Leon Gambetta.

Det var den 4de September 1870. Tyskararne havde yvervunnet elder innstengt alle dei franske Herar og var paa Marsen mot Paris. Frankrik var forraad av Keisardømet. All den Herlegskapen, bygd paa Meineid, Vald og Fornegting av Folkets Rett, var ramla ihop. Ført i Ulukka og Skam af det ussle Styret, som det hadde latet seg trælka av i 19 Aar, stod Frankrik der raadvillt og fortvilat. Kva gjorde daa alle desse Fylgjesmenn aat Keisardømet, som havde hjelpt Napoleon III? Dei kunde inki gjera, visste ingenting aa gjera. Daa Narreverket i all den glimande Stordomenvar avdekt, fann dei det likaste aa koma burt. Dei havde viljat hava Krig, inki fyr Frankriks Bate, men fyr Napoleon skulde faa trælka Folket, og ingen spurde etter deim meir, utan fyr aa hæda og hata. Der vart eit stormande Møte i den loggjevande Forsamling; Mugen trengde inn, Præsidenten kunde inkje koma tilorde; Napoleonistarne gav det upp. Det sat i same Forsamling mange gamle Republikanarar, som Napoleon paa det sista hadde søkt Studnad hjaa, men ingen av deim kunde greida det. Dei kunde tala, men her hjelpte berre aa gjera noko. Der var ein einaste Mann i Forsamlingi som kjende hjaa seg Motet og Krafti te treda fram som Førar og det var Gambetta. Han staggad Ørsla og Raaløysa i Forsamlingi, fekk skipat eit Braabils Styre, og i dei tunge Tider, som fylgde ifraa Usigren ved Sedan til Freden vart gjord, var han den, som heldt uppe Motet hjaa det franske Folk. Han vekte Voner paanytt, han reiste nye Herar, uppmanad Tropparne; det var som han med si Aand gjenomeldad heile Frankrik. Han var daa 32 Aar gamal, og Ansvaret fyr Krigens Utgang kom til aa kvila paa hans Skuldrar. Korleides han bar det, og aldri sviktad under alle dei mange Ulukkur, det vil det franske Folk iminsto ikkje gløyma. Men den Byrd, Keisardømet hadde lagt paa hans Skuldrar var for tung endaa fyr ein Gambetta. Frankrik laut bøygja seg fyr Yvermagti. Det var tungt fyr Gambetta aa gaa inn paa; men han kunde daa ganga ifraa med Medvitet um, at han havde heldet uppe Mot og Sjølvvyrde hjaa Franskmennerne i FaareTidi.
           
Gambetta var ifraa fyrst av usonleg Fiende av Keisardømet; han var, som han sjølv sagde til sine Veljarar, ein radikal Demokrat. Det fyrste Verket, som gjorde hans Namn kjennt fyr Verdi, var hans Forsvar fyr ein Styrar av eit Motstrævs-Blad. Denne Mannen havde vaagat aa telja til aa reisa ei Stytta paa Gravi aat Baudin, ein av dei Republikanarar, som laut tynast, fyr Napoleon III kunde setja Frankriks Kruna paa sitt Hovud. I denne Saki sagde Gambetta Keisardømet Sanningar so drjuge, at dei inki kunde tolast, men som detta endaa inki vaagad aa straffa. Den unge Sakføraren synte fram fyr all Verdi, kva dette Keisardømet var fyr nokot.
           
Daa Gambetta trast etter dette i 1869 let seg velja til den loggjevande Forsamling, framstellte han fyr Veljararne det Program aa gjera uforsonleg Motstand mot det napoleonske Veldet. Napoleon tok til aa leggja Vinn um aa faa med seg Republikanararne; fyr han kjende si Magt vakla; men det nyttad inki. Gambetta vekte i glødande Talar Fridomsmennerne til Kamp. Keisardømet skalv. Sterkare og klaarare enn nokon annan synte han fram den indre Motsegjing, som der var millom Keisardømet og dei Fridomstankar, som det vilde gjeva seg ut fyr aa leva paa. Republikanararne kunde det soleids inki vinna. Daa alle Styttur fall bort og det indre Narreverket laag klart fyr Dagen, tok det til den siste fortvila Utvegen, Krigen med Tyskland, som inki leivde annat av Keisardømet enn eit hatat og forbannat Minne.
           
 
Gambettas politiske Liv etter denne Tid er for rikt og for mangslunget til, at me kann fylgja det her. Han lagde no all si Kraft paa aa faa grunnfest Republiken, og var dens fyrste Mann, endaa han inki hadde den øvste Magt. I alle Republikens Faarur bar han alltid den demokratiska Utviklingi uppe. Han sagde ifraa fyrst av, at han vilde fylgja Demokratiet. Det er sagde han, dei nye Samfunnslag, som ved den frie republikanske Forfatning skal arbeida seg fram og taka Magti i Frankrik. Med varm og djerv Tru paa Mannens Evne til aa ganga fram heldt han alltid fast paa detta Maal. Han strævde inki etter Umstøyt og Nydaning med eit einaste Slag, fyr han var inki nokon politisk Drøymar. Endaa mindre trudde han paa det stiltstandande Framstiget, denne Framgang med Meinkingar, som Monarkismens Statsmenner er so kjære um. Han var nøgd med, at Folket fekk det, som det fann seg best tent med det, og søkte Folkelukka i det støduge Arbeidet fram mot høgre Maal.
           
Det var mange Faarur og Vanskar fyr den unge Republik: løynde Aagrip ifraa dens Fiendar paa den eine Sida, paa den andra Ufred med alle dei misnøgde, som arbeidde fyr Socialismen og som inki tottest faa Magt nok i den nyskapte Republik. Gambetta stod som Repræsentanten fyr denne, og var han elskad av sume, so djupt vart han hata av andre. Dertil var han alt annat en velsedd av mange inom sit eiget Parti, fyrdi dei vart stelte i Skuggen og misunnad den store Mannen si Magt.
           
Gambetta er faarleg, fyrdi han er ærgirug, sagde desse Misunnararne hans. Men var han ærgirug, so havde han det, som vog upp imot det: Kjærleiken til Fedralandet og Fridomen. Eg likar inki Gambetta i alle Maatar, hev ein Franskmann sagt, som var med honom paa hans Ballonferd ifraa Paris, daa denne Staden var kringsett men eg veit, at han elskar Frankrik og skal aldri tvila paa, at han meiner det ærlegt. For med Krigen var treffte eg honom ofta, stundom i Herens ytste Linur. Ei Nott var me samlad nokre faae um Elden i ei liti Hytta; daa kom det inn ein Mann tett innsveipt i ei Kaapa. Det var Gambetta. Han sette seg tagall ned og stirde inn i Elden. Det laag eit usegjeleg hugsaart Drag yver Andlitet og ei Taara rann ned yver Kinni. Me hadde fengjet ein ny Usiger og eg visste, han gret fyr Frankrik; eg hev aldri kunnat gløyma den Taari, og eg veit, at Gambetta meiner det ærlegt med Frankrik.