"Gjengangere".

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten.)
 
Ingen tvilar paa, at Redaktørarne av Ugeskriftet meinar det godt og ærlegt, mykje og skriv godt. Men so mykje meir lyt ein undrast paa, at slike Menner skulde vilja hava innført det gamle Stellet med Stænder. Fyr Kristendomens Skuld kann det ikkje vera, for den hev alltid trivest best hjaa dei simple, og aldri hev ein set laakare Kristendom enn hjaa Adel og Presteskap, naar dei hev havt Magti. Det er ei stor Sanning i det gamle Bibelspraaket, som vaare høgkyrkjelege tykkjest hava gløymt: I Sandhed det er lettere, at en Kamel gaar igjennem Naaleøie, end at en Rig kommer ind i Guds Rige. Verre Griseskap og Sedløysa hev det ikkje voret i den kristne Tidi, enn hjaa Storprestarne og Adelen i Frankrike fyre Revolutionen. Bispar og Offiserar strøymde til Hoffet til aa titta paa halvnakne Kvende, sedlause alle ihop, den eine mykje, og hin meir. Dei prestarne, som heldt Kristendomen uppe var dei smaa, og dei heldt han uppe hjaa dei simple!
           
Og endaa kann me paa ei Vis finna oss i det Grisestyret, fyr di me veit, at den historiske Utvikling førde det med seg. Men korleids kann me finna oss i Stænder, som ikkje er runne av ei naturleg Rot og ikkje hev ei historisk Gjerning aa gjera? Det vart ei rotlaus Greide; me skal bruka eit gamalt Bilæte: det vart, som naar Smaaborni skal stella til ein Hage og samlar Blomar og liksom plantar i ein Sandhaug. Borni klappar daa i Henderne og tykkjer det er vænt aa sjaa paa.
 
           
Luthersk Ugeskrift høyrer til eit Parti, som segjest vilja halda paa Grunnlogi, som ho er, og kallar Vinstre fyr Revolutionært. Men no er Grunnlogi vaar heiltupp ukristeleg, etter dei Meiningarne, Luthersk Ugeskrift hev utviklat, soframt me hev skynat dei rett _ for dei er flokutte aa greida.
           
Vil no Ugeskriftet halda paa ei Grunnlog, som er ukristeleg? Elder vil det gjera Ende paa Grunnlogi, so lat det segja med greide Ord, at det er Meiningi, so kvar Mann kann sjaa, kvat det er, som Høgre vil.
           
Redaktørarne av Luthersk Ugeskrift hev tvillaust svoret til Grunnlogi; visste dei daa ikkje, at ho var ukristeleg, daa dei svor? Elder kvifyr hev dei ikkje offentleg teket Eiden i seg att, naar dei saag, at dei hadde svori paa nokot, som var imot Kristendomen?
           
Endaa ein Ting: Er Grunnlogi ukristeleg og vert ho avlyst, so hev Huset Bernadotte ikkje lenger Rett til aa styra i Norig. For det er valt av det norske Stortinget, som var valt etter Grunnlogi. Er Grunnlogi ukristeleg, so kann Riksakti ikkje gjelda den helder, for ho er vedteki av Stortinget.
           
Soframt Grunnlogi, som er bygd paa Folkesuveræniteten, er ukristeleg, so er her ingi Styremagt i Landet, daa er det berre Folket att. Det kunne vera Meining fyr Luthersk Ugeskrift aa segja, at so var det Huset Oldenburg, som no hadde Rett til Norig; men dessverre, Huset Oldenburg er reint utdøytt.
           
So stend me reint styrelause daa. Kor skal me so faa ein Styrar? Folket kann sjølvsagt ikkje faa Lov til aa velja, for det er meiningslaust, som me veit, at dei, som vert styrde, skal velja dei styrande.
           
Kannhenda Redaktørarne av Luthersk Ugeskrift vil taka paa seg aa velja den nye Styraren. Men daa lyt me spyrja:
           
Høyrer ikkje Redaktørarne av Luthersk Ugeskrift med til Folket?
           
 
Det tykkjest vera helder smaatt med sann Kristendoms Gjerd i Luthersk Ugeskrift. Det er fullt av Lærdom og slær um seg med philosophiske Flosklar og tykkjest hava best Hjartelag fyr dei høgre Samfundsklasserne 1) og nemner tidom Bibelspraaket: der er ingen Øvrighed uden af Gud, og med det vil Ugeskriftet kua ned dei smaa, som ein lyt tru. Men Kristus segjer;
           
Fader, Himlens og Jordens Herre, jeg lovpriser dig, at du har skjult dette for de Vise og Forstandige, og aabenbaret det for de Umyndige _ Fader, saa var det behageligt for dig! _ _ _Kommer da hid alle I, som lide Møie og ere besværede, jeg vil give Eder Hvile. Tager mit Aag og lærer af mig; thi jeg er sagtmodig og ydmyg af Hjertet, og I skulle finde Hvile for Eders Sjæle.
           
Og ein annan Stad:
           
Hvo, som ei annammer Guds Rige som et Barn, kommer ingensinde derind.
           
I Esaias stend det:
           
Han haver sendt mig forat kundgjøre Evangelium for de Ringe, at helbrede dem, som have et sønderknust Hjerte, at prædike for de Fangne Løsladelse, for de Blinde, at de skulle se, og Frihed for dem, der sukke i Lænker.
           
Det stend ingenting um, at die priviligerede Samfundsklassar stundad so mykje etter han, elder at han heldt seg mykje med dei. Tvertum. Daa Moder til Jakob og Johannes bad Kristus um, at Sønerne hennar skulde faa Lov til aa sitja ein paa kvar Side aat honom i Guds Rike, so sagde han:
           
Hvo der iblandt Eder vil være den Største, han være de Andres Tjener.
           
Eg tenkjer, at Vinstremennerne i Norig finn mykje meir fyr seg i Bibelen enn ymse av Høgremennerne, naar ein skulde fara etter det.

1) Eg hev helles høyrt, at Redaktørarne privat skal vera snilde og gjera mykje godt.