Arbeidarsaki ute og heime

[Del 2 av 4. Fyrste delen.]
 
I. Fraa Kristiania Arbeidarsamfund.
 
(Framhald.)
           
Middelskulen naar ikkje ned til Arbeidaren; det vert daa i kvart Fall reine Undantak; og difyr vert han helder aldri ei Arbeidarsak. Ein slik Tanke som denne Middelskulen hev nok av gode Grunnar fyr seg lell, so han treng ikkje aa leita inn paa Vald [Gebeter], der han ikkje kann verta til Gagn. Her er ei Mengd med Handverksmeistrar og andre sjølvstendige Næringsdrivande, som ikkje hev Raad til aa halda Borni sine paa den Middelskulen me no hev, men som nok kunde faa dei fram, um Middelskulen hans Voss kom; i dette hev Tanken sin Rett, - sin fulle, store Rett. Men Arbeidararne lyt sleppa aa underskriva Planen; dei lyt faa hava dei Pengarne, som Storthing og Kommune vil gjeva dei, tilgodes, til det kjem ein Skuleplan, som naar heilt ned aat dei sjølve, og som soleids i Sanning vert ei Arbeidarsak!
           
Naar Lagsmennerne i Arbeidarsamfundet samlad seg so varmt ikring Planen utan aa spyrja um kor langt han rokk, so hev dette mange Grunnar. Dei fleste av Talararne var sjølv smaae Næringsdrivande, som truleg kunde faa Gagn av Skulen; og ein so folkeleg Tanke som denne var i seg sjølv lagad til aa riva Folk med seg. Dessutan stod dei i den Trui, at ein slik Middelskule vilde føra Kunnskapar inn i Handverket og Industrien. Dei tenkte ikkje paa, at denne Skulen snarare vil draga den største Tankemagti burt fraa Arbeidet. Naar ein Far hev strævat med aa kosta den flinke Son sin fram gjenom Middelskulen, so vil det og vera avgjort, at Sonen skal lenger fram i Verdi enn Faren: han skal inn i andre og høgare Stillingar. So vil Arbeidet tapa dei beste og klokaste. Dessutan er ikkje Middelskulen i seg sjølv slik lagad, at han kann gagna Industrien. Etter Tanken skulde han vera baade praktisk og vitenskapleg paa ein Gong, og so hev han vortet korkje det eine hell det andre. Skulemennerne er usams um, kvat Verd han hev.
           
Det kom og tydeleg nok fram i Arbeidarsamfundet, at det var ikkje so mykje Middelskulen, dei gledde seg til, men helder Tanken um ei grundigare Upplæring i det heile, enn den som Aalmugskulen no gjev. Ja, ein Aalmugskule, som gjev mange og gode Kunnskapar, det er sams Sak fyr Arbeidarar og mindre Næringsdrivande. Her hev vaare mengde Arbeidarsamfund eit stort og rikt Emne aa dryfta. Og det bør dei gjera. Lagsmennerne kjem dermed til aa tenkja meir paa Skulen, og det vil dei hava godt av; Skulestyret fær paa si Sida høyra Kravi fraa den Luten av Folket, som det skal byggja Skulen aat, og dermed kann og sumt vera vunnet.
           
Ein Middelskule i Samheng med Folkeskulen kann ikkje gagna Arbeidaren, utan dersom Staten vil bera Kostnaden med aa faa Borni hans fram til Eksamen; slik gjer dei i Frankrik. Dette vert ei gild Nationalsak, og det vert til Gleda fyr dei einskilde Foreldrom, som fær Barnet sitt fram; men det vert til tvilsamt Gagn fyr Arbeidar klassen, at dei beste Krafterne gjeng ifraa den og inn i andre Stillingar. Det er nemleg so, at liksom Adelen hadde Styrken sin i den Glansen, som Soga og Segni lagde yver Ætterne, - liksom Prestarne er sterke ved den Magti, som Religionen eig, - liksom Borgarstandet er sterkt ved sine Pengar, - soleids hev Arbeidararne Styrken sin i eit traust Samhald. Den einskilde Arbeidaren magtar ikkje aa driva upp den laage Dagløni, som Konkurrensen elder Kapplaupet set fast; han magtar ikkje aa faa ei jamnare Skifting av Nationalrikdomen, ikkje betre Folkeskular; aaleine vert han berre ein upersonleg Vare, som lyt fylgja Marknadsprisen. Men i Samhald magtar Arbeidaren mykje; det skal me faa høyra fraa Utlandom, for der kann dei halda ihop. Naar no Samhaldet er den Magti, som skal føra Arbeidarklassen fram til ei fri og menneskeleg Stilling i Landom, daa vert det um aa gjera fyr dei aa samla aat seg alt det dei eig av Kraft og Vit, alt det dei kann faa av Upplysning og Kunnskap; dei einskilde Arbeidarar lyt ofra Hugen sin til aa koma ut av Arbeidarklassen og vera trufast med i Arbeidet fyr aa lyfta det heile. Eit slikt Offer hev dei lært aa gjera i Utlandet. Men er dette so, daa vert ein god Folkeskule ein Vinst fyr Arbeidarsaki, derimot ein Middelskule, som Hr. Voss sin, eit Tap, dersom han naar ned aat Arbeidararne. Dei Borni, som Middelskulen drog yver i framande Stillingar, dei hadde kanskje Kallet til aa tendra kveikjande Ljos millom sine eigne og til aa vera Førarar i Striden fyr Arbeidarens Rett. Det er Tapet.
 
[ Meir.]