[Christofer Bruun...]

Christofer Bruun synest aa vilja slaa lag med Fædrelandet no i aa driva Forkjetring mot vaare fremste og sterkaste Fridomsblad. Han er ein god og gjæv Mann, Christofer Bruun; men han er rar og stundom. Dei, som hev leset Fedrh. veit, at her for ei Tid sidan tok han paa Vinstremennerne, fordi dei skulde vera so uærlege; dei vilde tyna baade Kristendomen og Kongedømet, men torde ikkje vera ved det, meinte han. Dette dreiv han paa med ei Stund; men det var som han ikkje rett kunde faa Folk med seg, og det vart daa og snart avgløymt. No ser det ut til, at han vil taka Tingen paa ein annan Maate. No segjer han, at dei førande Vinstrebladi det er altid dei førande, han er etter er so altfor mistenkte for Vantru, at Folk ikkje hev godt av aa lesa dei. Dei er mistenkte for Vantru. Han segjer ikkje endefram, at dei er vantrue, for det vilde væl vera vandt aa prova; men at dei er mistenkte, og at dei ikkje med Bibelspraak og gudelege Talemaatar hev visst aa gjera seg frie av den Mistanken slik som Fædrelandet hev gjort, som Bruun finn er so svært kristelegt, - det kann Ein segja trygt. Og dette vil Folk utyver Landet visst forstaa betre enn den høge moralske Talen, som han hin Gongen førde her i Fedraheimen.
 
           
Christofer Bruun er ein varm Kristen, og det er rimelegt, at han daa og gjerna vil hava kristelege Blad. Han hev og full Rett til aa beda Folk halda dei Bladi, som han finn er dei beste, og me hev ingenting imot, at han roser Østlandsk Tidende og Nordmanden; for det hev Fedraheimen og gjort. Men me synest ikkje ein Mann som Christofer Bruun skulde vera med Fædrelandet paa slikt som aa forfylgja gode og nyttige politiske Blad for religiøs Vantru berre paa ein laus og tom Mistanke. For det fyrste hev væl Bruun leset Dagbaldet og V. G. so mykje, at han veit, at desse Bladi driv paa med heilt andre Ting enn aa forkynna Ukristendom for Folk, - gjorde dei dette, so vilde f. Eks. V. G. ikkje hava 12000 Tingarar, og det mest paa Landsbygdi -, og for det andre synest det ikkje aa vera ærlegt Spil dette aa bruka Tru og Kristendom til Vaapen mot reint politisk Arbeid og mot politiske Menn og Blad. Iallfall kan det ikkje vera Meining i, som Bruun gjer, aa døma eit Blad, fordi det av den og den er elder hev voret mistenkt for galne Meiningar. Annat Folks Mistanke kan daa ikkje gjera eit Blad faarlegt for den, som les det, skulde Ein tru. Bruun bør visst sjaa aa finna ut endaa ein annan Maate til aa føra Krigen sin paa mot dei liberale Bladi.
           
At Bruun millom alle dei Folkebladi, han hev nemnt, ikkje hev teket med Fedraheimen, kjem seg kanskje av, at han ikkje eingong vaagar seg til aa segja, at dette Bladet er mistenkt -?