Segner fraa Vaagaa.

(Ved Ivar Kleiven.)
 
1. Ofsen i 1789.
 
Somaren 1789 æ ofte umtala av gamle Folk her i Bygdenn; naar dem kjem paa Snakk um Alderen sin, saa kann dem vera fødde ”Skridusomaren” eller ”da Skridun gjekk.” Den Olukka, som da gjekk over Bygdi bli hellest for det meste kalla ”Ofsen”. Da dæ lei fyrst ut i Slaatonne, bar dæ te aa regne saa reint utur Lagje, at Elve og Bækkjun voks saa upp, at dæ va reint raalaust aa koma over; dæ vart slik ein Flom i Elvenn, at han alder har vore slik nokongong sia. I di bratte Liom her i Bygdenn og mest i Baksiunn, vart Jorde saa upbløytt av Vætunn, at ho tok te aa gaa i Skridu nedette, og di djupe Fare ette Skriduom syne den Dag i Dag. Dæ va forsett te Skae dem gjorde: mange baade Garde og Plasse vart reint utskjemde av di, at Skridunn kom med Urd og Stein og laak Jord og fløymde utover. Paa mange Stelle har eg set Skridujorde liggje 1 Aln tjukk ogopaa di gamle Jordenn, og dæ verste æ, at Skridujorde æ saa tong aa arbeide upp; ho æ saa umogle steinfull. Dæ saag sørgjele ut i Bygdenn, da Skridunn ha rasa fraa se: alle Skridulaupe sto der svarte aa gapte i Liom; mang ein velbrukt Heimstad sto att som eit Olende, som dæ saag vonlaust ut aa taakaa ihop mæ att; Skogen foor ille, og Jorde ljøp av i di brattaste Liom, saa dæ gjorde Skae for Vokste i tjugetal Aar. Store Flængjo som førr va skogvukse, staar att ette Skriduom som nakne Bergesva. – Veggjemsgarann, tvo store og gjilde Garde, foor stygt ille. Bestefar min, han Ivar Bjørnstad, gjekk burti Andershøen og leitte ette Ulvgren trast ette Skridunn ha gaatt; han saag burti Veggjemsgarann; men dæ fanst ikkje ein grøn Flekk aa sjaa. Bror hass, han Anders Bjørnstad, ha’ staaand 600 Riksdale i sødre Garde-Veggjem; da Skridunn ha gaatt, kom Mann’ der og baud ’om heile Garden for di 600. ”Aa nei, eg vil førr tape di Peningann; du fær gjeva deg te der; naar dæ li fraa nogre Aar ska du sjaa, dæ grønkast te att”, sa’n. I nørdre Garde va dæ i mange Aar dem kund’ ikkje føe meir held 2 og 3 Kjy. Eide va au ein gjild Gard, dem fødde 18 Mjølkekjy der; men Skridun tok Huse og reidde saa te heile Jorde, at dæ no ligg som Utvinne onder ein an Gard. I Øverlienn reiste Huse; den gamle Mann der, han Mikkel Lien, va blind. Da Skridun tok te aa gaa, bar dem han ut i ”Liahaugen”, ein høg Haug i Jorde, der dem var orædde av Skriduom; dæ va mykje Folk som laut gaa dit fraa Grendn umkring. Han Mikkel var gamall og oænsog vorte, og saa vilde dem ikkje fortelja ’om kor gale dæ va; da han kom ut i Haugen trudde han, at han var i ei a’n Stugu for Regne Skuld. ”Dæ dryp her au”, sa’n, og da regna dæ saa dæ skjylde; sia va detta eit Ordtøkje: dæ dryp her au, sa’n Mikkel Lien. I nørdre Kleiven ljøp alle Huse av, saa ner som ein gamall Stall; Kjeringje og Bone va uppaa Sætern, og Mann va einsle heime; da dæ tok te aa regne saa forsett, kjende han ingor Ro paa seg, han flytte ut ur Husom alt som laust va og inn i den gamle Stallen, og sjøl gjekk han ette upp aa Sætre. Da han kom ne att, sto Stallen orøyvd; men di andre Huse laag i Grus. Baae Skaarsgarann reiste, men i øvre Skaar rauk dæ mæ 11 Menneskjo, 10, som høyrde Garde te, dæ 11te skull’ vera eit framont eit, som kom der da. Di 11 Likje vart lagde i ei Grav, og Gravfjøle deres ha staatt te i seinare Ti; no æ ho nokk burtkome. Fleire Menneskjor gjekk nok ikkje te her i Bygdenn. Paa Lalm, som ligg i Solsidunn, gjekk dæ nok berre ei Skridu, for dæ æ ikkje viar saa bratt der. Dæ va paa Ner-Bjørnstad, den Skrido gjekk. Mann der sto og saag paa, at Skridunn gjekk i Stadeli’n, beint burtafor, over Elve; Gronne stupte saa tett, naar dæ kom ei Skridu neigjenom: ”nei sjaa Gronne, kor ho stupa burt i Stadelienn, du! Dæ va tepass aat Gron’ du!” sa’n. Nord og ogofor Garden paa Bjørnstad var dæ likt te, at dæ skull losne ut ei Skridu, og midt neonde laag dæ ein stor Rogaaker. ”Du fæ gjeva burt ei Halvtynne Konn naa, Paal, saa kanskje Vaarherre sparar Rogaakern”, sa Kjerringje. ”Nei Guste (Guds Død)! dæ agta eg ikkje, for eg fæ sjaa”, svara’n. Nettupp mæ dæ sama losna Skrido uppi, saa dæ ronde atti. ”Aa ja, naa da!” sa’n, da ha’n vore ferdog te aa gjeve burt Kornhalvtynna; men Skrido kom og tok Rogaakern lell, ho. Da banna han styggt, da.
           
