Lærarmøte.

Buskeruds Lærarforening heldt i Aar Møtet sitt i Krødsherad paa ei fager Øy ute i Krøderen. Det var ikkje samla so mange, som ventande var, vistnok iser taa di, at Møtet var altfor daarlegt tillyst; - Lysing var innsendt til Fædrel. og some andre taa sama lagji, som vonleg hev endaa faaare Lesarar blandt Lærararne enn det. Vedret var den fyrste Dagen um Morgonen ruskutt; men sidan vart det reint fint.
           
Til Ordstyrar valdest Kapellanen der, Magelsen, til Varaordstyrar Kyrkjesongar H. A. Berg fraa Gol. Sama Utfall hadde Valet andre Dagen.
           
Det fyrste Samtaleemne:
           
Er det ikke en Lærers Pligt at virke for, at saa vel Børnene udenfor Skolen som Andre i hans Kreds erholder sund og lærerig Lesning, og isaafald, hvorledes naaes dette paa bedste Maade?
           
Innleiddest av Kyrkjesongar Berg. Han heldt fram, at me altid, dessmeir i vaar Fritid, maa vera i Verksemd; difor hev Ingjen korkje Rett elder Raad til aa sløse burt Tidi si. Der var ogsaa stor Faare ved det. Me maatte bruka Fritidi vaar helst til Lesnad, Lesnad taa gode Ting, for dersom me forsømde den, so sokk me ned i Matstræv og vart Peningtrælar. Iser var det naudsynlegt for Borni, dei, som skulde fostrast til gode Kristne og gode Borgarar, aa faa Lesnad og det god. No fannst det nok ikkje so faae Boksamlingar og Bøkar utover Landsbygdi; men dei høvde ikkje for Born; for dei maatte hava annan Lesnad enn dei Vaksne. Landsborni hadde no for Tidi ikkje stort annan Lesnad enn sine Lærebøkar. Læraren og kvar ein Uppdragar hadde difor Plikt til aa skaffa Borni god Lesnad. Dette vilde sikrast og best skje, naar Ein fekk istand Skuleboksamlingar, ei fyr kvart Prestegjeld. Derifraa sendest mindre Slumpar til kvar einskild Lærar til Utlaan i Krinsen og seinare Umbyte. Desse Samlingarne maatte innehalda berre gode Barneskrifti.
           
Dei Peningarne, som trengdest, maatte ein vona vilde koma inn ved Bevilling taa Stortingji so som no til desse Almuboksamlingar dei kallar -, taa Heradsstyri, Sparebankarne, Gaavur taa Private, aalmenne Samanskot, Aftenunderholdningar m. fl.
           
Heile Forsamlingi samdest tilslutt um den fyreslegne Resolusjonen paa Lag slik: Forsamlingen udtaler Nødvendigheden af Oprettelse af Skolebogsamlinger og Udbredelse af Børneblade.
           
Det andre Emne: Undervisning i Modersmaal innleiddest av Kyrkjesongar Skatvedt fraa Krødsherad. Han heldt fram kor vigtig Modersmaalsundervisningi var og paapeikad koss ein burde gaa fram for aa faa Tid til dei Fagji, som ingi serskilde Timar hadde paa Timeplanen for Landsskulen.
           
Der vart eit heiltupp kvasst Ordskifte um, kva som er Modersmaalet. Ordstyrraren meinte vistnok, at alt det, Barnet lærde taa Moderi, var elder vart paa dess Modersmaal, for han spurde Varaordstyraren, um han ikkje trudde, at Fadervoret elder Katekjisma, som Barnet hadde lært taa Moderi, var paa dets Modersmaal. Nei, meinte den utspurde, for paa den Visi kunne eit Barn faa aldersomange Maal, naar berre Moderi lærde det ei Ramse paa kvart. Det vart deretter vedtekjet, at Samtaleemne skulde lyda, ikkje Undervisning i Modersmaal, men Undervisning i Skrift sprog.
           
Trea Emne var: Lærerens Forhold til Autoriteterne. Ordstyraren innleidde det med nokre Ord. Kyrkjesongar Berg fyrespurde, um ikkje dei Ordi i Skuleloven: - Eksamen holdes i Overvær af Sognepresten, maatte forklarast slik, at det skal vera Læraren som eksaminerar, og Presten skal berre høyra paa. Han fann at dette var det naturlege. Læraren maatte hava Rett til aa krevja det, og Borni likeso. For skulde Presten eksaminera, han, som Borni kjende slitet til baade i ein og annan Maate, vilde dei lett vera rædde og ikkje kunna gjera so god Greida fyr seg, som dei kunde hava gjort, um dei vart eksaminerade taa Lærarar, som dei kjende og kjendest taa. Naar so Eksamen fekk eit daarlegt Utfall taa denne Grunnen, vilde baade Læraren og Borni lida Urett. Naar Presten gav Uppgaavurne paa standande Fot, maatte han vera sikrad imot, at ein Lærar kunde hava eit elder annat Fag som Kjepphest og paa Eksamen rida den. Han fortalde um ein Prest, som trass i det Skuleloven segjer og trass i det, at Læraren bad um at faa eksaminera alt aaleine, ikkje leet han faa det, men tog det vigtugaste og meste sjølv, og som hadde halde Eksamen mest midt i Skuletidi, endaa det stend i Skuleloven, at den skal haldast saavidt muligt henimod Undervisningstidens Slutning; han hadde og tillyst Eksamen med saa stutt Varsel, at Borni ikkje fekk vita um det fyrr seint um Kvelden fyre Eksamensdagen. Slikt gjorde Forholdet Prest og Lærar imillom ikkje so godt, som det burde vera, og det verkad tilbakers paa Skulen, til Skade for den. Difor var det bra aa umtala det, som ikkje var som det skulde; for daa kunne det kanske rettast paa. Autoritetarne og Læraren sitt Høve til kvarandre burde vera slikt, at dei prøvde aa uppehalda kvarandres Autoritet; for den trengde dei alle. So maatte det ogso komast ihug, at Autoritetarne er Lærarens Autoritetar, som han maa lyda berre naar det vedkjem hans Kallsgjerning. I det daglege Liv maa Forholdet deires vera som millom andre danade Folk: dei skal vera Likemenn.
           
Det saag ut til, at alle var samde um, at Skuleloven maa takast slik, at ved Eksamen er Presten den paahøyrande, Læraren den eksaminerande. Ingjen vilde forsvara den paaankade Framgangsmaaten. Det vart bedet um, at Læraren skulde faa hava sine personlege Meiningar ifred, faa halda kosdane Blad han vilde, og at det ikkje maatte takast nokot Avsyn paa politiske Meiningar, naar Presten skulde gjeva Læraren Attest; for det meinte dei hadde hendt.
           
Um Kvelden var det Fest. Der vart haldet Talur, tømt Skaaler og ropat Hurra for Stortingji og 17de-mai-Grunnloven, Sverdrup, Fedrelandet, Stortingsmand Leer, som var tilstades, Maalsaki, Kvinna o. fl.
           
So var Møtesmennerne ferduge der, takkad for alt godt, dei hadde note hjaa Kryllingom, og reiste kvar til seg.
                                              
... g.