Fraa den amerikanske Politiken.

[Del 3 av 4. Første delen]
 
(Brev til Fedraheimen ifraa Amerika.)  
             
(Framhald.)
           
Det hev voret Menn, som hev freista faa Folket te aa skjera burt denne Utvokster, allt sia det tok te aa arta seg ille. Naar inkje Folket hev sett paa aa faa det gjort, kjem det mykje av, at det inkje hev lidet so stor Naud av det. Dei fleste Embætti vel Folket sjølv sine Menn til og hev sjølv Tilsyn med. Naar nokon driv Eigennytten for langt elder fær altfor ulikleg aat, vert han daa umogeleg i Politikken. Embætti maa ein inkje tru vert so reint vanstyrde, allvist inkje i seinare Tid; fyr ein lyt nok segja det, at Misbruki inkje aukast hjaa oss; og det er lett aa skyna fyr den, som er kjend med vaare Tilstand. Etterkvert som dei mange Folkeslagi arbeida seg ihop og gjera seg nye Logjer etter dei nye TIlhøve, vert Ordningi betre og betre.
           
Det er soleids inkje i det, at Embætti vert vanstyrde, Skaden helst ligg. Det er mest den politiske Moralen vaar, som tek Skade av det laake Systemet. No er den tyngste Tanken inkje den, at ei heiltupp demokratisk Forfatning, som vaar er, skal syna fram slike Lyte. Det er væl ingjen forstandig Statsmann, som trur, at ei Forfatning, um ho so kom ned fraa Himelen, skulde halda ute alle Misbruk, naar inkje Folkeaandi alltid er vaki og heldt Fridomstreet friskt ved stadig Rygt. Men det som helst vil døyva Motet hjaa fridomslynde Menn, som held av Demokratiet, det er den Tingen, at Folket vaart er so tungvinnt i Vendingi, so seigt aa dragast med; det tek so urimeleg lang Tid aa faa Folket med paa Forbetring og Umskaping. Det held so av sin gode Fred, av ein makleg Livemaate, at det inkje manner seg upp til aa gjera noko fyrr Misbruki hev fengje for djupe Røter. Det er ei forfælande Daudvigt, ein Samfunnsreformator hev aa dragast med i ein demokratisk Stat. Derattaat er vaart amerikanske Folk so fælt lite fyr aa gjera nokor Forandring i si Grunnlog. Det er imot det nye; det hev med den demokratiske Forfatningi, Fedrarne gav det, voret det lukkelegaste Folk, som nokortid hev havt ei Forfatning og det er meir enn varsamt med aa forbetra deira Verk. Det som Fedrarne vilde styra fritt fyr, naar dei sette fast, at Folkets Tenarar (Embættsmennerne) skulde veljast paa ei vis Tid, var det vælkjennde Europæiske Byrokratiet. Det hev daa og lukkast: denne Embættsmannsaandi, denne ervelege Embættsmannsklassen, som er so brydsam i Norig og andre av Europas Land, er me fri fyr. Men der er andre Faarur fyr Utskjemming av Embættsverket enn denne. Naar Folket vel sine eigne Tenarar, so var Meiningi den, at det daa skulde faa dei beste Menn til Embætti _ og so hev det fenget Levebraudspolitikarar, det vil segja, dei som eingong er i Embætte arbeidar fyr aa verta valde paanytt, og dei som er ut or Embætte arbeidar fyr aa koma inn ved nye Val. Naar Folket vel sine Tenarar fyr ei viss Tid, so var Meiningi den, at dei daa vilde leggja sitt beste Arbeid i Tenesta fyr daa vilde dei hava mest Von um aa faa Gjenval. Men Arbeidet hev vortet lagt paa Vali istadenfyr paa Tenesta. Soleids hev Systemet arta seg, det hev utvikla seg, me kunna mest segja, ifraa Staten tok til. Det er i fleire Aar der hev voret Samlag i mange Statar, som hev gjort seg til Fyremaal aa arbeida fyr Reform i denne Grein av Statsstellet. Det er duglege og fedralandskjære Menn, som trur paa Demokratiet og vil vigja det sitt beste Arbeid; som inkje trur, at denne Slags Politiken er ufraaskjiljande ifraa eitkvart Fristyre; og framfyr allt, Menn som inkje heldt seg for gode til aa arbeida som Demokratar, fyrdi um Folket er tungt og seigt aa faa fram.
           
I seinaste Tid er det ymse Vendingar, som hev letta desse Menn Arbeidet.                             
 
( Meir.)