[Notisar]

Kristiania, den 15de Oktober.
 
I Amerika er dæ no rimeleg, at Republikanararne kjem til aa vinna, so Garfield vert President. Dæ er Indiana og Ny-York Statarne, dei heve vore uvisse um, kva Parti der vilde vinna. No heve dæ vore eit anna Val i Indiana, og daa Republikanararne heve vunne i dæ, so er dæ rimeleg dei vinn, naar dæ skal veljast Valmenner til President au.
 
           
Tyrkerike vil gjeva seg no, segjer dei. Montenegro skal faa dæ Lande, som er tildømt dæ. Dæ ser soleids noko fredelegare ut en fyrr, men ingen veit kor lenge dæ kann vara. Grekland aukar Heren sin og laaner Pengar.
 
           
Stortingsmann S. Nilsen hev vorte Postexpeditør i Bodøy.