[Notisar]

Kristiania den 10 December.
           
Formansval vert haldne i denne Maanaden i Byarne. I Bergen var dæ fyrste. Alle var samse om 3 Mann, men av dei tri andre som skulde veljast hadde høgre og vinstre kvar sin. Vald vart av deim 2 Høgremenner, Aarestrup og Lindholm, og ein Vinstremann, Jessen.
 
           
I Sverige heve den duglege Finansministeren (Frihandelsmann) Forsell tekje Avskil. Han vilde hava nedsett Tollen paa Mais av di Rugprisarne er so høge. Men Fyrsteministeren Posse, vilde ikkje dæ, fyrr Tinge vart spurd om dæ. Posse hev no tekje Finansministerie sjølv.
 
           
I Irland vert Tilstande verre og verre, og det synest ikkje vilja vara lenge fyrr der vert Reisning mæ Vaapen i Haand mot dæ engelske Styre. Formennerne for dæ irske Samlage, Parnell o. fl. er sett under Tiltale, og dæ heve øst upp Irarne endaa meir. Dæ vert sendt fleire og fleire engelske Sollatar til Øyi, som skal freista aa kuga Oprørstankarne.
 
           
Ufreden i Sudamerika er no broten laus for Aalvor. Den 25de Novbr. kom 25000 Chili-Menner mæ 500 Hestar og 100 Kanonor til Lima, der Peruanararne skal hava dobbelt so stor Magt. Korleids dæ er gjengje, er enno ikkje kjent.
 
           
Det svenske Aftonbladet heldt om Maandagen 50 Aarsdagen sin mæ eit stort Lag.