[Moderhjemmet]

Moderhjemmet, et Maanedsskrift for Ungdommen. Udgivet af Johannes I. Netteland, Vikør Hardanger. Fyrste Numret av detta Bladet er no utkomet. Det byrjar med eit rett fagert Dikt paa Norsk, og ellest heve det mange fine Ting (paa Dansk), som vist Ungdomen vil vera glad i. Bladet vil bera fram kristelige og folkelige Fortællinger, Historiske og Naturhistoriske Skildringer, Eventyr, Digte, blandede Meddelelser, Anekdoter og Gaader, tildels ogsaa Præmiegaader. Bladet er endaa litet, men etter Prisen (Kr. 1.10 fyr eit heilt og Kr. 0.55 fyr eit halvt Aar er det stort. Ellest er det nok Meiningi, at Bladet sidan skal verta ein Gong so stort til, men Utgjevaren vaagar ikkje det endaa.
           
Me heve mange Blad for Ungdommen, so det kunde vera nok; men dei er ikkje i alle Maatar so gagnlege som dei skulde vera. Det vantar ikkje, at dei heve godt Innhald, men dei hjelper kanskje meir enn dei fleste andre Blad til aa skjemma burt Maalet. Eg maa tenkja paa meg sjølv. Eg fekk fat i eit Børneblad, som var rett morosamt. Det synte meg Vegen til Forteljingarne aat Bjørnson og andre slike gode Ting paa Dansk. Eg hadde godt Høve til aa lesa gode Bøker paa Norsk og, - kann soleids hugsa Torgrim av Janson og Ferdaminne av Vinje; men eg kastad dei stødt; og hadde fenget som ein Motsmak mot slikt. Detta fylgde meg endaa, daa eg var vorten Maalmann, ja endaa etter at eg hadde fenget Vondord paa Skularne, fyrdi eg allstødt fortalde paa Norsk. Eg heve snaudt vunnet dette yver heilt endaa. Me bør knapt føra Ungdomen for langt inn paa den Vegen, og allramest no, daa Norsk skal brukast i Skularne. Dette siste er godt, men hjelper ikkje som det kunde, so lengje alt det, dei unge fær aa lesa, er paa Dansk, tilmed Barnebladi, som Born i ofta er svært glade i. Fedraheimen er god nok, det vantar ikkje, men meste Lestren der ligg korkje fyr Born elder Ungdom, han krev Menn. Kvifyr daa ikkje reisa eit Ungdomsblad paa Norsk med eingong? Nei, me er ikkje god-til aa bera det endaa. Me ser kor traatt det gjeng med Bladi fyr vaksne. Difyr fær me vera glade til, at ein Maalmann no vil freista med eit Blad, som heve baade Norsk og Dansk. Det nyttar ikkje aa vaaga seg lenger endaa. Utgjevaren hev sagt meg, at han vil arbeida fyr Norsken alt han er god til; - men daa maa ogso Maalmennerne tinga Bladet til Borni sine. Det finst mange gode Maalmenn i Hardanger. Dei heve ogso freistat med eit Maalbald Maaltrosti, men det kunde ikkje halda seg. Fraa den Tidi heve Maalmennerne sovet fyr det meste. Fær dei no gnika Svevnen or Augo, vil dei sakte kunna gjera mykje, serleg daa der er mange duglege Lærarar, som vist dei tjuge Aar heve brukat Maalet hennar Mor i Skulen, fyr Prest, Provst og Bisp.
           
Eg vil daa beda Folk taka venlegt mot Bladet!
                                              
Oddmund Vik.