[Fraa fleire Stader paa Bondebygdi]

Fraa fleire Stader paa Bondebygdi høyrer me, at 17de Mai vart høgtidad i Aar fyr fyrste Gong. Soleids fortel ein Brevskrivar fraa Leikanger i Sogn oss, at Gutasamlaget m. fl. der gjekk i Procession fraa Skulehuset upp til ein Haug, der dei hadde Utsyn yver heile Bygdi, og der det var tilstellt av ei Festnemnd med Flagd og Greidur, eit dukat Bord o. d. Dei song og heldt Festmaaltid og Talar: Stud. N. Petersen talad fyr Dagen Skjoting, Hurrarop -, Olav Sande fyr gamle Mor og Sønerne hennar, N. Oppen fyr Eidsvollsmennerne, J. Fosse fyr Thinget Johan Sverdrup og Jaabæk vart serleg nemnde -, Gardbr. Jens Henjum fyr Kongen, Klokkar H. Flesche fyr Sverig 1) . Sidan vart Ordet gjevet fritt, og daa kom det Talar fyr Danmark, fyr Island, fyr Kvinna, fyr Bonden, m. fl. Millom Talarne Song og Saluttar. Klokka 11 kom Eimbaaten Sogn i full Festbunad, salutterad og gav Fyrverkeri. Enno snakkar Folk um, kor glade dei var den Kvelden, og meiner det skal ikkje vera siste Gongen, dei paa slik Maate held Fridomsdagen heilag; - me hev aldri fyrr haldet den Dagen so høgt som me skulde, sagde ein Husmann. Paa same Maaten hadde dei det i Tørdal ved Kraakerøy, ser me av Vestmar. Dei samlad seg paa Garden Lauvstad; Sakførar Bentsen heldt Festtalen, og sidan kom dei vanlege 17de Mai-Talar, soleids fyr Eidsvollsmennerne (Kjyrkjesongar Torjussen), fyr Thinget (Bentsen), fyr den norske Bonde og Folkeupplysningi (Bentsen), fyr Sjømannsstandet, dei norske Diktarar, Folkehøgskulen (Torjussen), fyr den norske Kvinna (Lærar Eivindson), fyr Eidsvollsmannen Prof. Sverdrup (Peder Lauvstad), fyr Johan Sverdrup (P. Lauvstad). Tilslutt heldt dei Dans (til Kl. 9 um Kvelden); heile Festen var fin og folkeleg; sterke Drykkjer var ikkje aa sjaa. Det er Jon Lauvstad, som hev Æra av aa ha fengjet Festen istand.
 
1) Talen (den officielle) fyr Sverig høyrer til paa 4de Novbr., ikkje paa 17de Mai.              Bldst.