannen sin fyr denne Aat- gjerd, som ho forstod Orsaki til. Men daa so den grøne Hatten med sine Bandduskar og sitt kvite burr, som liktest eit kvitt Kindskjegg, ringad seg kring Andlitet hennar, daa skoksk den sterke Kvinna som av ei Frost-Rid, og ho snøggad seg og vende Ryggen til Mannen sin, som kom ut or Side-Romet med vidt utbreidde Armar ikkje fyr aa samna sitt lydige Viv, men fyr di den nye Pelsen var for trong i Armholerne og klembde den nye Herremannen jammerlegt.
           
Med ein Vonlausings Mod steig Dorte ut or Romet, gjenom Gangen og ut paa den høge Steintroppi. Her fekk ho den eine Foten inn i Boa, ho gleid ned fraa fyrste og andre Troppestiget, Rennesnara kring Halsen drogst fast til, og med fiktande Armar datt ho attlengjes med Hovudet mot nedste Troppestiget.
           
Gud i Himmelen, Moer! ropad Daniel,flaug etter og freistad aa hjelpa upp Moer si; men ved desse Tiltak vart Boa endaa sterkare strekkt, og Snara drogst endaa hardare ihop kring Halsen. Han trivlad med Haandi kring Strupen, daa Mannen, so snøggt den ukvæme Pelsen gav Høve til, kom, skuvad den hugsprengde Guten undan og sleit med eit kraftigt Rykk Boa fraa Halsen aat Vivet sitt.
           
Med Styrke reiste Kvinna seg no, reiv Hatten av Hovudet, kastad honom harmfull paa Marki og krasad honom med sin utfridde Fot; tok ho deretter Boa med sine sterke, arbeidsvane Hender og sleit henne beint i tvo og slengde baae Stykki ifraa seg. - -
           
Deretter gjekk ho, utan eit Ord og utan aa sjaa paa Mannen sin, som stod der liksom Baaten var fraa honom rodd, upp Troppi og inn i Stova. Um eit Par Minutt, lange nok fyr Daniel, kom Moer hans att, klædd i den kvite, stivstrokne Hovudbunaden, som kallast klut, og som i den Tidi bruktest av alle baade eldre og yngre Bondekvinnur der i Bygdi. Dorte tok Son sin i Haandi, nikkad venlegt til Mannen sin, som hadde nyttat den Stundi, ho var inne, til aa gjøyma Leivingarne av Herskapsstasen, og tagalle gjekk dei tri no til Kyrkja.
           
Her var alt dei andre nattvardsbarnen samlade i dei øvste Stolarne. Nokre av Gjenturne hadde ljose Kransar av Ty-blomar, som med sine Bladgull-Knuppar og grøne Fjører og Papirblad tevlad i Fargeglans med dei meir gamalldags Bandhetturne, som andre hadde, og som lyste av brokutte Band, Gullbroddar, Glasperlur og annat Glitter, so dei braut sterkt av mot dei myrke heimevovne Kjolarne. Det var berre Fyrklædi og Bringedukarne, som med sine gloande Fargar stod i Samklang med Hovudstasen. Desse Hetturne, som var helder dyre, aattest berre av rike Bønder og vart godviljugt utlaante til Konfirmation og Brudlaup, dei tvo einaste Høgtider, daa Bandhetta kunde brukast. Jordmøder, Klokkarkonur og dilike Kvinnur, som stod utan-um all Rang, leigde og ut slike Hettur paa Vinning, men det var endaa so faae av dei, at Ein stundom maatte senda Bod milevidt fyr aa faa laana ei Bandhetta.
           
Sokneskræddaren hadde med alt sitt Stræv ikkje kunnat faa Hetta til Olu; ho laut difyr lita seg med dei endaa meir gamalldagse Flettebondi, røyrde ikring det svære, myrke Haaret, og so seks brokutte Sidebond ned etter Ryggen. Men kvat var væl denne Prydnaden mot den, som Bengta hadde, Dotter aat Nemndemannen, ho som hadde sjauttan Bandendar nedetter Ryggen sin og dertil ein Krans av Tyblomar ovanpaa Hetta! Ho var no den fornæmaste av Gjenturne og hadde Rett til aa vera grummare enn dei andre.
           
Preika var slut; Borni trod fram til Altar-Ringen, Gjenturne til vinstre Sida, Gutarne til høgre, og stellte seg upp som dei vilde. Olu smaug attum dei andre, men Bengta rykte løynleg Daniel i Armen, so han kom til aa standa breidd-med henne. Nærast Gutarne laut Einkvar standa, og Bengta var den modigaste, for ho var den gildaste.
           
Ein Konfirmation i den Tidi me hev no 1837 var ikkje tenkjande utan den sterkaste Graat og den saaraste Sutring av Borni sjølv, av heile Kyrkjefolket og serleg av den store Flokken av Kvinnfolk, som hadde til Vis aa gjesta alle Kyrkjur i Bygdelaget, naar denne Høgtidi gjekk fyr seg. So mange som kunde gjekk ut or Stolarne, trengde seg upp i Preikstol-Troppi, stimde ihop i Gangen og ikring Borni, graatande so saart, som um desse skulde stiga inn i Daudeheimen i Staden fyr i Livsens Land.
           
Med harmfulle Augo saag Daniel paa desse sytande Kvinnfolki, som trengde Borni so hardt inn mot Altarblæja, at dei seig i Kne til stor Støkk for Møderne deira, som trudde, at dei braut mot den rette, væl inntalde Skikken ved detta Knefallet. Millom dei, som soleids laut i Kne, var Bengta. Og daa Moer hennar, som stod og saag seg gild paa den straalande, storfeldte Hovudbunaden hennar, vardest, at denne kvarv burt, so saag ho seg fyrst um etter Maken sin, Nemndemannen, men daa han ikkje syntest hava Augo elder Tankar fyr annat enn Salmen: O Gud, som ej de spädas röst föraktar, denne fagre Salmen, som han song med paa med sterkt Mæle og Taarer i Augo, - so vilde Nemndemannskona trengja seg ut or Kyrkjestolen, i Ræddhug fyr, at Bengta hadde gløymt dei gløgge Fyreskrifterne hennar; men daa saag ho Hetta aat Dotter si paa nytt dukka upp or Mengdi. Gamlemor smaaminkad seg til aa kliva upp paa Benken jamsides Tenestgjenturne sine, og saag daa, kor Daniel strekkte sin klædesklædde Arm verjande bakum den vadmaalsklædde Ryggen aat Dotter hennar, medan Assar med stor Ro puffad dei altfor nærsøkne Kjeringar og Kallar fyr Magen.
                                                           
( Meir.)