Fraa Bygderne. [Soløyr]

Soløyr. Eng og Aaker stend vænt her no. Det ser skilleg ut til, at me skal faa eit oveleg gildt Aar. Glomma hev væl gjort nokot Ugagn, men daa me hev Turrveer, vil det knapt saka stort.
           
Den 4de Juni møtte Solongerne med Kua si paa eit Nautemøte paa Sæthre i Hoff. Innmot 200 Kjyr møtte, og fleire var nok innskrivne, men Veeret var ufyset med Regn og Vind, so dei torde ikkje ut. Der var rigtigt mange væne Kjyr; men dei maatte staa med Klæde yver seg, og endaa fraus dei so dei skalv. Der var ikkje mange Premiar; dei fleste Kjyrne laut gaa heimatt utan. - Etter Møtet var det Middagslag hjaa Hr. Larson paa Sæthre. Av dei mange Talarne, som der vart haldne, var ein paa Maalet.
           
Me gjekk fraa det heile med den Tanken, at Kreturstellet hev teket seg upp her mot fyr nokre Aar sidan. Mange hev komen til aa sjaa, at eit godt Kreturstel vil gjeva meir av seg fyr oss enn Aakerbruket. Og det tenkjer eg er rett.
                                                           
H. H.