[Norske Kommuner...]

Norske Kommuner, som hev havt Utlæg fyr svenske Fatike kann, som kjennt, krevja desse Utlegg godtgjorde av dei svenske Kommunar, som den Fatike høyrer heime i. Daa detta ofta valdar ymse Trættur umnemner me her ein Dom, som nyst er fallen fyr ein svensk Domstol i ei slik Sak.
           
I Borra Herred heldt seg ei svensk Gjenta ifraa Hede i Bohuslen. Den 7de November 1881 vart Borra Fatikkommission tilsagd, at ho fyr Skuld Sjukdom trengde Hjelp. Fatikkomis- sionen betalte daa fyr hennar Forsyrgjing ifraa 9de Oktober til 23 November tilsaman Kr. 31.40 og kravde daa dette godtgjordt av Hede Kommune. Landshovdingen i Bohuslen baud Hede Fatikkommune bitala detta; men denne paakallad Avgjerd av Retten, og denne dømde, at det Utlegget, som var gjort fyr Gjenta fyrr enn Fatikhjelp var tilsagt, altso fyrr 7de November, inki var aa taka som Fatikhjelp, og at Hede etter svensk Fatiklog berre pligtad aa bitala det Utlegget som var gjort etter Tilsegjingi den 7de November. Daa no norske Kommuners Krav paa aa faa Fatikutlegg godtgjorde ifraa svenske Kommuner skal avgjerast paa same Maaten, som om det var svenske Kommuner seg imillom, kunde Borra soleids inkje faa godtgjordt annat enn sitt Utlegg etter 7de November, elder berre Kr. 10.20
           
Ein ser, at naar svenske Fatike verta sjuke i Norig, lyt soleids Hjelp ifraa Fatikkommissionen trast verta tilsagd, vist Kommunen ska faa sitt Utlegg godtgjordt.