"Administrationen."

Det hev voret fortalt, at daa Jean B. J. Bernadotte, Prins av Pontecorvo, hadde gjenget yver til Napoleons Fiendar, etter at han fyrst hadde lært aa kjenna alle Kampmaatarne, Planarne og Veiksidurne aat den store Læremeistaren sin, daa skal Bonaparte ha sagt: ”der hev eg fostrat ein Orm ved min eigen Barm.”
           
Nokot slikt kunde det norske Folk segja um Administrationen sin. For det er saart, naar Ein ser seg juksad, hakslegjen, ja reint utsugad, av det ”Væsen,” som Ein fyrst med stort Stræv hev uppalet og vaktat, og som Ein sidan er nøydd til aa halda uppe, endaa naar Ein ser, kor utakksamt det er mot den, som det hev baade sitt Liv og si Magt ifraa.
           
Vælvyrde Administration! Daa Riksthinget i 1814 skipad Forfatningi, fekk Du og Livet. Du fekk godt Rom og vart væl medstellt. Ingen tenkte at du skulde verta Landet so leid ein Gast, som du no hev vortet.
           
Du hev drivet det hosta langt. Dine Mistak er ureknelege – og væl snart ”ubetalelege” med. For du hev visst aa faa Ende paa det, me skulde betala med.
           
Du hev gjenget so vidt, at Skaparen Din, Storthinget, fær mindre aa gjera med aa syta for deg enn med aa bøta paa alle dine galne Tiltak. Dette hev so avlat ymse andre saare Suter: større Skattar, Tollpaalegg o. d. Folk hev set dette Verket ditt lengje. Men liksom Vampyren sugar seg so fast til det sovande Offeret, at dette ikkje eingong evlar aa rista han av seg naar det vaknar, soleids hev det gjenget her. Folket ser, at det ikkje er tent med Stellet Ditt. Men aa faa Deg fraa Halsen og skipa nokot nytt og betre, - det hev det endaa ikkje vunnet.
           
Allstader hev Dit laake Stell etet seg inn. Du raar i Staten; Du er ute kor Du kann i Kommunen. Du grafsar i Bevilgningarne som Gribben riv i eit Aat; dine eigne Arbeid maa Du stundom gjera um att, av di Du sjølv ser, dei er vitlause; men kjem det ein Hardhaus og segjer: ”Du fer ikkje rett aat! Du steller deg so, at tilslutt vert det verst for deg sjølv!” - hu, daa burar Du paa i ”Morgenbladet” som Du var olm, og set etter den store Syndaren, til du mest misser Pusten. Og so vender du attende til Arbeidet ditt att – og driv paa som fyrr.
           
Sume Tider kverver Du Synet paa dei, som ser Deg, stundom so sterkt, at Ein skulde tru Du serleg hadde øvt Deg upp til at skapa Synkvervingar. Men Sanningi kjem for det meste upp tilslutt. Og Sanningi er gjerne den: ovstor Kostnad, maatelegt Verk . . .
           
Du hev Sterksida di i aa laga ”Calculer” (Overslag) og ”Reglement”. Dei fyrste hev visst laant Natur av Veret i April; dei siste viser ein merkjeleg utviklad Innviklingssans, so at, om dei vert brukte paa rette Maaten, so kan dei vera gode til aa dylja Veilurne i dei fyrste. Det kunde nemnast Døme nok. Me les um det ender og daa; Storthinget ser det; Statsrevisionen veit det!
           
Kven betalar Skaden? Ikkje Du, Administration! Du dreg Dine runde Løningar, Du, men kann ikkje skapa ei Flis til aa bøta det brotne. Dersom det gjeld paa, so du ræddast for Uve’r, so berre køyrer Du upp med nye Utrekningar og ramsar upp ei Leksa um ”ulaglege Konjunkturer”, uheppelege Tilfelle o. s. v. So er Du fri att. Kom det ein Dag ein vaksen kar med eit Domarsverd i Haandi og kravde Rekneskap for det heile, - so vart væl Andsvaret tungt? Aa ja. Men kor er det? – Ja det er det, som er Ulukka med Styret vaart: at det, som skulde vera Aabyrgsla for Landsens største Tiltak og Aatgjerder, det er so merkjeleg vondt aa finna. Men det finst -! Ein kann byrja øvst uppe og spyrja; Svaret vert gjerna nokot slikt som dette: ”Det der er ikkje mi Sak; gakk til den, og gakk til den! For
 
me hev vaare Direktørar
og ein Flokk av Inspektørar,
Chefar og Ingeniørar,
Sekretærar, Instruktørar,
umframt fleire Kontrollørar; -
vil De so, me skal staa Borg
for heile denne Hurv og Horg? -
 
Og vil Ein so gaa heile Rekkja ned igjenom og søkja Andsvaret der, so – ja, Naali i Høylasset hev visst alle høyrt gjete.
           
Det einaste, Ein fær vita, er, at Administrationen er full av Folk, som er innsette ”uandsvarlegt”, og kanskje av Folk, som er innsetteuforsvarlegtmed.
           
Kva skal Ein gjera? Tigja og bia og venta paa ei betre Framtid? Kann henda.
           
Men det ligg visst i Systemet. Kvar ein av desse Godtfolk gjev det visst so godt dei kann og veit; men – her er forlite Andsvar og forlite Kontrol. Kannhenda og forlite Dugleik. –
                                                           
T . . .