"Fædrelandet".

Revolusjonens Aand er i Vinstre, fortel Uppbyggelsesbladet, fordi Vinstre heldt 3 store Folkemøte paa 4de Juli.
           
Væl er det so, at den 4de Juli er Kong Oskar den førstes Fødselsdag. Og det kunde vera nokso rimelegt, meiner Uppbyggelsesbladet, um Vinstre just no kom til aa minnast det, og hadde sine Møter paa 4de Juli for aa minnast Kongehuset.
           
Men! segjer Uppbyggelsesbladet, vi ved godt alle, at saa er det ikke. Tvertimot! Ikkje for aa minnast Kongehuset, nei, for aa minnast Folkefridom og Folkerett, hev Vinstre valt den 4de Juli til Møtesdag.
           
Der hev me Revolusjonen!
           
- For væl er det so, at naar Kong Oskar den 1ste i Naade tekktest aa koma til Verdi paa ein 4de Juli, so burde det ikkje hava hendt nokot annat paa den Dagen; Verdi burde minnast berre Kong Oskar den 1ste daa. Men dessverre, vi ved godt alle, at saa er det ikke. Det hev hendt andre merkjelege Ting og paa 4de Juli. Mill. a. var det paa ein 4de Juli (1776), at Amerika gjorde seg fritt. Ein Revolusjon! Eit Folk, som vaagar aa gjera seg fritt paa ein Dag, som er utsedd til aa vera ein kongeleg Fødselsdag! Skulde du høyra nokot so taktlaust, nokot so usømelegt? Det var mest endaa verre enn daa Storthinget negtad Krunprinsen dei 50,000.
           
Og no er det greidt, at Vinstre hev tenkt, ikkje paa Bernadottehuset, men paa den amerikanske Fridomen, daa det valde Dagen for sine 3 Møte.
           
Vi ved det alle saa godt!
           
Og der hev me Revolusjonen. Ja, det er visst so ille som det kann vera.
Men dersom det no viste seg, at dei, som hadde med aa velja Dag for desse Møti, ikkje hev tenkt korkje paa Oskar I elder paa den amerikanske Fridomen?