ABC-Boki hans Austlid.

I Febr. No. 14 er Forf. til Norigs Soga ute og skriv eit Stykke um Vestmannalaget og O. J. Høyem. Eg er fullt einig med Innsendaren, at ein lat prøva aa faa desse tvo partarne forlikte, og eg trur, det vilde vera godt, um dei kunde fylgja det vakkre Tilraadet, som Inns. kjem med.
           
Derimot kann eg ikkje vera samtykt med Inns. i det, som han i same Stykke skriv um ABC-Boki hans Austlid. Etter min Meining er denne Boki so god, at me skylda stor Takk baade til Vestmannalaget og til Austlid fyr henne. Eg trur no ogso det, at det byr koma fleira ABC-Bøker, som i Fyrstningi er tillempade etter ymse Maalføre og lenger ute smaatt um Senn gjera Borni kjende med Landsmaalsformi; men Boki hans Austlid vil nettupp i detta Stykke svara godt fyre seg i mange Bygdelag. Eg veit sjølv av Born, som alt hava lært aa lesa etter denne ABC-Boki, og det snaapt med. Og Innehaldet er ogso slikt, at Born tykkja, det er stort Gaman aa lesa henne. Detta maa vera god Attest fyre ABC-Boki.
           
Det er elles gjerna so med oss Maalmenner, at sume av oss liksom hugleggja nokra Former, som dei andre igjen ikkje lika. Men naar den Skilnaden, som kjem upp paa denne Maaten, ikkje er større en millom ABC-Boki og Fedraheimen, vil det ikkje gjera nokot. Eg kann soleides ikkje finna, at Maalet i ABC-Boki er for gamaldagslegt i det heile. Ja, gingo, fingo likar no ikkje eg, men uppe i Fjelldalom hava dei kanskje ein annan Meining; so likar eg helder ikkje lovad (ist. lovade), men det er mange, som tykkja nokot annat. Det hadde utan Tvil voret rettaste, um Ordbytingi hadde voret som Inns. vil hava det; men solenge alle Blad og Bøker byta Ordi paa same Maaten som Austlid, maa me ikkje vera for strenge med honom helder i dette Stykke. Gjeng det so kvikt med Talet av Boki andre Stader som her, trengst det vel snart eit nytt Upplag, og daa er det Raad til aa retta paa den Tingen.
           
Med det same eg skriv um dette, kann eg melda Maalmennerne, at Lærar O. J. Bach og eg hava ferdug til Prenting Fyrste Avdeildi av ei Norsk Lesebok. Me hava tenkt aa gjeva ut Boki i tri Avdeilder, paa ei 7-8 Ark kvar. Fyrste Avdeild inneheld lette Smaastykke. Leseboki kjem ut i same Maalform som Norsk Maallæra elder som denne vesle Innsendingi er skrivi paa.
           
Namsos 7/ 4 80. Kr. M. Hægstad.