[Tele-Laget...]

Tele-Laget hadde fyrste Møtet sitt um Sundagskvelden. Det byrjad med denne Tala:
           
Tele-Gutar og Gjentur!
           
Naar me fara heimantil, er det fyr det meste so, at me hava nokot Nyste med oss; det er liksom Heimen vil fylgje oss paa Livs-Vegen vaar, so langt det kann og gjera oss væl so langt det rekk.
           
Naar Heimenysta inkje kann vara lenger, so taka me til aa liva av Kaupenysta, og me vil inkje segja annat, enn at den au kann vera god og betre i til i mange Maatar, det er den me traa etter, naar me vil ut av Dalen; me lengtar etter aa kunne koma til aa liva meir og meir av det, som me høyrde livnærer Aande i heile Heimen; men der er ein Skilnad, og det er den, _ solengje me hava nokot att av Heimenysta, so lengje er det liksom det fylgde oss nokre Godvette fraa Heimi. Desse Godvette vil helst fara heimatter, naar dei inkje lenger kjenner seg att, men sjaa me liva av annat og paa ein annan Maate, enn dei er vani aa sjaa; difyr vil dei liksom løyna seg fraa oss og heimatter.
           
Tankjen med Tele-Laget er den: um det kunna lykkast aa faa sume av Godvetti fraa Telemarki til aa vera med oss her i Laget, dei vil kunna minna oss um Heimi, og dei heve altid havt Ord fyr aa vera gode Fylgjesveinar.
           
Naar ein heve ein god Heim, so kann ein nyste seg uppatter, um ein vil, og det er inkje so liti verdt. Nokon kvaar av oss kann vel alltid hava livt so lengje, at han kann hava kjennt, at det stundom vil leggja seg som ei kalle, myrke Skodd yve Livs-Moti vaart, og daa fara me Telar vel helst til Telemarki fyr aa faa det til aa lettna og blenkja upp atter. Me blande oss der med Ungdomen, helst ein Sundag, eller stelle oss paa ein nokot haage Nut i klaart og vermande Solskin og stille Luft.
           
Skogen glitrar og Lauvi i Liarne rører seg som dei gjyldte Blekkje i eit Brurela, Votne blenkjer og Aair og Bekkjir sige og ruslar avstad paa sin vanlege Vis, Gaangeljoi er det sama som fyrr. I Garanne er det stilt, berre ein og annan gjeng aa ser seg nøgde i Haustvoni, Unglyren her og der stend og smaarør og du kann stundom faa høyre ein hjarteleg god laatt. Langt burte høyrer du Juringar og Bjøllur. Meir enn eit vent Maalarstykkji bere du med deg, naar du gjenge ned atter. Dette og meir til kann ein nyste seg uppatter med fraa ein ven Heim og det kann gjeva deg Hug til Liv.
           
Den gamle Soga, sovidt eg veit, mæler inkje so mykje um Telar og Telemarki. Det var dei, som budde paa Flatbygdarne og utmed Havi, som kom mest ilag med den store og vide Heimen og, som me vita, so kom dei inkji til skamdar; men at Telefolket au i gamle Dagar heve livt eit sterkt Liv og eit rikt Liv baade i Tankji og Huglynni, det kann me sjaa av det, som der er funni og enno finnst av Sogur, Visur og Stev til Bati fyr heile Norig; og naar me so attaat dette merkjer oss det Liv, som no fyr Tide vekse til i Telemarki med Framstig paa alle Leider av Kar og Kvinna, so vil me her i Tele-Laget syne, at me inkje gløymer, men liver med Telemarki, og difyr drikke me den fyrste Skaali i Laget fyr Telemarki og ynskje, at Folkji der, Gamle og Unge maa hava den sama Gleda av oss, som me hava av deim.