[Ein tropisk Vatn-oase]

Ein tropisk Vatn-oase kallar Professor Rasch Ostraviktjerni i Soggendal, og Namnet tykkjest høva. Det er visst eit med dei underlegaste Vatni i Europa, um Ein ikkje skal segja i Verdi. Det ligg so til, at Sjøen lett bryt inn; eit Lag ferskt Vatn, oftaste 8 d. c. tjukkt, flyt uppaa, Saltvatnet under. Det undarlege er, at Vatnet paa kaldaste Vetren tett under Islaget stødt held seg paa ein Vermegrad av 11 o R., medan Vermen um Sumaren ofta stig til 17 o R. Nokre hev gissat paa, at varme Kjellur i Botnen skulde vera Orsaki, andre av den rotnande og æsande Sjøvoksteren er Skuld i Fænomenet. Rasch trur ikkje paa nokot av dette. Sumarvermen er lett nok aa skyna, daa Tjerni hev fleire hundre Fot høge Bergveggjer paa alle Kantar, so Vermen i Dalen kann ganga upp til 30 o R. Dertil kjem, at Tjernbotnen er kolsvart, so Solgjeislurne liksom sugast upp av den, og dei bratte Sidurne rundt ikring samlar etter Maaten utruleg mykje Sol paa den vesle Vassflata. Same Orsaki trur han den store Vermen um Vetren hev. Den svarte Botnfargen kjem av ein Sjøblom, som veks i Mengd der, og som, naar han rotnar, legg seg som eit svart Hy paa Botnen. Denne Tjerni kann bli ei Gullgruva, naar ho vert skikkeleg styrd, og det er her no Von um. I Stavanger hev dei gjort eit Samlag for Ostre-Avl, og dette hev lagt seg um Tjerni. Berre Namnet syner, at Tjerni fraa gamalt hev voret rik paa Ostra. Rasch trur det er den laglegaste Staden me hev til slik Avl. Freistnadar hev vist, at Ostra der veks fortare hell paa dei likaste Stader endaa i Frankrike og England, og at dei aukar i Tal 3 Gonger so fort som dei engelske og franske. At dei er so utruleg frævsame trur Rasch kjem seg av fyrst og fremst Vermen heile Aaret rundt, dinest av den Ovmengd med Mat; ein Bekk stryk gjenom Tjerni og fører mykje med seg, men serleg feitar Ostra seg fraa det Utal av andre Skaldyrungar (av sine eigne og), som Vatnet yrer av. Rasch raar til aa ala upp Ostra til ein viss Storleik i Tjerni, og so herda henne i kaldare Sjø, - for ho veks so fort i Tjerni, at Skalet vert for tunnt, - og so selja henne til England, der dei feitar henne ei Stund til og so sel henne att.