[Paa Bergens Teater]

Paa Bergens Teater spilad dei Ervingen paa 17de Mai. 1) Um detta skriv ein Brevsendar til oss: Den Kvelden gjekk Ervingen her fyrste Gongen, som det stod paa Plakaten. Spilararne treffte ikkje Bondelaget godt, og haltad i Maalet. Best gjekk det, naar dei song. Trond hadde godt Maal, men yverdreiv i Fakterne; Aamund var for beintfram og fus med Gleda si; Bondegutar er ikkje so, naar dei kjem heim av Langferd; det gjeng meir høgtidslegt fyr seg aa helsa paa gamalt Kjendsfolk, ikkje med laussleppt Gleda, men med Ro og millt Aalvor. Olav var best; men han var for gamall. Han gjekk i Skinnbro! og hadde so mykje kvitt Haar og Skjegg, at han saag ut som han kom fraa Kverni. Han var som i 90-Aars Alderen, men Kona, Gunhild, ikkje meir enn ikring dei 30. Ho var væl kvass av seg, Gunhild; det høvde ikkje. Inga spilad godt, men fekk ikkje rette Laaten i Maalet. Dei skal tala so fuglekvidrande fint og kjappt, desse Bygjenturne; Landsmaalet vil hava det meir rolegt og meir fullt i Tonen. Stykket i det heile gjekk bra, og det vekkte eit Samtykkje, som var med det sværaste eg hev høyrt her paa Teatret, endaa det den Kvelden ikkje var mange Folk. Kvar einaste Song vart motteken med slik Klapping og slike Fagnad-Rop, at Spilararne sume Gongjer laut stogga paa fyr aa faa Øyreljod; daa Duken gjekk ned, vart dei framropad under ny Klapping og Jubel.
 
1) I Kristiania spilar dei De unges Forbund og Peer Gynt den Dagen. Dei Kristiania-Norske er seg allstødt like. Men i Paris gjekk Ervingen!