[Notisar]

Kristiania, den 5te August.
 
Det danske Folketinget skal møta um Maandagen.
           
 
Den beste Skyttaren i Landet var i 1880 Halvor Lund fraa Furnes ved Hamar (7. 81 paa 128 Skot).
 
           
Eimbaaten Nordstjerna forliste den 28de Juli paa Knivskjerodden i Finnmarki. Inkje noko Mannaliv gjekk til, men Skipet er det ikkje Spursmaal um meir.
 
           
Kristofer Janson hev ikkje tekje imot noko Bod fraa Amerika um aa verta Prest, skriv han til Dagbl. Det er berre privat, det heve vore Tale um det.
 
           
Veret som lenge var kaldt, hev no vorte mildare. Det vert lite Høy i Aar, men Aakren stend fint, berre han vert mogjen.
 
           
Freden er no underskriven millom England og Boarne i Transval i Sud-Afrika. Landet vert fritt atter, men England skal liksom hava eit Tilsyn med det.