Fraa Stortingstrevet.

Det var so vidt eg kunde sleppa inn med heile Lemer gjenom den ytste Dyri. So bar det til Sprangs uppgjenom Trapperne. Men daa var Trevet alt fullstappa med Folk. Kvende skal no vera med all Stad, der sat no dei i baate fyrste Rekkja, og det stod fullt av dei i den andre au trur eg. So var det for oss stakar Mannfolk aa mengja oss saman i den tredje. Eg vart klemt imot Plankeverket, men det var berre sovidt eg kunde halda Føterne fast mot Golvet, for det var slik ei Trykkjing og Trengsle, at eg hev inkje set Maken, eg tykte berre til kvar Stund, at eg skulde lyftast upp og hivast som ein Dott beint ned i Salen, for Yverkroppen var alt langt paa Leid komen millom Kvendi der framfyre meg, so dei var inkje godlaatne. Men ein maatte vera like sæl um, kor Yverkroppen sveiv helst, berre Føterne kunde sovidt halda seg fraa aa dingla etter.
           
Nedunder i Salen var det blanda Selskap idag. Hadde inkje Kvendi komet med der au! Uppimot Veggjerne og Glasi var det fullt av dei gildaste Droser, so det var heiltupp ei Syn. Der sat dei øvst og liksom hadde heile Stortinget i Fanget. Ja sume hadde vaaga seg heilt fram i Tingmanns-Benkjerne, so det sat jamsides Kar og Kvende.
           
Hadde det no her voret mange haarfagre Samsonar, tenkte eg, so kunde det voret den beste Von um ein god Utgang paa eit Statskaup. Men daa eg saag meg noko betre um, vart eg væl var mange sterke Karar og morske Fantar, men so vælklypte og raka var dei alle saman, so eg slo fraa med den Tanken straks. Det saag heller ut til, at det laut nok brukast baate Krut og Bly paa dei Hausarne, skulde ein faa dei til aa klomna.
           
Det er noko umstelt nedi Salen for Kongen; Præsidentplassen er det berre att ein Tram av, med 3-4 Stig rundom ikring, klædd med raudt Ty og der uppaa stend Kongsstolen. At Præsidenten er det Stol og Bord beint fram-fyri, so han sit med Andlitet mot Kongen.
           
Best det er, opnar dei Dørerne, og der kjem det ei Skreid sigande inn, Hoffolk, og Embættesmenn av alle Slag, fæle Ordens-Kultar, Ofiserar gylte baate framan og bak, med dei manglita Fjødrhattarne sine, Prestar med sine svarte side Kjolar og kvite Ringar um Halsen, tvo og tvo og ein og ein kjem dei tvert igjenom Salen og gjer ein djup Bøyg midt for Præsidenten, ja inkje alle daa, det er sume, som gjeng rake og keike og læst som dei inkje ser nokon Ting.
           
Rett for all den Drust og Dramb og Rikdom det daa maa finnast her lel tenkte eg, dei syner ingi Matmorskam desse Kararne, vælfødde og vælklædde syntest dei vera alle saman. Tru dei inkje maa verta skjelvande bondeflokken der, naar dei ser all denne Glansen, dei som berre hev set Embættsfolk ein for ein og det endaa berre so midels uppstelte og fjødra kanskje, men sjaa no heile glimande Horgi.
           
Eg kann inkje segja anna, enn at det gav som ein Kvekk i meg, men det var paa ein annan Maate.
           
Det heile minnte meg um gamle utgjengne Tider, som eg hev leset um i Romanar, det fylgde som noko gamalmannslegt og gubbelegt ved heile dette Fylgjet. Det saag blankt og pussa ut, men utan Liv og Verme og Flogvit.
           
Midt i denne glimande Skreidi kjem Kongen, lysande einsam som Soli i Stjerneflokken. Han gjeng upp og set seg paa Kongsstolen. So kjem det ein fram med Papir i Haandi, stig upp paa fyrste Stiget og flir de til Kongen med Bukking og Bøygjing, og hopar so attende. Kongen tek til aa lesa, han vert sitjande i Stolen. Det vart stillt i Salen og paa Trevet, alle lyder med Forventning.
           
Men dei fekk inkje stort, dei vart inkje klokare dei, som hadde høyrt detta, enn dei som heime sat. Det var som det inkje skulde noko meir hava hendt, enn at det kunde faa fremste Umrødur, at det var komen ein Prins til Verdi.
           
So reiste han seg Sverdrup.
           
Han er liten aa sjaa til, men han vart stor lel den Stundi. Han gjekk fram og tok djervt i:
           
I Fuldfølelsen, sagde han, af det Tillidshverv, der er os betroet, gaar vi, Folkets Representanter, til vor Gjerning i Forfatningens og Fremskridtets navn. Hvervet er vanskeligt, men vi haaber at vort Virke vil styrkes og heves ved vore store Formaal, Fedrelandets Vælfærd og Broderskab i Norden. Herfor paakalder vi Bistand af ham, der holder Kongernes og Folkenes Skjebne i sin Haand.
           
Gud bevare Kongen, Fedrelandet og Broderriget!
           
Det fylgde ein Søyd og ein Klem med dei Ordi, det var berre, so det gav eit Set burtgjenom all Vegen.
           
Kongen i Tala si, det var eg all Vegen det, og faae Menn var bakum. Sverdrup han tok i med vi Folkets Repræsentanter, det var baate Mann i Ordi og heile Folket i Ryggen der.
           
Etter gamalt skulde det vera so, at Kongen var Soli, som aatte baate Ljos og Vermen, men etter den Tokken, eg no fekk, tottest heile dette Kongs-stellet her berre som eiga eit bleikt Maaneskin; Ljoset og Vermen tottest vera paa ein annan Kant; det var det, som bar Sverdrup fram.
           
No tok Statsminister Kjerulf til aa lesa upp Beretning om Rigest Tilstand, men det var visst inkje mange, som høyrde etter.
           
Naar det so var gjort dette, tok dei til aa hava seg ut att.
           
Sidan, daa Sverdrup kom ned, stod ein stor Aalmuge forsamla, som tok imot honom med Fagnadrop. Sverdrup svarad til detta:
           
Jeg forstaar denne Henvendelse. Den gjelder Fedrelandets Heder og Fremtid, men om Fedrelandets Heder kan kun Folket værne, og dets Fremtid kan kun Folket selv bære. Til Folket maa vi ty, men det maa vi arbeide, med det maa vi kjempe, om det fornødiges, og med det skal vi og vil vi seire. Leve Folket!
           
Daa kom Politiet og sagde, at Folk laut ganga heimatt. Morgenbladet klagar jamvæl yver, at dei slo ein aat Marki, som ropa Leve Kongen.
                                              
b.