Repræsentationen.

[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
 
Dagen fyr Valmannsvalet er komen, og Veljarfolket samlast til Valstaden. Eg tenkjer, dei kjem helder mannsterke. Det er Sumar og fint Veer, so Valet verdt haldet ute paa Vollen.
           
Midt paa Romet er ei ingjerd Trø, som ved eit Tverdeile er avbolkad i ei stor og ei mindre. Midt i Trøi Talarstol og Rom aat Fyremannen i Valstyret. Ved Grindi stend Folk og passar paa, at ikkje andre enn Røysterettuge slepp inn. Kl. 12 tek sjølve Valet til; men alt eit Par Timar fyrr hev Folket samlast fyr aa samraadast. Dei sankar seg no um dei, som dei hev i Tanke aa velja, og desse maa greida ut fyr seg, setja fram sine Meiningar um dei Sakerne, som er frampaahavde, og segja fraa, kven dei i Tilfelle vil kora til Tingmenn. Med sovorne Tingingar gjeng Tidi, og kvar søkjer seg Felagar til aa røysta paa sin Mann.
           
Men no er Klokka 12 og sjølve Valet tek til. Grinderne hevst att; no slepp ikkje fleire inn. Valstyraren: Tinget er sett! Er det nokon som hev ein aa telja inn til Valmann? Jau, det er nokk mange Emne, er det sjaaande til. Valstyraren skriv Namni deira upp paa kvar sin Paperlapp, og alle desse Setlarne vert lagde i Val-Urna. So vert ein av Setlarne uppteken. Valstyraren: Fyrst skal røystast, um Hr. A. skal vera Valmann. Er det no 50 Mann, som vil velja paa Hr. A., saa lyt dei ein fyr ein ganga inn i den mindre Trøi. No vert det Liv; alle stimer ihop burt med Grindi. Der i Ledet stend Menner fyr aa telja dei som gjeng ut. Jau det er nokk av dei, som vil røysta paa Hr. A. Mann etter Mann gjeng ut gjenom Ledet. 47 48 49 - 50! Grindi vart attslegji, det tarv ikkje ganga ut fleire. Valstyraren: H r. A. er dermed vald til Valmann. Dei 50, som korad honom, hev fengjet Repræsentant fyr seg; dei kann no ikkje vera med paa aa velja fleire. Sinsimillom vel dei ein Varamann og gjeng so utanmed. No er dei berre Tilsjaaarar.
           
Valstyraren dreg ein ny Setel upp or Urna. Det vert B. det no skal røystast um. Men han fær ikkje mange nok med seg; 37 Mann gjeng ut gjenom Grindi, men so ikkje fleire. Valstyraren: Hr. B. er ikkje vald; dei Mennerne, som røystad paa honom, fær sjaa til aa finna ein annan. Dei 37 kjem no attende inn i Stortrøi.
           
So kjem Radi aat C. og dei hine, som var frampaahavde, og paa denne Gjerdi held dei paa, til dess det inde i Trøi er att færre enn 50 Mann. For med kvar, som verdt korad, gjeng det 50 fraa. Møtte det soleids fram 330 Mann, fekk Bygdi 6 Valmenner, og dei 30 som vart att utan aa faa velja nokon, hadde ingen skilleg Grunn til aa klaga; dei fekk berre koma ihug aa faa eit Tjug andre med seg ved næste Val, so fekk dei og senda ein Valmann.
           
Det var no Valmannsvalet. Sidan kjem Valmennerne saman fraa heile Storringen og korar paa same Maaten Stortingsmenner.
           
- Etter dei same Grunnarne kann det og tilskipast ei skriftleg Røysting. Kvar røystar i Røyndi berre paa ein; men det kann henda, at denne ikkje fær mange nokk med seg; for at daa ikkje nokon Setel skal verta til Faanyttes, lyt Ein skriva paa, kven Ein i so Fall vil røysta paa. Soleids: Eg røyster paa A; vert ikkje han vald, paa B. so paa C. o. s. fr.
           
Me skal no sjaa, kor stor ein Part av Veljarom etter denne Gjerdi i verste Fall kunde verta utan Repræsentation.
           
Me kann tenkja, at kvart Herad i Medel fær 4 Valmenner: det vert daa iallfall 1/ 5 av Upphavsveljarom, som ingen Valmann fær. Lat oss so tenkja, at kvar Storvalring i Medel sender 4 Tingmenner; 1/ 5 av Valmennerne er daa det meste, som ikkje fær Repræsentation; men daa alle Valmenn svarar til 4/ 5 av alle Veljararne, svarar 1/ 5 af dei til 4/ 25 av desse. Samanlagt vert det daa under ( 1/ 5 + 4/ 25 = 9/ 25) 2/ 5 av heile Veljarfolket, som ikkje vert repræsenterat.
           
