[Etter Gambettas Daude...]

Etter Gambettas Daude synest det aalmenne Ynskje millom Republikanarne vera det aa jamna seg meir ihop og koma fram meir samstellte. Dei er i stort Fleirtal i Nationalforsamlingi, men var fyrr skilde i tvo, det republikanske Vinstre som talde 120 Mann og Gambettistarne, som var 180. Desse fyrste vilde paa ingen Maate stydja eit Gambetta Ministerium, men daa Romet no er tomt etter han, er det fraa den Sida inki Hindringar ivegjen.
           
Gambettas Planar um at halda Tyskland Stangi og um aa lækja det Saaret, som den fransk-tyske Krigen i 1870 slog i den franske Æraskjensla, synest hellest inkje aa vera borte med denne store Mannen. Sætande Politikarar i Frankrik hev bruka Ord, Folk vilde skulde honom fyri, at han vilde brota Freden. Dei hev liksom skundat seg med aa syna, at det var inki berre Gambetta, som minntest Frankriks Tap og som endaa tenkte paa Elsasser og Lothringar. Desse hev hellest i Gambetta set Maalsmannen sin og det er difyr dei no syrgjer so myket paa han. Dei hev skrivet til Gambetta, um dei fær Løyve til aa reisa ei Stytta paa hans Grav, og ein Elsessar talad ogso paa Gravi til Gambetta.
           
Han sagde i denne Talen, at den store Venen til Elsass-Lothringarne var daud, men at det livde endaa Frankrik, Fedralandet deira, og det vilde forstaa aa halda Tankarne hans i Live.