[Um dei inki gjer det - ?]

Um dei inki gjer det - ? Regjeringi vaar vantar inki Æreskjensla. Ho hev straffat Nikolai Sørensen, ho hev havt Tak i Vestlandsposten; ho hev passat paa, at ingen fekk gaa snikkalaus, som inki synte ho den Vyrdnad, ho gjorde Krav paa.
           
Høgrabladi hev skjennt Tinget av lengje. Høgrebladi hev tymtat paa Statskup.
           
Høgrebladi hev trugat Tinget med, at det skulde brukast Magt mot det.
           
Det hev Justitsdepartementet ingenting gjort med. Justitsdepartementet hev verjat um Regjeringi. Tinget hev dei vel inki funnet trengde um Verjing. Men det er mange, som finn at det kunde trengt det.
           
Me segjer, at den Politiken av Regjeringi hev voret likt til aa øsa upp Folk.
           
Ein Svenske hev no vaagat aa blanda seg inn i vaar Strid paa ein slik Maate, at baate Normenn og Svenskar her finn det som Logi kallar Høgbrot. Norske og svenske Blad hev svidmerkt Boki. Til Statsministar Selmer hev norske Borgarar stellt Krav um, at han skal svara for seg etter dei svenske Logjer for detta. Dei norske Bladi, so nær som eit Par av dei verste Bakstrævarblad, spyr um detta skal tolast, og steller same Kravet. Ein Mann, som inki er Nordmann, skal inki hava Lov aa segja um vaart Storting, kvat han vil, alt med det er svenske og norske Straffelogjer, som forbyd det.
           
Kvat vil no Justitsdepartementet gjera med det? Synest det kanskje inki det er verd at vyrda det - heile Boki er det inki verd? Ja um Regjeringi vaar førde ein slik Politik i det heile, - men ho hev voret saar, Regjeringi, naar nokon vaagad aa prikka paa henne. Til den andre Sida hev ho tolt alt til denne Tidi daa. Det segjer me hev øst upp Folk. Og det maa Regjeringi vita.
           
Ei Regjering som steller seg nokonlunde rett kann i Norig sitja stødt, um ho inki er dugeleg.
           
Ei Regjering som set seg upp mot Folkemeiningi, lyt det standa Age av, um ho inki skal missa Folkets Vyrdnad.
           
Hev vaar Regjering gjort Folket vondt paa seg, lyt ho ogso setja Støkk i Folk vist det heldest er Meining i hennar Politik.
           
Um Regjeringi inki no fylgjer Folkemeiningi og fær Marcellus fyr Retten kvat skal Folk daa tenkja -?