Til K. F.

Tap kje motet du unge gut,
Um du ei gong fær kjenna sut.
Hev du fyrst voni um fagnad,
Signar nog livet din lagnad.
 
Tru deg sjølv og tak hugheilt i,
Livet vert ljos um ei lite rid.
Verdi maa gjeva deg hugnad,
Berre du tek i med dugnad.
 
Sjaa ikring deg, og vist du finn
Nokot, som kveikja kann hugen din.
Nokot, som livet kann letta,
Nokot, som tanken kann metta.
 
Nokot er her, som hjelpa kann
Vesleguten aa verta mann.
Hev han fyrst motet i barmen,
Fær han nog styrke i armen.
 
Gakk so framhuga steg for steg.
Syng deg urædd paa al din veg.
Fylgja deg vil daa paa ferdi
Sæla, den beste i verdi.           
 
 
Tak kje motet, du staute gut,
Um du ei gong fær kjenna sut.
Hev du fyrst voni um fagnad,
Signar nog livet din lagnad.
                       
Hermod Hejmdal.