[Notisar]

Kristiania, den 27de Oktober.
 
Den eine Dagen segjer Mgbl.: Me vil hava Grunnloven av 17de Mai.
           
Den andre Dagen segjer det: aa gjev Regjeringi vilde gjera Statskup!
           
- Og den tredie Dagen gjeng Kristianiaborgararne avstad og røystar - paa Morgenbladslista.
           
Stolte Folk, desse Kristianianordmenn! -
 
           
Stavangerer Vinstre. Dei sender oss Rektor Steen. Dessutan sender dei Presten Oftedal, som altso endeleg hev naatt upp. Gjev det liberale Stavanger maatte hava betre Lukka med honom enn det hadde med Henrik Svendsen! -
           
- Laurvik og Sandefjord er likeeins Vinstre.
           
Det er ikkje alle Byar, som vil hava Statskup, Morgenblad!
 
           
Stortingsval. I Kristiania er valde:
Advokat E. Stang, M. Birkeland, Advokat J. Ihlen, Professor F. W. Bugge. Varamanner: J. C. Heuch, Carl Gulbranson, Karl Hals, B. Getz.
           
I Stavanger. J. Steen og L. Oftedal. Varamenner: L. Eide og Bakar B. Pedersen.
           
I Telefylket: H. Bentsen, P. Rinde, O. Thomesen, Olaf Sveinsson. Varamenner: F. Jespersen, S. Sundbø, V. Ullmann, H. Tvedten.
 
           
I Drammen, Skien og Brevik vann Høgre ved Valmansvali.
 
           
Naar nokonskriv imot Vetoet, segjer Fædrelandet: Det er overfladiskt; Forfatteren bør lesa Fakultetsbetænkningen væl. Legg Merke til dette, inkje Grunnlogi, inkje andre Bøker um Vetoet skal ein studera, berre Fakultetsbetænkningen.       
 
- d. -
 
 
Pastor Oftedal klagar yver, at Fædrelandet inkje hev teket inn hans Svar til Klavenæss. Fædrelandet svarar, at det inkje finn, at Oftedals Stykke modbeviser Klavenæsses. Redaktionen fyr Fædrelandet finn det, dermed skal Lesarne vera fornøgde. Det er nok andre enn Leo XIII, som trur, at dei er Pavar.                                             
 
- d. -