Rinda æ ei stor Tveraa, som renn ne paa Baksia; ho voks upp, saa dæ gjekk ikkje an aa koma over ho nokonstan nere i Bygdenn. Han Knut Svarvarhaugje og han Lars Rusten kom att fraa Lalm og vilde heim att; dem kom ikkje over Rinda førr uppi Rinddale, og da vodde han Knut, saa Haare hans flaut. – Denne Knut’n va ein framifraa sterk Kar og overlag vælvukse. Han va ikkje mykje høg, men tjukk for Alvor, stutt uppaa Knee, lang og diger i Laarom og brei i Ryggje som ei Bakstfjøl. Hugue sat reint ne i Akslom paa honom, og saa skulde han vera saa fælt brei imillom Augom og grov i Maale som ein Ukse. Um Vintern, naar dæ va kaldt og han skull’ aat Morken, brukte han alder Halsturklæ; han ha hengjand ein liten Viduspenning paa Veggje, den tok han, brette upp Striskjurtlinningje og kneppte paa Spenningen. Mæ han va ong, tente han paa Holbø i Skjaardale. Saa va dæ ein Julefta, dæ Bele Folke sette seg inn i di andre Gardom, Mann kom sta aat ’om Knut og ba’n reise ette eit Lauvlass. Han Knut vart sint, fordi han skull laata arbeie lenger hell anna Folk Julkveln; men saa gjekk han sta og tok ut ei Merr utur Stalle og tok te aa sæla paa. Merre skapte se lei ho, daa han skull leggje paa Hugumæle, og dæmæ ha’n upp Næven og slo Merre midt i Skallen, saa ho stupte aat Garde. Mann sto aa saag paa, men han skonda seg innatt da, da han saag dæ tok saa ivegen. Men han kom nokk mæ eit gjildt Lauvlass au, daa dæ lei fraa ei litor Stonn. Da han va i Utskrivningsaarom, læt han seg kværve og gjorde Gardisonstenest i Trondheim, og derfraa gjekk han radt heimatt eingong paa eit Syllaterbrø og seks Skilling. Han va ein freleg Kar, men vart han upperta, var han farleg. Eingong paa ein Aksion var dæ ei Rengje, og dæ skull vera rigtogt ein go Kar au, som vilde smørja Son hass Knut, han Omund Lauvrusten. Denna Rengja miskjende han Omund og tok han for aa vera ein, som han va i Ovenskap mæ. Han Omund hae seg onda alt han kunne og sa, at han kjende imist, men dæ hjelpte inkje. Sidst vart han Knut sint, han va der han au: ”ja, her æ Far’n og der æ Son; eg ska forsvara Guten, eg!” sa’n, og dæmæ greip han Kroppen og sette han inni ei Ro i Stugunn, saa Bloe sprænte. – Kjerringje hass Knut skull vera slik, at ho va saa traa og arg sume Gongo, saa ho flaug kav paa han. Eingong, dem skull gaa ne att fraa Sætern, skapte ho seg gale; han Knut gjekk mæ ei stor Mysuflæske paa Ryggje, og da rende ho paa han og fekk han ikoll. ”Jau, ska du bli Mester, ska dæ vera rart”, sa’n Knut og dæ vart nok ikkje lengje ho va Mester held. Den Iva Knutsen som er nemt i ”Smaastubbar fraa 1814” 1) , var Son hass Knut; han va eit godt Hugu, som ha saa lett for aa gjera Vers. Eg ha tenkt, at dæ kund’ gaa an aa faa grave upp att sume av Visom hass, for dæ livi att ei Dotter hass enno; dæ æ lengje si han Iva do; men han Knut, Far hass, livde til i 1843; da do han um Vintern seks ell sjau og firsinstjuge Aar gomoll.
 
1) Fedraheimen 1878.