Tale ved Minnefesten fyr Fedranne i Seljord den 14de Februar 1880.

Tale ved Minnefesten fyr Fedranne i Seljord den 14de Februar 1880.
                         
(Av Jørund Telnes.)
 
Naar me no inkje visste lenger tilbakars en ifraa den Tid, som me sjave kann minnast, hoss uendeleg armt vilde daa inkje Live bli, hoss lite vilde me daa inkje vita, aa hoss lite hadde me daa inkje aa glæa konn i. Me vilde vera verre farne en dei Ville. Noko rikare vilde Live vaart bli, um me berre til dæ kunne leggje Soga um dæ Mor aa Far hadde upplivt; dæ vilde allereie vera tvo Liv lagt til eit, tvo Sogur til vaar Soga, tvo Livsrøynslur til vaar Livsrøynsle. Kunne me so til dæ leggje Soga um Bestefar og Bestemor, so hadde me fire Liv lagt til eit, aa vaart egje Liv vilde vera minst fire Gongur rikare. Naar me soleis tenkjer konn um, so vil me sjaa, at dæ beste me eig, dæ heve me fengje fraa Soga, so at dæ, som me liver eit Liv paa, som er verdt aa kalle eit Liv, dæ heve me fengje fraa den. Eg veit mest inkje hokke eg skaa seta høgare, anten Soga hell vaart egje Liv. Men dæ kann eg hugheilt seia, at Soga er likso nauturveleg for Live, som dæ er naturveleg for Hjartae, at dæ hev eit Hovu ivi seg; dei er like umissande baae tvo. Men Soga er meir en eit Hovu; ho er au Hjartae tillike. Soga er ei lang Rad av mange, lange aa rike Livsrøynslur; men dæ er inkje berre Vite aa Minne, ho ber i seg; nei, vil me leggje Øyra vaart inn til Soga, so skaa me faa høyre, at Fedrannes Hjarta bankar der; me skaa høyre dæ bankar i Glæe, me skaa høyre dæ bankar i Sut, me skaa høyre dæ i Hat, me skaa høyre dæ i Forsoning; ja me høyrer Guds egje Faderhjarta banke gjenom den. Og store Lærdomar hev ho aa gjeva. Ho syner konn, hoss dei vonde Tyrannar, som traassar Guds og Manns Rett og all Mannavyrdna, maa falla, kor sterke dei er, og koss Folkji, eit etter eit, i tunge Kampar og saar Strid reiser seg upp til Fridom og Mannsverd; ho lærer konn aa seta Verd paa Fridomen, aa ho syner oss, at eit Folk nettupp i Fridomens Sol fær Kraft til aa vekse seg stort aa fagert i so mange Lutar, baade etter Kropp aa Aand. Dæ er Soga som syner oss, at eit lite Folk kann bli eit stort Folk, aa stundom faa dei største Uppgaavur, aa at dæ inkje kjem an paa aa telje Hæri si, naar ein skaa forsvara Fridom aa Fedreland, men at dæ er dei Folk, som sigrar i Kampen, som heve Fridomen aa Fedrelande mest kjært, aa som heve Gud attaat. Vaar egji Soga er helder inkje forutta Vitnemaal i so Maate -:
 
Norske Mand i Hus aa Hytte,
Tak din store Gud;
Landet vilde han beskytte,
Skjønt det mørkt saa ud.
Alt hvad Fædrene har kjæmpet,
Mødrene har grædt,
Har den Herre stille lempet,
Saa vi vandt vor Ret.
 
Soga er Teologiens Moer, ho er Vitenskapens Moer, ho er Poesiens, dei fagre Kunsters Moer, ho er Civilisasjonens aa Folkelives Moer. Men dæ er syrgjeleg so lite som me kjenner Soga i dæ heile. Aa dæ er endaa syrgjelegare so lite som me kjenner vaar egji Soga, endaa den skulde vera oss nærast. Kjende me betre den, so skulde me sjaa, her var eit rikare aa fagrare Folkeliv ibland konn. Heve me inkje noko godt aa minnast, so heve me helder inkje noko godt aa likjast, og so kjem dæ raae aa laake i oss so altfor lett, upp -:
           
Tøilesløshed, Egennytte, Faskhed, Løgn og Tant, Sneg sig ind i mangen Hytte, Det er vist og sandt!
           
Hot kann vera fagrare enn Minni, godt Folk? Dæ er dei, som sete upp dei beste Mynstertankar for oss. Aa, me heve i Sanning fagre Minne; me skaa inkje klaga ivi dæ. Lat os berre gange inn under Sogas Himmel, so skaa me sjaa mange fagre Minnestjernur blinke ivi oss, aa dei skaa draga Auga vaart upp til seg, so me skaa koma til aa spyrja oss:
           
Er vi ei i Slægt med disse,
Der fra fordums Tid
Staar med seierkronet Isse
Efter ærlig Strid?
Klippetroen gav dem Modet
Til at ofre Hjerteblodet,
GJennemtrængt af Kjærligheden
Stred de kun for Freden!
 
 
Minni er Kjærleikens ljosblaae Himmel, som kvelver seg ivi konn. Liksom me heve ein naturleg Himmel, soleis heve au kvort Folk ein Sogehimmel mæ sin serskjilde Lit aa Lag kvelvd ivi seg; men inkje alle Folk heve honom like blank aa fager. Sume heve honom skyfull og tung, aa ein ser stundom berre ei enkelt liti Stjerne, som glytter fram. Den fagraste Minnehimmel var kvelvd ivi Paktens Folk, ivi Guds udvalde. Der er han mest himmelblaa, aa der ser ein dei støste aa fagraste Stjernunne. Der ser ein Abraham, Isak aa Jakab; der ser ein Kong David aa Salomon, der ser ein Enok aa Johannes Døyparen og mange fleire. Men der fær ein au sjaa, at desse store Stjernur maa bøygje seg for Guds Soles Sol, som randt op i Øst med himmelsk Glands paa Jord. Umkring denne Soli ser ein Apostlannes Stjernur skjin aa fær sitt Ljos. Inkje noko anna Land heve paa sin Sogehimmel kunna synt fram so fagre Stjernur aa so fager ei Sol. For den Soli, som der rann upp, maa alle Stjernur bøygje seg. Dæ er som naar ein ser, at Stjernunne um Morgonen bleiknar aa kjeme burt, naar Soli renn upp fraa Nyt aa spreier ut sin Straaleglands. Men som Gudfager inkje vil, at berre Soli honom skaa lyse, so læt han Stjernunne au rulle fram paa Himmelen; aa liksom me vist alle heve kjendt, kor sterkt dæ tek oss, naar me gjeng aa stire upp til Himmelen ein stjerneklaar Kveld, so skaa me au faa eit sterkt Intrykk, naar me gjeng inn under Sogehimmelen aa stire upp til Stjernunne der. Dæ kunne me so godt gjera um Kvellanne; dæ er liksom Kvellanne er serskjilt laga til aa draga Minni fram. Daa skulde me lata soga fortelje aa Skalden kvea; daa blinkar Stjernunne ute, aa daa stende Fjølle liksom aa lyer paa aa drøymer. -                  
 
( Meir.)