[Notisar]

Kristiania, den 20de Juni 1879.
 
Folkemøte. Frilynde Valmenn og andre Røysterettuge vert innbodne til Møte i Haugsund den 28de Juni Kl. 11 Fm. fyr aa samtala um Thingvalet fyr Sud-Upplandi. Likeins skal haldast Samtalemøte den 2dre Juli nær Straumen Jarnvegsstation um Valet fyr Romeriksfylket. Storthingsformann Joh. Sverdrup hev lovat aa vera med.
 
Stortinget vart uppløyst i Dag Kl. 2 av Drottseten Stang. Nokon Trontale vart ikkje halden.
 
Bladpressen. Redaktør D. Mejdell skal ganga fraa Styret av Aftenbladet. I Staden hans kjem Yverretssakførar J. F. Sandberg, som fyrr hev styrt eit Bakstrævarblad i Fredriksstad.
 
Drottseten F. Stang skal strakst reisa til Schweiz fyr aa bøta paa Helsa; han er no ein gamal Mann og kann turva baade schweizisk Fjellluft og aa friska upp Ungdomshugen fraa den Tid, daa han skreiv, at det konstitutionelle Kongedøme er eit Brigde (Modifikation) av Republiken. Rigsraad Munthe er og ute paa Ferd i denne Tid.
 
Gaava. Fru Schwensen, Ekkja etter Storkaupmann S., hev gjevet Kr. 16000 til Samlaget til Hjelp fyr eldre Tenestgjentur i Kristiania.
 
Ved Brunen i Balkeby, som me gat um i eit tidlegare Blad, innebrende ein Tobaksspinnar. Han skulde inn etter Sparebankboki si, hev me høyrt, og kom ikkje ut att meir. Dei hev funnet dei brende Leivingar av honom i Oska.
 
Det danske Riksthinget sluttad siste Laurdag sine Forhandlingar.
 
17de Mai-Festnemndi i Bergen hev gjevet inn Bønskrift til Kongen um, at det vert skotet fraa Landsens Festningar kvar 17de Mai liksom paa Landsens andre Festdagar.
 
Attest. Jarnvegsdirektør Karl Pihl fær i Mrgbl. Attest fyr aa vera en fremragende Ingeniør. Me veit, at han er ein dugande Mann til aa øyda Pengar. Kvat han ellest duger, veit me ikkje. Han hev fengjet sin Lærdom ved Sløjdskulen i Gøteborg, som visstnog er ein god Skule, men der dei likvel ikkje gjeng vidt i Ingeniørvitenskapen; denne Skulen er berre ein Elementarskule. Naar no Hr. Pihl gjeng av, etter det Misstillitsvotum han hev fengjet av Storthinget, maa me faa ein Jarnvegsdirektør, som hev studerat Ingeniørvitenskapen til Botns og derattaat hev Praksis fraa Utlandet i Jarnvegsbyggjing. Ellest vart det same Armodsdomen, som det hev voret hjaa oss i denne Vegen. For Vitenskap maa til, og Praksis er likso naudsynleg.
 
Ufreden millom Peru og Chili i Sud-Amerika trur væl dei fleste ikkje kann skilja oss nokot. Men han gjer nok Ugagn lell. Hamner, der bl. a. norske Skip hev teket inn Guano og Salpeter, er øydelagde elder sette i Blokadetilstand, og dermed hev alle Guano- og Salpeterfragtningar derifraa sluttat. Dei Hamner, her er Tale um, er Pabellon de Pica og Huanillos (Guano-hamner, skamfarne av Chili-Floten), Iquique, Pisagua, Mejillones og Molle (Salpeterhamner, sette i Blokadetilstand), og paa dei Staderne hev norske Skip faret i Aaratal.