Med det Valsystemet, som me no brukar, saag me, at det kunde tenkjast Storting, som berre repræsenterad nokot yver ¼ av Veljarom; men med det her umskrevne Systemet var ein viss paa, at Tinget repræsenterad yver 3/ 5 av Folket.
           
Desutan ser ein, at di større Valstriden var, di mindre vart den Luten, som vart utestengt ved Vali. Set soleids, at kvar Bygd fekk 9 Valmenn, det vardt daa berre under 1/ 5 som vardt utestengde, og Tinget vilde i so Fall repræsentera yver 4/ 5 av heile Veljarfolket, o. s. fr.
           
- Som me minnest, var dette Valsystemet uppbyggt paa den Grunnen, at kvar Røyst skulde vera like god Landet rundt. Som Tavla i No. 43 synte, er detta nokot, som paa ingi Gjerd maatar med Tilhøvi, slik dei no er; me saag at Vegti aat kvar Røyst var bundet av Bustaden (kom ihug Romsdølen og Kongsbergmannen).
           
Det ser ut til aa vera ein liten Rikstanke i detta. Noregs Storting burde vel repræsentera Rikets Einskap og ikkje vera berre ei Samling av Amtsformandskaber, aa kalla fyr. Det er dei lokale Høve, som etter det gamle Valsystemet fær briska seg. Det sereigne lyt ein ikkje gløyma; men det skulde ikkje sitja i Høgsætet, der det aalmenne burde hava Sessen sin. Nei, lat Fylkesting og Heradsstyre svara fyr det lokale, og lat so Stortinget vera fritt fyr altfor mykje av slik Ballast. Difyr: Vegti aat kvar Veljars Røyst maa under same Høve vera eins yver det heile Riket.
           
Som me av Tavla kunde sjaa, var det nokk Pengemagti, som gav Romsdølen, Kristianiamannen o. s. fr. deira ulike Røystemagt. No ja, vil Folk halda paa, at det er Dalaren og ikkje Mannen, som hev Røysteretten, so kann dei det; det Valsystemet eg her hev peikat paa, gjev Tilhøve til det med; men det laut daa verta greidt fastsett, at den, som eig so mange Krunur, hev e i Røyst, den, som eig so mange, hev tvo Røyster og so frametter. Men daa kunde og Folk taka og kjenna paa, at det er Skillingen, som styrer Verdi. Eg fyr min Part held no Mannen yver Dalaren.
           
- Aa Vas, segjer Folk, dei liver i Fred og Ro; - me vil ikkje taka til aa klussa med nokot nytt; me hev aldri set annat, enn at Tinget, slik me no hev det, svarar nokk so godt til Fyremaalet.
           
Ja lat so vera; i Stilla og Godveer er kvar Baat brukande; men er De so støde paa, at han og vil standa ved Lag i Storm og Uveer?
           
I urolege Tider, naar dei store Spursmaal er framme, naar Lag stend mot Lag, nettupp daa er det, at det gamle Systemet svigtar; eit ofta tilfelligt, snaudt Yvertal paa denne hell hi Sida kann kasta Landsstyret snart paa ein og snart paa ein annan Kant. Systemet kann difyr kallast det katastrofistiske, det revulutionære.
           
Nettupp under slike Tider er det, at det her umnemnde Systemet arbeider allra stødast, som me fyrr saag. Det stemmer ikkje burt ein Understraum, som kann veksa og veksa til han ein god Dag bryt Stengslurne og flaumar utyver med Øyding og Herjing til alle Kantar. Det fylgjer tvert imot med Utviklingi og legg henne fram i Dagen.
           
- Me hev her ovanfyre haldet oss til Stortingsvali. Men det er greidt, at dei same Princip og maatte fylgjast ved Val paa Fylkesting og Heradsstyret. Men me skal ikkje her ganga næmare inn paa det. Her galdt det berre aa setja Tanken fram so i det Aalmenne. Fyrst um det kunde syna seg, at det var nokot To i honom, var det verdt aa tenkja paa aa maata honom inn i dei einskilde Tilhøve.
           
Eg hev freistat aa leggja honom fram so godt eg magtad, og det skulde daa vera trøysamt aa sjaa, kvat andre meiner. Og dei, som finn, at det heile er berre Kannestøyping, vilde eg gjerna beda leggja fram sine Motgrunnar, so Ein kunde sjaa, kvat som var rettast og best. 
                      
P.