[Prestar har altsi vore snaale Folk fyrr.]

Prestar har altsi vore snaale Folk fyrr. Men de tek te aa minka med Snaalleiken no. Ingjen som er sint kann vera snaal. Aa Sinne maa ha gripe Prestaflokkjen, me de der kjem jamt fram noko snart i Skrift, snart i Tale, snart i Gjeralag som aldri kann veksa der Kjærleik er Husbond i Huse.
           
Solengje Presten hadde Magti i gamle dagar, so stokk nokon av kvar, daa han blei sint, solengje te Folk saag der vanka inkje Juling ette Sinne. Han Ola Austvold i Valders va nok kanskje den siste som brukte Juling paa Klokkar aa Soknabaan. _ Sinnesgalne Folk, so syrgeligt de maa vera, so kann dei ender aa daa vera løglege te aa sjaa aa høira. _ Der blei vist Ingjen gla ve sjaa Upprope te Kristendommens Vener ve det: en Mands Vrede gjør ei det som er godt for Herren, men Ingjen kan la vera aa draga en Flir, naar dei høire det og saag, at Prestarne inkje helsa paa Præsidenten aa Stortingje, daa dei fylgde Kongjen, mæ at han opna Storthingsgjera.
           
De va kje det dei gløymde det, dei helsa djupt paa Droningje, aa der va kje mange Steg imillom. Nei, Hals aa Hovu sto rakt paa Akslane, vendt noko te hi Sia, mæ rette Rygg aa faste Fotslag strauk dei framum Præsidenten utan aa nikka. _ Passa dykk, Kristendomens Vener, um ikkje Upprope æ skrive i sama Ande so detta æ gjort, aa hugsa paa at en Mands Vrede gjør ei det som er godt for Herren.