Ein sann Arbeidsmann.

For fleire Aar sidan skulde eg avleggja Eiden til Konstitusjonen. Det var just komen ein ny Fullmegtig til Skrivaren vaar, og denne grøne Kandidaten hadde nok sveittat so mykje Latin inne paa Karl-Johans-Gata, at han hadde gløymt baade kven han var og kor han var ifraa, - for Fyren var Son av ein jamn, beintfram Bondemann ikkje langt ifraa Heimegrendi mi. Væl so var, - me steig fram for Bordet aalvorsame og tenksame, - det var so umpass eit halvt Tjug av oss, - og Fullmegtigen tok daa til aa lesa upp Eiden.
           
Men den vart lang, den!
           
For daa Fyren var ferdig med det, som stend i Logboki, so tok han til aa fortolka Eiden for oss, maatru. Og so forklarad han, at den, som retteleg vilde halda denne Eiden, han maatte vera lydig mot Konge, Regjering og Embættsmenn og so sky alle sokallade liberale Tankar. Ja, han sagde so!
           
Dei andre saag paa meg, og eg saag paa honom. Hadde eg ikkje stadet der med dei tri Fingrarne i Veiret, so er eg mest rædd eg hadde trivet Fyren i Nakken og spurt, um han visste kor han var og kva han hadde aa gjera! Var det her Tid og Stad til aa staa aa preika Politikk? Og hadde han nokot med aa liksom vilja eidfesta oss til ei viss politisk Meining?
           
- Sidan saag eg han att berre ein Gong. Det var i ein By, og det var no i Aar den 17de Mai. Han laut daa upp i Klubben um Kvelden; der han visste han kunde raaka Jamnlikarar. Men so var der nok andre og med der, og daa dei visste, kva To Guten var av, so gjorde dei han um fraa fullmegtig til megtig full: Og so fekk dei han upp til aa halda Talar til Forsvar for det absolute Veto.
           
Det absolute Veto paa 17de Mai? Ja so men! Kvar hev no sin Maate aa høgtida Fridomsdagen paa, - og dette her var ein av dei sanne.
           
Det er sagt, at Full-megtigen hadde vondt for aa koma heim den Kvelden. Det var nok Toddyen, som sagde Veto til Føterne, hev eg spurt. Som væl var, so var nok ikkje dette Vetoet absolut, men suspensivt var det, det veit eg!                               
 
T . . .