Åt Forf. til "Norigs Soga"!

Gode ven!
           
Tak for dei venlege orda dine åt meg i dette blade for 3dje d. m! Eg ser di gode meining og din freistnad på å semje Vestmannalage og meg mest mogeleg. Du har i det heile skjøna meg ret; difor i dag berre dette:
           
Du har fulla både set og høyrt, du au, at ikkje eg er den einaste, som vart lite med, då det her andre gongen vart augsynt, at vi alt n o skal sjå lokkemynt bruka til å auke autoriteten hjå ei viss skriftmaksel for nynorsken, og det ændå i bøker åt skulen. Vi trudde, det ænno var so tidleg dags, at det hadde vore meire måtsamt å byde mynt for ei god bibelsoga åt skulen utan anna skiljord æn det, at ho skulde vera norsk. Men likevel lat gå! skjønt eg vist trur, at slikt vil skade målsakja. Det ser au ut til, at du er av same meining, etterdi du skriv, at Vestmannalage held ei stiv gamaldags målform, som ingen lenger brukar, og som er so unaturleg, at der ingen målman fins lenger, som sjølvmint arbeidar for Vestmannalage. I Ferdamans-dagom skreiv eg ikkje so lite i hit blade; men eg vart trøyt og leid av det, då eg aldri fek sjå-att stykkja mine, utan at dei først var bøygde in i den grammatik og staving, som Ferdamannen elska høger æn både insendarar og alt! Eg bad om å få sjå att m i Form, men fek berre nei. No vedgaar eg, at dei hadde frit løyve til å gjera slik; men, når eg det gjer, so vil du au vedgå, at eg har frit løyve til å nekte ein og kvar å taka det, eg både skriv og til med di koster på prent, og omskrive dette etter den grammatik og staving, som Vestmannalage ønskjer å kjøpe in i skulebøkerne sine. Eg ser, at du ikkje trur, at eg tek meg eineret til å gjeve ut skulebøker; og eg bed, at heller ingen annan tru dette om meg! Eg er hellerikkje ovundsjuk for, at ein annan målman kan tene seg 100 Kr. med å skrive ihop ei lita bibelsoga. Det er ikkje noko slikt, som bryt; det er ikkje eingong det, at eg misunner andre å take orda og ordelagja mine; for det skulde tvertom glede meg mykje, um eg i den vegen var god til å hjelpe målsaken! Kvifor skriv eg bøker, dersom eg ikkje var glad i dette! Eg vilde visst heller ikkje segje nei, om ein kom og bad om løyve til å omskrive ei eller onnor av bokom mine på eit bygdamål, når eg berre saag, at eg hadde ein gauv kar for meg. Men eg segjer nei, som eg alt har sagt, om nokon bed om å føre meire eller mindre av arbeidom mine in i den forma, som du so råkande karakterisera med dei ordom, eg ovanfor rippa op etter deg. Eg vilde førre gongen ikkje såre nokon; difor tagde eg med, kva røynsle eg hadde i so måte for nokre fåe år sidan med katekjesen min. Du saag vist au, kor eg mest i eit og alt var plagiera i ord og ordelag den gongen, men kor heilt arbeide mit lel var inført i den forma, som det no blir bede om ei lita bibelsoga i. Dette mintes eg og sa difor stop i tide denne gongen, sidan landsloven no har fåt greide verjeord for eigendomsretten i dette stykkje.
           
Trudde eg ikkje, det var til stor skade for det norske landsfolke, at det i vår tid blir, fraa ein viss kant, bode fram ei for gamaldags, stiv og unaturleg målform for landsens nolevande tungemål, so hadde eg ingen grun til å arbeide for ei, som eg trur er meire tiltøkleg; og då hadde eg hellerikkje ret til å nekte andre å drage bokarbeida mine igjenom ei slik antikvera lø.
           
Nidaros, 7 april 1880.               Venl.